Hyen spelte 26. august heimekamp mot Askvoll/Holmedal2. Etter ein svært dårleg kamp av heimelaget enda det med poengdeling og 1-1. (Les meir om kampen her!) Før kampen skreiv hyenfotball.com at Ahil2 spelar Frode Hovden måtte sone karantene. Sitat frå prematchen: "Frode Hovden kan ikkje spele denne kampen ettersom han sonar karantene etter å ha fått sitt tredje gule for sesongen borte mot Sandane2 sist."Før kampen sende vi også ein mail til Ahil2 sin lagleiar Kristoffer Helle der vi orienterte om supensjonen.
Under kampen merka vi oss at namne Frode blei ropt stadig hos bortelaget sine spelar derfor var det naturleg å sjekke etter kampen om Frode Hovden faktisk var med på kampen. Etter ein rask sjekk på dommarkortet viste dette seg å stemme. Hyen ga då beskjed om dette til Ahil2 sine lagleiar/trenar under denne kampen (Erling Endestad). Han nekta då for at dette stemte og hevda at Frode Hovden ikkje ein gong hadde vore med i kampen mot Sandane2 då det supensjonutløysande kortet skulle ha kome. Dette virka for oss ein smule merkeleg, men ettersom vi ikkje hadde noko anna å forholde oss til enn det som stod på Speaker valde Hyen å ikkje levere noko protest like etter kampen til dommar Ragnar Åmot.

(illustrasjonsfoto!)
Etter at Hyen sine lagleiarar også fekk sjekka opp at det stod på Speaker at Frode Hovden skulle ha sona bestemte laget seg for å ta kontakt med kretsen. Etter å ha tipsa kretsen om saka fekk Hyen svar om at ein då måtte betale 500 kroner i protestgebyr!! Det gjorde jo at Hyen ikkje var særleg lystne på å levere inn protest, ettersom det viktige i denne saka var prinsippet og ikkje det at ein på nokon måtte hadde så jækla lyst på alle tre poenga!
Dagen etter fekk Hyen ny melding frå kretsen om at desse 500,- vart tilbakebetalt om protesten vart teke til følgje. Etter konferering med leiar i fotballgruppa vart det då bestemt at pengane skulle betalast inn og Hyen hadde altså levert protest.
Kretsen har no behandla klagen, og utfallet vart at kampresultatet vert sett til 0-0 og Hyen får 3 poeng. Askvoll/Holmedal må og betale ei bot på 3000 kr. Dei kan anke til NFF innen 3 daga, men må då betale eit ankgebyr på 2500 kr!
Dagen etter at Hyen hadde levert protesten fekk hyenfotball.com svar frå lagleiar til Ahil2(Kristoffer Helle), der han la seg flat og beklagde det som hadde skjedd. Dette var då uansett for seint, og hadde det same skjedd rett etter kampen hadde nok Hyen aldri levert noko protest. Ahil2 kan takke seg sjølv for at protesten var levert inn pga. den arrogante holdninga dei viste då dei vart gjort oppmerksom på dette rett etter kampslutt.
Dette er sjølvsagt ingen kjekk situasjon for nokon av laga, og for Hyen sin del så er det jo ikkje noko ønskje at andre klubbar skal få bøter. Likevel var denne bota svært fortent, og det ikkje berre på bakgrunn av denne saka. Faktisk brukte Ahil2 ein ikkje speleberettiga spelar også i kampen mot Sandane2 19. august ettersom laget lagleiar(!) Kristoffer Helle skulle ha sona karantene for tre gule kort då. Så eigentleg skulle Ahil2 fått ei bot på 6000! I tileggg til dette så har nok Askvoll/Holmedal ett og anna å hente når det kjem til disiplin. Iløpet av sesongen har laget fått heile 6 røde og 19 gule kort!
På bakgrunn av denne saka ser no tabellen i 6. divisjon avdeling 2 slik ut når det gjenstår ei serierunde:
|
Plass |
Lag |
Kampar |
Vunne |
Uavgjort |
Tap |
Mål |
Poeng |
|
1 |
Tambarskjelvar |
14 |
10 |
1 |
3 |
52 |
28 |
31 |
|
2 |
Florø3 |
13 |
8 |
3 |
2 |
50 |
27 |
27 |
|
3 |
Sandane2 |
14 |
7 |
2 |
5 |
41 |
32 |
23 |
|
4 |
Hyen |
14 |
5 |
1 |
8 |
29 |
41 |
16 |
|
5 |
Askvoll/Holmedal2 |
13 |
3 |
3 |
7 |
15 |
37 |
12 |
|
6 |
Gaular2 |
14 |
2 |
2 |
10 |
27 |
49 |
8 |