|
Dagens HIL-stjerne: Ola Henning Ommedal
 Foto: hyenfotball.com Ommedal hadde inga lett oppgåve då han skulle stoppe avdelingas toppscorar Dani Brandsøy, men Ommedal spelte ein god kamp og var med på å hindre eit større tap! |
Det var heimelaget som starta kampen best, og tok tak rett frå avspark. Florø3 vart pressa tilbake, men Hyen kom aldri til dei store sjansane til tross for at det var dei som hadde ballen mest i starten. Men sakte og sikkert tok Florø3 meir over, og viste også at dei var farlegare når dei kom i angrep. Etter berre 11 minutt skulle også Florø3 ta leiinga etter at eit bra skudd frå bortelagets nummer 9 gjekk i mål heilt inne ved stolpen bak ein sjanselaus hye-keeper.
Hyen ga likevel på ingen måte opp etter ein tidleg kalddusj, og fortsette å gje serieleiaren god kamp. Problemet til heimelaget var at ein aldri kom til dei heilt store sjansane noko som ein konsekvens av at ein aldri fekk til noko særleg spel. Blei som så ofte før altfor mykje "poling" frå forsvaret og rett fram der store FSK3 forsvarar rydda opp i det meste. Det var mykje rom langs kantane og dei to wingbackane til heimelaget vart alt for dårleg utnytta i denne kampen.

Det farlegaste hyarane hadde å by på i første omgang var ei rekke frispark frå rundt 25-30 meter. Stort sett enda disse med innlegg, men enten vart dei for dårleg slått eller så klarte ikkje heimelaget sine spelarar å få dunka ballen i nettet. Florø3 spelte ikkje noko god første omgang dei heller, og kom sjeldan til dei helt store sjansane. Mykje av æra for dette skal Hyens tre midtstoppera i kampen ha æra for, men også Roger Nordal i mål hadde nokre viktige redninga. Det spørst nok om ikkje bortelaget skulle hatt straffe på slutten av omgangen, men som så ofte i denne kampen så lot dommaren være å sjå handsen inne i feltet. Dermed gjekk laget til pause med 0-1 etter ein omgang prega av mange duellar og lite finspel.

I Hyens kampar i år så har det vært ein klar tendens at laget har hatt ein spele/scorings messig topp etter pause (sjå graf under) og det var derfor naturleg nok optimisme blant hyarane når dei gjekk på bana til andre omgang. Florø3 hadde vore langt frå so god som frykta i første omgang og håpet om at det kunne bli poeng mot serieleiaren frå vest vart absolutt tilstade.

Når kjem måla i Hyens kampar?
Andre omgang vart spelemessig litt betre frå begge lag, men også denne omgangen var prega av kjemping og mange duellar. Den store forskjellen på laga var at Florø3 til tider spelte fotball, mens Hyen stort sett sparka! Nok ein gong hadde heimelaget sin største sjansar på døballar, mens bortelaget var mest farlege på kontringar.
Hyen kom til ein del store sjansar, og hadde fortent å fått mål i denne kampen. Blant anna vart det stort sett farleg på alle Hyen sine cornera. Florø3 sleit med å få avklart, og veldig ofte spratt ballen litt fram og tilbake inne i Florø3 sitt felt, men ingen Hyen spelarar klarte å få eit skikkelig spark på ballen, og omdiser fekk bortelaget måka vekk. Både Åsmund Ommedal og Geir Kjetil Aa Hope hadde store sjansar i disse situasjonane, men den kanskje farlegaste sjansen til Hyen kom då Anders Ommedal la fint ned til Ola Alexander Lilloe-Olsen på 16 meteren, men skuddet gjekk desverre midt på mål og ein god Florø3 keeper fekk så vidt fista ballen over til corner.

Det var altså Hyen som stort sett pressa mest og flytta opp mykje folk, men dette førte også til farlege kontringar for Florø3. Blant anna kom venstrekanten deira heilt igjennom ein gong, men på eit merkeleg viss klarte han å sette ballen 5 meter tilside for mål. Dette til stor irritasjon blant Florø3 si forsvarsrekke, som meinte at han var det berre å få ut!
Florø3 skulle likevel til slutt få mål. Ei utspark frå Hyens keeper opp mot venstresida kom i tidlegaste laget på medspelarar med ryggen til noko som resulterte i at ein motstandar snappa ballen, sette fart framover, og dunka ballen i nettet i nærmaste hjørnet. Litt kjedeleg mål å få i mot ti minutt før slutt!
Etter dette gjekk nok lufta ut av dei på Hyen som enda hadde luft igjen, og Florø3 la også om til ein meir defensiv formajson. Dette førte til at ingen av laga kom til nokre fleire store sjansar og kampen ebba ut med 0-2 til bruntrøyene.

At Florø3 vann kampen var fortent. Dei imponerte ikkje, men når det er sagt så er det ikkje lett å få til noko bra spel på grusen i Hyen, og det å imponere er vell enkelt og greit umulig! Likevell viste laget til tider ein del bra spel. Spesielt når dei kom i angrep og fekk diagonale løp frå sidene blei det ofte problem for Hyen-forsvaret.
Heimelaget gjorde det som så ofte før veldig vankseleg for seg sjølv. Gjennom heile kampen stressa ein altfor masse når ein hadde ball, og istadenfor å roe litt ned blei ballen måka framover utan noko mål og meining. Her har laget mykje å forbetre i neste kamp. Dei gongane ein skapte noko farleg var når ballen blei spelt ut på kant, og med wingbackar er det et stort potensiale i å få brukt disse skikkelig.

Dommaren var det ikkje mange av spelarar som var fornøgd med. Begge laga kunne fort fått et par straffer, ein del situasjonar burde gitt gule kort og det var generelt ein del som vart dømt feil. Men før ein slaktar dommaren, skal ein og huske at dette ikkje var noko veldig lett kamp å dømme. Var mange tette duellar og spelarar som heile tida kjefta og klagde på det han gjorde. Men det er klart at når han no dømte Hyen for 4 gong på dei siste 5 kampane så kan det jo være at det kjem til eit metningspunkt. Så vær så snill SFFK, gje oss Rolf Kåre Allmenning snart!!!
Florø3 virka å være eit lag med stort sett greie folk, men enkelte av dei kan med fordel bruke litt meir energi på å spele fotball istadenfor å syte og klage over ein kver situasjon.

Geir Sigurd Vatnamo fekk før kampen mot Florø3 overrekt beviset på
50 spelte kampar for Hyen. Vatnamo var i 2007 Hyens klart beste
spelar og vi gratulerer han med dei 50!