|
Dagens HIL-stjerne: Jens Robert Hope
.jpg-for-web-normal-1189191504.jpg) Foto: hyenfotball.com Dagens HIL-stjerne gjekk til Jens Robert Hope. Han scora Hyens to første mål og vart Hyens helt i denne kampen. Han kunne også fort ha scora både sitt 3. og 4. for dagen, men stolpane stod dessverre i veien.. |
Hyen vann nok ein gong på heimebane, og sjølv om det var serieleiaren som stod på motsatt halvdel så var det ein av dei lettare 3 poengarane Hyen har tatt i år.
Første del av kampen blei vell slik dei fleste hadde rekna med; få sjansar og mange duellar. Duellane varte kampen ut, men etterkvert kom også sjansane. Spesielt heimelaget starta å produsere farlege angrep utover i 1. omgang.
Hyens første mål kom etter 36 minutt då Jens Robert Hope fekk pirka ballen i mål etter mykje "klabb og babb" framfor Breim målet. Dette var eit veldig viktig mål for Hyen og bidro til at heimelaget fekk senka skuldrene medan frustrasjon spreia seg hos Breim sine spelarar.
Sjølv dette var eit lokal/toppoppgjer med mange viktige moment vart det aldri nokon stygg kamp. Breimningane som har vist seg å være litt hissige i tidligare kampar hadde tydeligvis roa seg ned nokre hakk og det vart ein god og fair kamp. Kampens dommar skal sjølvsagt ha mykje av æra for dette. Vi tør påstå at ein ikkje finn nokon betre dommar i 6. divisjon. Han viste god fotball forståelse og lot være å dømme på pirk, samtidig som han greip inn og fekk roa ned der det var nødvendig. Ein fryd å sjå og du er hjertelig velkommen tilbake til Hyen!
Vær med å skape vekst i Gloppen, stem Høgre!!!
Medvinden i første omgang var ein fordel for Hyen og det var lettare for heimelaget å komme seg fram på bana enn kva det var for breimningane. Ikkje mange minutt før pause fekk Hyen ei kontring der Jens Robert Hope tok med seg ballen frå midten. Og til tross for at det var 3-2 i favør Breim fekk ikkje forsvarsspelarane deira bestemt seg for kven som skulle dekke og kven som skulle presse. Dette førte til at Hope fekk ta med seg ballen til ca 20 meter og fyrt av eit godt plassert skudd som sneik seg inn i keepers høgre hjørne. 2-0 og Hyen kunne gå til pause med ei komfortabel leiing!
I andre omgang var det Breim som hadde fordelen av medvind, og var også dei som hadde ballen mest. Men Hyen sitt forsvar fungerte glimrande og Breim spissen som scorte 5 mål i forrige kamp kom knapt til ei einaste avslutning. Geir Sigurd Vatnamo var over alt og fekk både klarert og starta mange fine overgongar for Hyen. 16 år gamle Håkon Solheim som fekk sin heimedebut gjorde også sine saker veldig bra, og satte seg i respekt då han i ekte "solheimarstil" måka ned Breim sin toppscorar og fortent fekk sjå det gule kortet (Du tar ballen neste gong Håkon!
).
Til tross for at Breim hadde ballen mest kom dei ikkje veldig ofte til noko farleg. Dei hadde 3-4 gode skudd i 2. omgang, men disse redda Øyvind Magnus Solheim meisterleg opp i.
Etter 70 minutt fekk Hyen nok eit mål. Etter nok ein situasjon med myke fram og tilbake foran Breim målet dukka Anders Klungre opp på rett plass og fekk klinka inn 3-0. Etter dette produserte Hyen fleire sjansar. Blant anna hadde Åsmund Ommedal hadde 2-3 gode sjanar og Karl Erik Utheim ei stupheading i stolpen.
Etter at Hyen gjekk opp til 3-0 vart håpet til Breim sløkt. Det var tydeleg å sjå at dei spesielt offensivt ikkje hadde so stor tru på poeng. Utifrå resultatet skulle ein kanskje tru at Hyen spelte ein kjempe kamp, men faktisk var nok dette eit steg tilbake spelemessig. Det oppsiktsvekkande med dette er at ein faktisk spelte langt bedre i 2. omgang i den knepne bortesigeren mot Anga, eit lag Breim knuste 10-1 sist!!
So er nok ikkje så lett å bli klok på 6. divisjon i år. Hyen har vell ikkje heilt følt seg god nok for 5. divisjon, og fortsatt gjer ein vell kanskje ikkje det. Men når ein då er sopass mykje betre enn laget som leiar og ser på seg sjølv som ein klar kandidat for 5. divisjon i 2008 er det litt vanskeleg å sei kor god Hyen eigentleg er. Breim var overraskande svake i denne kampen, og kan umulig ha stilt med sitt beste lag. Så kor gode disse laga er samanlikna med blant anna laga i avdeling 4 kan nok bli skuffande for glopparane. Men Breim har meir å gå på, og det har Hyen og, og forhåpentlegvis møtast disse laga i 5. divisjon til neste år.
Vær med å skape vekst i Gloppen, stem Høgre!!!
Bilder frå kampen