hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Hyen - Hornindal 2-2

Hyen stilte til dagens kamp med tilnærma fullt mannskap. Geir Sigurd var tilbake på backen etter kjeveoperasjonen. I tillegg debutterte eikefjordingen Roy Arild Vågane. Hornindal på si side kom nok proppfulle av sjøvtillit etter å ha spelt fem kampar uten å avgje poeng. Men kampen skulle vise seg å bli både jamn og spennande. Ingen av laga klarte å tilrive seg spesielt overtak i første omgang. Likevel skulle bortelaget ta leiinga, og det på eit lite gunstig tidspunkt, målet rett før pause ga ikkje Hyen særlig med mulighet til å kvittere før dommaren bles til pause. Hyen hadde sine tilbod i omgangen, så med litt bedre avslutningsferdighetar kunne resultatet sett annleis ut til pause. Første omgang er nok det beste Hyen har vist i år, i alle fall med tanke på motsanden dei hadde.

Men det var fortsatt ein omgang att av kampen, og hyarane hadde ikkje gjett opp. Sjølv om laget kanskje ikkje produserte so mykje sjansar, so var dei meir effektive i andre omgang. Etter 65 min fekk Roger eit oppspel, han vendte opp og skar inn langs 16 meter. Han slo ballen til Åsmund som kjapt spelte Geir Kjetil gjennom. Han nølte ikkje med å banke ballen inn bak Hornidal – målvakta. Hyen øyna no sjansen til siger. Kai Arne vart sett inn på venstrekanten og det skulle vise seg å vere smart. For han brukte ikkje lang tid før han sette ballen i mål. Eit spesielt mål må seiast. Frispark fra fem meter bak midtbana. Kaien var ikkje verre på det enn at han klinka te. Ballen gjekk høgt og langt, og jau traff han ikkje mål. Keeper hadde tatt siesta tydleg vis, og vips; Hyen i leiinga mot serieleiaren. Men kampen var ikkje over med dette. Som so ofte før vart dei kvite og blå slitne ut over. Og dette førte til at Honndalen tok over kampen. Men det skulle dryge før dei skapte særlig med sjansar. Faktisk viste klokka 88 min før dei fekk si utligning. Surt for Hyen som nok en gong tapar poeng på slutten. Men vi tok poeng mot serieleiaren. Og det er tross alt meget bra!

PS!     Berre so det er sagt so kjem Hyen til å få trøbbel når dei skal gjeste Hornindal. En særdeles missfornøgd honndalen-trenar hevda at vi skulle tape 60-0 der inne.. Det skal vi klare kara! Å unngå altså.. J

Når det er sagt så hadde godeste coach- Grodås på Honndalen fleire gullegg på lager.. Han presterte i kampens hete å beskylde vår nr. 16 (Åsmund) for å vere ein grisespelar. Han ga dommar sine klarde innstruksar om å gje han gult kort for det stygge spelet… Ja det var Åsmund som var nr. 16. Grisespelar? Hehe.. Må vere en dyktig trenar so klara å sjå sånt..

Kampfakta:
                      0-1
                      1-1 Geir Kjetil 
                      2-1 Kai Arne
                      2-2

Hyen stilte med følgande mannskap:
Øyvind Magnus, Geir Sigurd, Geir, Kjartan, Jon Bjarne, Hans Otto, Geir Kjetil, Åsmund, Ola Alexander, Roy Arild, Roger
Reserva: Kai Arne, Ola Hening, Jens Robert, Tore Christian

 

 


Neste kamp:
14. august 19:00
Hyen - Eikefjord2


Siste kamp:
19. juni 19:00
Hyen - Førde4 2-1