hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Hyen - Gaular2 4-2


Hyen spelte tirsdag årets andre heimekamp for sesongen, og endeleg vart det 3 nye poeng på hyarane. Heimelaget hadde mange fråfall til denne kampen, men likevell hadde ein godt nok lag til å slå gaularværingane.  Hyen var klart best og sigeren kunne nok vært større om ein blant anna hadde fått eit par fortente straffer! Stillinga til pause var 1-0.
 
Publisert 3. juni 2008.

 

Dagens HIL-stjerne: Roger Nordal

Foto: hyenfotball.com
Nordal skulle eigentleg stå i mål i dag, men heldigvis for Hyen slapp han det, og då verta han opp med 2 mål!

Pga. diverse forfall stilte Hyen med berre 12 spelarar til denne kampen, der den einaste reserven, Olav Klungre, sa han ikkje var gira på å spele dersom det ikkje blei skade på Hyen. Det skjedde heldigvis ikkje. Hyen, som vanleg i blått på heimebane, mot eit svartkledd Gaular2, var fast bestemt på å snu trenden med 3 strake tap. Banemannskapet hadde vatna bana, og det var overskya, så det var bortimot perfekte speleforhold på Hyen sentralidrettsanlegg.

Gaular2 starta kampen friskt, anført av ein høg spelar i forsvar som vann alle duellane mot Roger Nordal i byrjinga av kampen. Bortelaget vann dei fleste duellane og virka tente for å få ein bortesiger. Hyen var tålmodige til å begynne med, og skapte ikkje så veldig mykje. Etter kvart utover i 1. omgang flytta Gaular2 forsvarskjempa si opp i angrep, og då vart det enklare for Hyen-angriparane.
 
 
Det var likevel i det heile tatt få sjansar den første halvtimen. Gaular2 fekk eit frispark i farleg posisjon, like utanfor 16-meteren, heilt nede ved dødlinja, men det vart ikkje noko farleg ut av. Anders Klungre hadde ein god dag, og kom ved eit tidspunkt lett gjennom på venstrekanten og ned til dødlinja på 10 meter, men det som skulle vere eit enkelt innlegg til Åsmund Ommedal vart for dårleg, og sjølv om Gaular2 nesten klarte å fomle ballen over målstreken, vart det ikkje mål.
 
Anders Ommedal hadde mange offensive løp i denne kampen, og eit av dei vart ein stor sjanse då Roger Nordal og nemnte Ommedal kombinerte på eit eller anna rart vis føre mål og Ommedal fekk to sjansar til å score, men keeper gjorde ein god jobb. Keeperen til Gaular 2 hadde nokre dårlege utspel. Eit av dei fekk Nordal tak i, og skotet hans var berre ein halvmeter for høgt då keeper kom rusande ut. 
 
Nordal skulle imidlertid lukkast like etter at halvtimen var spelt, då Andreas M. Kvalheim fekk ei god pasning frå Åsmund Ommedal ut på høgrekanten. Han la inn, men beklagde seg til Nordal, for innlegget var for dårleg. Nordal derimot, gav ikkje opp, keeper var litt passiv, og Nordal fekk vippa ballen over han og i mål. 1-0 til heimelaget, noko som også var pauseresultatet.
 
 
2. omgang starta forrykande for Hyen sin del. Etter eit kvarter kunne det gjerne ha stått 5-0. Først fekk Anders Klungre eit flott gjennomspel i midten, og under press avslutta han i tverrliggjaren. Berre eit par minutt etterpå vart det likevel mål for Klungre, då Åsmund Ommedal stussa eit innkast frå høgre perfekt vidare, og Klungre kunne setje ballen i mål i næraste hjørne frå ca. 15 meter. 2-0!
 
Like etterpå tråkla Anders Klungre seg gjennom på høgrekanten etter eit langt oppspel, kom seg ned til dødlinja og innover, og la inn i midten til Roger Nordal som fekk uvanleg god tid på 7 meter og sette ballen i mål. 3-0, og no såg det for alvor ut til at Hyen ville få ein siger med store siffer!
 
 
Nokre minutt seinare reduserte Gaular 2, då deira nr. 14 kom litt for lett gjennom og fekk avslutta. Ein svartkledd ropa at dei no ville ta att 0-3 slik som dei gjorde mot Florø 3 i forrige kamp, men dei fekk ikkje mange sjansar utover i kampen. Eit av få unntak var 10 minutt før slutt, då dei først fekk ei avslutning i stolpen, og returen sette dei i mål! 3-2!
 
Heldigvis vart poenga att i Hyen, og det var høgst fortent. Og det var ingen tvil då Ørjan Gjesdal sette inn 4-2 nokre få minutt før slutt, etter at han og Roger Nordal hadde kriga til seg ballen inne i boksen til Gaular 2. Det var sigersmålet, og det smakte veldig godt!
 
 
Forsvaret til Hyen hadde ein god kamp, og hadde få problem med spissane til Gaular 2. I angrep herja Hyen til tider med Gaular2-forsvaret. Ørjan Gjesdal fekk blant anna vist fram nokre tunnelar. Eit par gongar måtte også forsvaret deira bruke tvilsomme midlar for å stoppe Roger Nordal, og det var fleire situasjonar der det ikkje hadde vore noko å seie på om dommaren hadde blese straffe til Hyen. Dessutan var Karl Erik Holme veldig nære å score då han kom fint gjennom berre sekundar før slutt. Likevel vart det 4-2, og Hyen er å rekne med framover! 

Resultat 5. serierunde 6. div. avd. 2:
Florø3 - Tambarskjelvar 8-1 - Ref. FSKRef. Tambar
Askvoll/Holmedal2 - Sandane2 1-1 - Ref. Ahil - Ref. STIL

Bilde frå kampen
Film frå kampen
Referat frå Gaular si heimeside

Kampfakta:

6. divisjon avd. 2
Runde 5

Hyen - Gaular2

  4-2 (1-0) 

Mål:
 1-0 34. min Roger Nordal (Andreas K. Morken)
 2-0 50. min Anders Klungre (Åsmund Ommedal)
 3-0 56. min Roger Nordal (Anders Klungre)
 3-1 62. min Gaular2
 3-2 81. min Gaular2
 4-2 87. min Ørjan Gjesdal


Arena: Hyen sentralidrettsanlegg
Tilskodarar: 30
Kampstart: tirsdag 3. juni 2008, kl. 19:00
Dommar : Sureskumar Kathiravel (Eid)
Gule kort:  Andreas K. Morken

Hyens beste:

Roger Nordal

Anders Klungre

Åsmund Ommedal

Hyen: (4-5-1)
Even Hallem; Anders Ommedal, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Håkon Solheim; Karl Erik Holme, Anders Klungre, Åsmund Ommedal, Ørjan Gjesdal, Andreas M. Kvalheim; Roger Nordal.

Benken: Olav Klungre.

Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no