|
|
Dagens HIL-stjerne: Frank Holme
.jpg-for-web-normal.jpg) Foto: hyenfotball.com Dagens HIL-stjerne gjekk til Frank Holme. Det var ikkje berre i høgda han var stor i denne kampen. Blant anna hans innbytte i 2. omgang førte til at Hyen fekk pressa langt høgare oppe. Holme vart soleis ein meget viktig første forsvar. Han avslutta også ein god kamp med å bli matchvinner og Hyens store helt då han var HØGT oppe og heada inn den avgjerande scoringa. |
Det vart nok ein spennande kamp på grusbana i Hyen. Førde4 opna klart best, og det virka som Hyenspelarane ikkje var klar for kamp då dommaren blåste i gang kampen. Førde4 kom allereie til ein stor sjanse etter berre 90 sekund spelt. Og dei gav seg ikkje med dette! Like etter fekk Førde4 corner. Den resulterte i ei god heading og berre ei glimrande redning av Øyvind Magnus Solheim hindra Førde4 å ta ei tidleg leiing. Hyen fekk seg altså litt å tenke på med ein gong, men so var det det å gjere noko med det då!? Førde4 fortsette å skape store sjansar og i det 4. minutt smal ballen i stolpen etter eit godt langskudd. Like etter skulle Førde4 få si fortente leiing. Førdes nummer 14 Øyviind Hellenes fekk ballen på ca. 18 meters hald og skrudde ballen ellegant i krysset. Ei kjempescoring av den unge førdespelaren.
Det unge førdelaget som kun bestod av 16 og 17 åringar (pluss ein 40-åring på benken) fortsette å spele bra fotball. I motsetning til Hyen fekk dei ned ballen og sentra fint seg imellom. Hyen skulle etterkvert og få ein sjanse. Etter 9 minutt fekk Hyen innkast ute på venstre sida. Øyvind Larsen kasta ballen langt inn, deretter vart den heada ut i returrommet til Hans Otto Holme som fekk fyrt av eit bra skudd som uheldigvis gjekk like over mål. Men til tross for dette så var Førde4 det klart beste laget i starten og etter 10 minutt spel kunne dei fort leda med 3-4 mål!
.jpg) Laga klare til kamp! Det same kan vell ikkje seiast om publikum!
Dei neste minutta fekk laga kver sin gode sjanse. Først var det Førde som hadde eit skot som gjekk like utanfor. Deretter fekk Hyen ein bra sjanse. Heimelaget fekk frispark på venstresida omlag 30 meter frå mål. Roger Nordal slo eit fint innlegg, men headinga til Øyvind Larsen gjekk desverre like utanfor! Etter dette roa kampen seg ein del og dei store sjansane uteblei. Likevel var det Førde4 som forsette å dominere omgangen, og at deu gjekk til pause på med 0-1 var fullt fortent.
.jpg) Dei unge førdespelarane vann veldig mange duellar i første omgang!
Andre omgang vart ein heilt anna fotballkamp. Hyen gjorde eit par bytter i pausa. Blant anna vart Geir Sigurd Vatnamo flytta opp som defensiv midtbane og den gode duelspelaren gjorde sitt til at Hyen no begynte å vinne ballen på midtbana. Dette resulterte og i at heimelaget fekk flytta laget høgare og soleis også begynte å produsere sjansar. Likevel utnytta ein dei overgangane ein fekk svært dårleg. Når ein vann ballen endte nesten kver gang med ein lang poleball opp mot ein einsleg Roger Nordal på topp. Disse ballen er sjølvsagt veldig vanskelege å få kontroll på, men Nordal gjorde her ein meget god jobb. Likevel resulterte pumpinga ikkje til nokon spesielle sjansar, mål vart det i alle fall ikkje. Det var først når ein for ein gongs skuld prøvde på litt spel frå forsvaret og opp at reduseringa skulle komme. Angrepet starta nede på høgresida, vidare opp til Roger Nordal som fekk vinkla fint ut til Anders Ommedal som kom fint i gjennom på kanten. Han slo eit glimrande "innlegg" som gjekk rett i mål bak ein littt forvirra førdekeeper. Ommedals første offisielle mål for Hyen!
.jpg)
Hyarane forsette den gode kjempinga, og vann nesten samtlege duellar. Dette førte etterkvert også til at frustrasjonen breia seg blant Førde4. Resultatet av dette vart mange etterslenga og ufine kommentarar frå dei unge spelarane på bortelaget. Men staute hyarar lot seg ikkje provosere av dette og fokuserte heller på å prøve å få vinnarmålet. Utover i omgangen kom Hyen ofte nær mål, men veldig mange passningar fram mot spissane vart akkurat litt for lange, og førdes keeper kunne gong på gong snappe ballen i siste liten. Men vinnarmålet skulle komme. Etter litt fram og tilbake foran Førdemålet fauk ballen opp i lufta. Der kom Frank Holme i eit svært spenstig hopp og fekk styrt ballen inn like under tverrligeren. Dermed leiing til heimelaget, og det fullt fortent. No vart Førde4 berre meir og meir sure. Det skulle også resultere i eit rødt kort! Mats Henrik Solheim som nesten nettopp var komt inn lagde eit firspark ute på sida, uten på nokon måte å gjere noko stygt, men det var tydeligvis nok for å få begeret til ein hissig førdianar til å renne over! Førdespelaren regelrett sparka "Matsen" i bakken. Totalt idiotisk! Dagens meget dommar nølte ikkje og sendte "radden" rett i dusjen. Fullt fortent. "Matsen" fekk seg en smel og måtte etterkvert også bli bytta ut.
.jpg)
Mats Henrik Solheim vart måka ned av ein hissig førdianar!
Til tross for tumultane på slutten heldt Hyen roen, og Førde4 klarte aldri å skape noko farleg dei siste minutta. Hyen derimot hadde eit par store sjansar, men ein tok heller ikkje unødvendige sjansar ved å flytte opp for mykje folk. 7 minutt på overtid blåste dagens dommar Ragnar Åmot av. Han dømte ein meget god kamp, og det var også lik dømming begge vegar. Nokre små feil her og der, men noko anna er heller ikkje å forvente!
.jpg)
Hyen tok altså ein ny heimesiger, og dette var 3 meget viktige poeng! Tap her hadde mest sannsynleg betydd ein svært vanskeleg kamp om opprykk, men no er ein for fullt med igjen! Dagens resultat betyr at Hyen ligg på sikker opprykksplass, og berre er eit poeng bak serieleiar Vikane. Fredag møtest Breim og Jølster2, men uansett resultat her, så vil det framleis kun være eit poeng opp til opprykksplass for Hyen. Med andre ord: Ein går ein svært spennande haustsesong i møte. Hyens første kamp er 14. august, og då er det Eikefjord2 som skal får smake hyegrusen!
Resultat 7. serierunde 6. div. avd. 3: Breim - Jølster2 (fredag 22. juni) Anga - Eikefjord2 3-2
Bilde frå kampen Referat frå Førde si heimeside
Kampfakta:
6. divisjon avd. 3 Runde 7 Hyen - Førde4
2-1 (0-1) 
Mål:
0-1 06. min Øyvind Hellenes
1-1 62. min Anders Ommedal (Roger Nordal)
2-1 74. min Frank Holme
Arena: Hyen sentralidrettsanlegg Tilskodarar: 40 Kampstart: tirsdag 19. juni 2007, kl. 19:00
Dommar : Ragnar Åmot (Jølster)  Rødt kort : Vincent Aardalsbakke Førde4. Gule kort : Eit til Førde4
: Frank Holme : Øyvind Larsen : Roger Nordal |