hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum


Vikane neste....


Til tross for at hjortejakta er starta så fortsett fotballsesongen også i 6. divisjon avdeling 3. Tirsdag reiser Hyen til Innvik for å møte opprykkskandidaten Vikane. Innvik stadion er aldri nokon let plass å reise frå med 3 poeng, og det er nok tilfelle også i år. 

Publisert 10. september 2007.


Etter at Hyen gjekk sigrade ut av lokaloppgjeret mot Breim forrige fredag lever for alvor opprykksdraumen for dei trauste hyarane. Kampen mot Breim var på ingen måte det beste ein har prestert i år, men når Breim ikkje hadde meir å by på, var det heller ikkje meir så skulle til for å sende dei tilbake til meiribygda med 0-3 i sekken.

Heime statistikken til Hyen brukar å være god, men i år er den fullstendig upåklagelig. Til no har ein tatt 12 av 12 poeng, og målforskjellen viser 12-2. Borte er Hyen ofte eit anna lag. I år er fasiten der 6 av 12 poeng, noko som er på linje med det som har vært tilfelle tidligare år. Begge kampane som er vunne er spelt på kunstgras medan begge tapa har kome på grasbaner. Kvifor det er slik er det vell ikkje noko eksakt grunn for, men at underlaget ofte blir uvant kan nok være ein av hovedgrunnane. Underlaget gjer ofte at kampane blir veldig forskjellige. På grusbana i Hyen er det stort sett duellar og lange ballar det går i, medan det på kunstgras blir meir fin fotball med pasningar og meir kontroll over spelet. 

Noko eksakt fasit for korleis kampar på gras utartar seg har vi ikkje noko godt svar, men realiteten er at dette er eit underlag som tappar meir på kreftene, og at Hyen sjeldan gjer det veldig bra på dette underlaget. 

Kampen i Innvik går på gras, og dette blir ei utfording for Hyen. Når det med stor sannsynligvis og blir vått gras og (i kjent Innvik stadion stil) kanskje litt høgt gras, ja då blir det mange omstillingar å ta for Hyen spelarane. Men dei fleste spelarane har etterkvert spelt mange kampar på gras, og dersom det skulle bli 5. divisjon i 2008, så er dette kun ein forsmak på kva som ventar. Så dette må ein etterkvert klare om ein vil eller ikkje.

Vikane skremte dei fleste laga før sesongen då rykta spredde seg om at stryningane hadde henta mange spelarar frå det nedlagte Loen laget. Sesong innleiinga var også imponerande. På dei 4 første kampane vart det full pott og tabelltopp, men så reiste dei til Hyen og då vart det stopp. På dei neste 4 kampane tok dei kun magre et fattig poeng. Men etter ein dårleg periode kom Vikane seg, og no står dei med 3 strake sigrar. Eit skikkelig jojo  lag med andre ord. Men kva skuldast eigentleg at Vikane er så ustabile??

I forrige kamp, som var borte mot Anga presterte dei å reise til Førde med kun 9 spelarar. Til tross for dette kom dei seg gjennom kampen med ein imponerande 3- siger. Dette vitnar om at moralen hos enkelte av spelarane som er i troppen til Vikane ikkje er heilt god, men samtidig er nok fotballferdighetane til enkelte også veldig høg.  spelarane ikkje er heilt på toppar god tilgang på spelarar, og i motsetning til Hyen så er vell også dei fleste av spelarane busett meir eller mindre på Breim. Fotballinteressa virkar og å være på veg oppover i Breim. På Byrkjelo stadion har det vært ca 100 tilskodarar i snit denne sesongen. Dette er viktig for alle som likar fotball i Gloppen. Høgare interesse for fotball fører også til meir midlar til fotballen, og dersom dei rette partia (les "dei borgerlige") kjem til makta skal ein nok ikkje sjå vekk ifrå at det kan dukke opp kunstgrasbaner og ballbingar både i Hyen og på Breim.

Breim kan faktisk være klare for 5. divisjon med siger i Hyen. Dei vil då stå med 26 poeng, og den poengsummen er det berre Hyen som kan ta igjen. Meir om Breim sine opprykkssjansar finn du på Breim sine sider. Websida til Breim kan du besøke her.

 

Blir altså eit veldig spennande lokaloppgjer/toppoppgjer/hatoppgjer! Er ein skikkelig 6poengs kamp dette. Ingen tvil om at dette blir ein tøff kamp for Hyen, og noko som Hyen må passe på i denne kampen er å ha fullt fokus frå første spark. I dette oppgjeret blir det nok vanskeleg å hente inn tidlege Breim mål. Dette såg ein tydleg i kampen på Byrkjelo kor Breim la seg bakpå og nekta Hyen rom utover i kampen.

Det er klar at dette blir sett på som ein veldig viktig kamp for Hyen, men når ein ser på det i eit litt større perspektiv er nok bortekampen mot Vikane minst like viktig. Dette fordi Breim sannsynligivs vil rykke opp uansett, og derfor er det nok Vikane som det er viktigast for Hyen å slå. For øyeblikket ligg også Jølster2 føre Hyen så heimekampen mot Jølstringane blir også veldig viktig. Så her er det berre å stå på og ta poeng der ein klare, så får ein sumere opp 25. september og sjå korleis det ligg ann. Men ingen tvil om at det blir tøft med 5 kampar på 18 dagar! 

Når det gjeld laget til Hyen så manglar Ola Henning Ommedal, men ellers så er dei fleste med Det betyr ein tropp på 16 spelarar. Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1):
Øyvind Magnus Solheim; Anders Ommedal, Geir Sigurd Vatnamo, Øyvind Larsen, Håkon Solheim; Geir Kjetil Aa Hope, Roger Nordal, Hans Otto Holme, Åsmund Ommedal, Jens Robert Hope; Ola Alexander Lilloe-Olsen.

Benken: Andreas Morken Kvalheim, Karl Erik Utheim, Karl Erik Holme, Anders Klungre og Marius Hallem.


Dommar i kampen er Fredrik Helland. Eit noko ubeskrive blad for oss, men ein Florøværing som sikkert kan sine saker. Time will show!

 

Prematchmal er henta frå fjora.no

 


Neste kamp:
7. september 18:30
Hyen - Breim


Siste kamp:
23. august
Anga - Hyen 1-2