hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Hyen - Breim 2-5


Hyen spelte årets første fotballkamp i 2009 då ein møtte Breim til treningskamp på Myklebustflata idrettspark søndag ettermiddag. Hyen hadde i utgongspunktet sju innbyttarar til kampen og soleis planlagt ein liten taktikk i form av det, men då det blei fire fråvær på kampdag gjekk dei taktiske planane i vasken og med ein 5-3-2 formasjon i første omgong som overhodet ikkje fungerte so stod det heile 5-0 til Breimningane ved halvspelt kamp!!

Publisert 15. februar 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Dagens HIL-stjerne: Anders Klungre

Foto: hyenfotball.com
Årets nye assistenttrenar hadde benka seg sjølv til dagens kamp, og det var nok ein stor taktisk bommert, men la gå, det va no ein treningskamp! Når han sette seg sjølv inn på gjekk ting så mykje betre for Hyen og Klungre scora også Hyens to mål i kampen!

Som kjent har Hyen gjennomført treningshelg denne helga med både gode treningar og spelarmøte. The grand finale på heile helga var treningskamp mot Breim på kunstgraset på Myklebustflata. Hyen hadde i utgongspunktet sju innbyttarar til kampen, og i den samanheng hadde ein defor planlagt mykje av taktikken basert på det, der to stikkord var maks innsats og hyppige bytter.

Når det då viste seg at ein berre hadde tre på benken måtte meir eller mindre heile den planen skrinleggast. Uansett så starta laget i ein 5-3-2 formasjon der planen var at wingbackane skulle bidra mykje offensivt ved å komme på tidlege løp når Hyen vann ballen. Men sjølv om planen var god så kan vi no (ettersom dette er ei uoffisel side) seie det som det er: Den gjekk til.... begynne på h og slutta med ellvete!!
 
Men for å starte med det positive, så var det faktisk Hyen som hadde den første store sjansen i kampen. Etter kun nokre få minuttsspel kom Jens Robert Hope aleine igjennom etter det som strengt talt var ei hye-klarering på eigen banehalvdel, men desverre så klarte Hope ikkje å få heilt reint treff på skuddet frå 15 meter og dermed så sneik ballen seg like til høgre for Breim-buret.

Men det tok ikkje lange tida før Hyen skulle få merke at her kom ein til å få nok å henge fingrane i bakover på bana. Faktisk hadde Breimningane to kjempe sjansar før det var gått ti minutt, men Hyen slapp med skrekken enn så lenge. Men det som alle skjønte måtte komme, kom også då Breim sin spiss for dagen Nils Thommas Støyva knalla inn 1-0 etter fjorten minutts spel.

Dagens andre Breim-scoring kom ilke etter. Hyens keeper glapp den sleipe ballen etter eit innlegg, og på rett plass dukka Kent Øystein Hjelle opp og fekk avslutta mot mål. Til tross for at ein hye-forsvarar var veldig nære å få hindre ballen over streken så måtte ein berre konstatere at 2-0 var eit faktum.



Hyen klarte ikkje å skape noko særleg. Laget vart altfor baktunge og wingbackane fekk omtrent ikkje bidrege offensivt. Dette skuldast mykje at når ein vann ballen bak fekk ein aldri etablert noko angrep som førte til at backane aldri kom opp på bana før det det vart brudd imot igjen. Når Breim då verkeleg fekk til sitt midtbanespel vart heile hye-midtbana springande mellom noko som resulterte i at Breim kom på mange overgongar.

Ting skulle likevel vise seg å bli langt betre når spelande-assistenttrenar Anders Klungre sette seg sjølv inn midtvegs i omgangen. Han klarte å holde på ballen og dermed fekk også Hyen flytta opp laget og soleis fekk ein ikkje det voldsomme trykket imot.



Men sjølv om Hyen kom seg litt utover i omgangen skulle ein kjapt få nok ein baklengs! Og 3-0 målet til Breim var også eit skikkeleg drit mål! Hallem i Hyen-buret fekk eit tilbake spel som han vart sopass hardt pressa på at klareringa enda i ei stor gåvepakke til Breim og Knut Øystein Hjelle kunne soleis enkelt sette ballen i det opne målet! Spesielt kjedeleg å få eit slik mål imot når hyarane hadde komt litt meir med i kampen.

Og nedturen fortsatte like etter. Ein breimning kom veldig enkelt i skudd posisjon like utanfor 16-meteren, og sjølv om skuddet ikkje var spesielt hardt gjekk det via keeper og i stolpen. På reuten dukka sjølvsagt dagens retur-konge Knut Øystein Hjelle på nytt opp og han fekk ein relativt enkel jobb med å sikre seg ekte hat-rick og 4-0 til Breim! No begynte dei blå klede å bli alvorleg bekymra for korleis dette skulle gå. Kunne ein risikere å gå på ein to-sffra smell mot laget frå køntri-bygda!!?



Etter dette skulle Hyen og endeleg få nokre nye sjansar. Eit par cornera kunne fått bedre skjebne då blant anna ein retur enda i eit skudd eit par meter utanfor. Hyarane ropte og på straffe når ein Breimning handsa, men dagens meget gode dommar Kjell Alme meinte at det skjedde utanfor, og det var nok også rett. Frisparket frå 16 meter gjekk desverre rett i muren.

Men måla i den forferdelege omgangen var det Breim heilt aleine som skulle ordne. 5-0 kom etter det ein må kunne dårleg forsvarspel av Hyen. Nils Thommas Støyva fekk ta med seg ballen rett gjennom hye-forsvaret og når han då og holdt "haude kaldt" aleine med keeper kunne han enkelt sette ballen nede i venstre hjørne.

Det største lyspunktet for Hyen i første omgang var når dommar Kjell Alme endeleg fekk blåst av omgangen. No hadde Hyen ikkje så mykje anna å gjere enn å berre gløyme dei første førtifem! Tiltak nummer en vart derfor å legge om til ny formasjon, nemleg den gode gamle Hye-formasjonen 4-5-1! 5-3-2 formasjonen som ein hadde god tru på før kamp, viste seg å føre til offensiv handlingslamming og eit defensivt mareritt! Dermed er det nok mykje som tyder på at 5-3-2 er ein formasjon som ein neppe vil få sjå Hyen i igjen. Det var nok litt for ambisiøst å tru at ein skulle klare å få dette til å fungere i kamp når det er noko ein aldri har trent på eller spelarane heller ikkje har fått snakka så mykje om konsekvensane av å spele på ein slik måte. 



Uansett så gjekk Hyen på bana i andre omgang med ein klar ambisjon om at ein skulle vinne omgangen. Var ikkje noko sutring å spore blant spelarane og her var det tydeleg at alle skjønte at no var det berre å brette opp armane og begynne å SPELE fotball. Ein hadde jo strengt talt ikkje noko å tape....

Formasjonsomlegginga førte til at ein straks såg forbetring i spelet til dei blå-kledde. Hyen fekk mykje betre grep på midtbana og med offensive kantar fekk ein også vinkla spelet mykje betre ut på sidene. Spesielt på venstre sida kom Hyen til mange gode sjansar iløpet av omgangen og det var også dette som førte til Hyen sine to mål i kampen.



Elleve minutt ut i omgongen kom Hyen på eit av sine fine angrep der ballen blei spelt ut til Ola Alexander Lilloe-Olsen som slo ei lav pasning inn mot straffemerket der Jens Robert Hope hadde plassert seg. Hope hoppa elegant over ballen med resultat at Anders Klungre som kom på bakerste stolpe no kom aleine mot keeper. Klungre var sikker og dunka ballen i nettet, 1-5!



Hyen gav seg heller ikkje med bra spel etter dette. Ørjan Gjesdal, Ørjan Akse og Ola Alexander Lilloe-Olsen skapte mange gode angrep med fine kryssløp på venstre sida. Med litt meir trening blir nok samarbeidet betre, men dei innlegga ein skapte blei også farlege. Men Breim var gode i duellspelet bak og fekk som oftast klarert. Likevel hadde Jens Robert Hope nokre fine avdribblingar av forsvarande breimningar og var svært nære å komme til fleire gode skuddsjansar.



Knappe tjue minutt før slutt skulle Hyen nok ein gong få oppleve nettsus! Anders Klungre fekk ein fin ball frå venstre levert av Geir Sigurd Vatnamo. Med litt hjelp av eine handa fekk Klungre med seg ballen inn i feltet og skuddet satt der det skulle, og dermed stod det 2-5. Hyen hadde kjempa seg inn i kampen igjen!

Sjølv om det aldri var ein stygg kamp vart det ganske mange frispark som ei følgje av dårleg tima sklitacklingar på det glatte føret. Ørjan Gjesdal var ein av dei som gjentatte gongar blei klipt ned på venstre sida og det gav også Hyen ein del farlege frispark frå denne sida. Men desverre var kombinasjonen av innlegga og løpa inne i feltet for dårleg og dermed blei det ikkje fleire mål på hyarane!

Fem minutt før slutt fekk Even Hallem sjå det røde kortet då han som siste mann tackla "ein med kåboihatt" like utanfor 16-meteren. Litt kjedeleg var det at dette kortet betyr at Hallem må stå over første seriekamp, men utvisninga var heilt korrekt. Det påfølgjande frisparket sende ein breimning via nye hye-keeper Øyvind Magnus Solheim til corner. Det igjen førte til ny corner, ein ny corner og enda ein corner, men Hyen sine resterande ti spelarar fekk måka unna og dermed enda kampen med 2-5!

Til tross for at det såg ut til å bli ein håplaus kamp av Hyen når laga gjekk til pause så viste det seg at ein kjem langt med godt mot og det å ikkje grave seg ned sjølv om ein gjer nokre feil. 5-3-2 formasjonen funka ikkje, men det gjorde 4-5-1 og då har ein lært det, og det må vell også være det som er meininga med å ha treningskamp, nettopp det å kunne gjere feil og lære av dei!

Hyen har hatt ei bra treningshelg og forhåpentlegvis ventar ei enda betre helg med større oppmøte når spelarane samlast til ny treningshelg i mars med ny treningskamp, då borte mot Eikefjord!

Til slutt vil vi få takke Breim for at dei stilte opp som motstandar i treningskampen og at dei var så generøse å låne Hyen eine banehalvdelen på Myklebustflata fredag kveld slik at Hyen fekk gjennomført trening.

Referat frå Breim sine sider

Kampfakta (Med hjelp frå Breim sine sider):

Treningskamp

  2-5 (0-5) 

Mål:
 0-1 14. min Nils Thommas Støyva
 0-2 16. min Kent Øystein Hjelle
 0-3 32. min Kent Øystein Hjelle
 0-4 34. min Kent Øystein Hjelle
 0-5 39. min Nils Thommas Støyva
 1-5 58. min Anders Klungre (Ola Alexander Lilloe-Olsen)
 2-5 75. min Anders Klungre (Geir Sigurd Vatnamo)

Arena: Myklebustflata Idrettspark
Tilskodarar: 20
Kampstart: Søndag 15. februar 2009, kl. 13:00
Dommar : Kjell Alme (STIL)
Gule kort: Geir Sigurd Vatnamo(Hyen) og eit par til Breim.
Rødt kort: Even Hallem (Hyen).

Hyens beste:

Anders Klungre

Åsmund Ommedal

Jens Robert Hope

Lagoppstilling Hyen: (5-3-2)
Even Hallem; Anders Ommedal, Øyvind Magnus Solheim, Ola Henning Ommedal, Håkon Solheim Ola Alexander Lilloe-Olsen; Åsmund Ommedal, Geir Sigurd Vatnamo, Ørjan Gjesdal; Karl Erik Utheim og Jens Robert Hope.

Benken: Anders Klungre, Ørjan Akse, og Hans Otto Holme.

Lagoppstilling Breim(henta fra Breim sine sider): (4-5-1)
Stian Hjelle; Geir Vie, Alexander Egge, Jens Jakob Bergheim, Ole Martin Egge; Raymond Niiranen, Kjetil "Lucky" Vie, Christian Egge, Erlend Aabrekk, Svein Gunnar "sveinis" Heggheim; Nils Thommas Støyva. 

Benken: Andreas Gregor og Kent Øystein Hjelle.