|
Hyen var klare for å starte sesongen når Gaular2 kom på besø
|
 |
Dagens Hyen-stjerne: Hans Otto Holme |
 |

Foto: hyenfotball.com Kjempa hardt og godt som midtbaneanker i det som vart ein kamp med mykje duellar på midtbana! Holme vann dei fleste av disse og blir fortent kåra for "dagens Hyen-stjerne" for første gong!
| k fredag kveld. Etter 2-0-1 og 13-5 i målforskjell på 3 treningskampar, var det på tide å vise seg fram på grusen heime i Hyen. 40 stk var møtt opp for å få med seg kampen, deriblant eit par Sandane 2-spelarar. Veret var glimrande, og alt låg til rette for ein god fotballkamp.

Hyen starta kampen med å presse Gaular 2 høgt. Etter 3 minutt førte presset til eit innkast frå venstre. Anders Klungre fekk etter kvart lagt ballen til Jens Robert Hope, som knuste til med eit bananskudd frå 20 meter! Ballen for i ei fin bue over Gaular 2-keeperen og i mål, heilt oppe ved tverrliggjaren! Ein pangstart for Hyen!
Etter scoringa kom Gaular 2 litt meir med, men det var likevel Hyen som hadde dei største sjansane i 1. omgang. Etter 15 minutt spelt fekk Anders Klungre lurt på seg 2 mann og sendt ballen vidare til Jens Robert Hope. Han fekk god tid på 15 meter og avslutta, men skotet gjekk like utanfor målet til Gaular 2. Ein kjempesjanse!

Nokre få minutt seinare fekk Åsmund Ommedal ballen like utanfor 16-meteren og fyrte til med venstra. Ballen gjekk på yttersida av stolpen og ut! Dette var ein smule symptomatisk for Hyen i 1. omgangen. Sjansane var der, men millimetarane var ikkje på deira side. Anders Ommedal og Ørjan Gjesdal la gode cornerar på bakerste stolpe i 1. omgang. Ein av dei snitta hårtustane til Tommy Folkestad. Hadde han treft den, hadde det blitt mål. Øyvind Larsen var omtrent like nær ved å få hovudet på ein liknande corner, men skubba i staden ballen i mål med henda, og målet vart korrekt annulert.
Gaular 2 var farleg frampå nokre gongar. Blant anna hadde dei eit godt skot frå 20 meter som gjekk 1 meter over Even Hallems kryss. Likevel sat hyarane att i pausen med ein følelse av at dette var ein omgang der dei kunne ha punktert kampen!

2. omgang vart ein omgang med mykje poling og lange ballar, og veldig lite finspel. Det gynga voldsomt fram og tilbake. Hyens midtbane anført av Hans Otto Holme vann mange duellar, og forsvaret hadde og ein god dag og hindra Gaular 2 frå å komme til dei altfor store sjansane. Ein ser at Hyens forsvar har blitt betre med Øyvind Magnus Solheim i dei bakre rekkjer. Han er solid i duellane og gjev alt.
Hyen var ikkje fornøgd med 1-0, men dei klarte ikkje å få hol på byllen, og hadde heller ikkje like store sjansar som i 1. omgang. Jens Robert Hope, Anders Klungre og Åsmund Ommedal fekk nokre sjansar, men ingen av dei var gode nok til å setje 2-0.

Etter 35 minutt av 2. omgang var ein Hye-spelar uheldig og handsa på 16-meterstreken, og dagens gode dommar blåste straffe! Etter å ha brukt eit halvt minutt på å leggje på plass ballen (vinden ville ikkje at ballen skulle ligge der), sendte Gaular 2-kapteinen ballen litt til høgre. Even slengte seg riktig veg, men returen satte den same kapteinen i mål! 1-1, og ti minutt igjen å spele!
No skulle polinga nå nye høgder. Spesielt Gaular 2 var svært interessert i å måke ballen fram. Hyen kom til nokre få sjansar, men kampen ebba ut med uavgjort. Alt i alt hadde Hyen fortjent å vinne kampen, men når marginane ikkje var på rett side, vart det 1-1. Gaular 2 framstod omtrent som forventa og blir ei hard nøtt å knekke på bortebane!

Ola Andreas Ommedal og David Rygg fekk sine debutar som hyenspelarar i dag, og dei gjorde ein god innsats begge to. Gaular 2 fekk 2 gule kort for vekksparking av ballen og ei felling på Ørjan Gjesdal. Hyen fekk eit gult kort for å ha på seg smykke.
Neste kamp for Hyen er ikkje før om to veker, nærmare bestemt fredag 8. mai når det er klart for lokaloppgjer mot Sandane2 på bortebane. Grunnen til at det er så lenge til er fordi Gaular-kampen blei flytt fram frå tirsdag 28. april, men kampen mot STIL2 er flytta frå opprinnelege 5. mai!

P.S - Laget som Hyen slo 7-0 i siste treningskamp før sesongen Haugen, vann fredag kveld heile 16-0 mot Veten/Hardbagg!! Korleis dette er muleg er vanskeleg å forstå, men det kan nok tyde på at årets utgåve av Veten/Hardbagg er eit av dei dårlegast fotball-herrelaga i Sogn og Fjordane gjennom tidene! Haugen spelar Kay Rune Solheim scora ekte hat-rick på 5 minutt og firlikk på 11 minutt!!

|

|
Tabell 6. divisjon avdeling 2 |

|
|
|
Lag |
Kampar |
Vunne |
Uavgjort |
Tap |
Mål |
Poeng |
|
1 |
Hyllestad |
1 |
1 |
0 |
0 |
3 |
1 |
3 |
|
2 |
Gaular2 |
1 |
0 |
1 |
0 |
1 |
1 |
1 |
|
3 |
Hyen |
1 |
0 |
1 |
0 |
1 |
1 |
1 |
|
4 |
Sandane2 |
0 |
0 |
0 |
0 |
| |