|
Hyen fekk altså ein kjempestart på årets sesong, då Eikefjord2 blei overkjørt med heile 5-2 på bortebane. Og det var mykje positivt å ta med seg frå den kampen.

For å starte med det første så var det 16 mann i troppen. Dette betyr kamp om plassane og ikkje minst så kan ein bytte med ein gong viss nokon blir sletne eller eventuelt får skadar. Å score 5 mål på bortebane er veldig bra. Laget spelte godt i lag, og til tross for 2 baklengs så var forsvaret veldig bra. Backane bidrog framover på ein veldig positiv måte og scora 3 av 5 mål. Klara Hyen å fortsette på den måten blir ein ikkje lenge i 6. divisjon.
Når det gjeld tirsdagens motstandar so er det eit lag Hyen aldri har møtt. Det blir altså ein historisk kamp på Hyen Sentralidrettsanlegg! Til tross for at Hyen aldri har møtt Anga, so er dei faktisk eit lag med langt større bragder å vise til enn heimelaget. Anga spelte faktisk i 3. divisjon så seint som i 1998! Ettersom det er 7 lag i avdelinga så betyr det at eit lag har pause kvar serierunde. Anga var det laget som hadde pause i første runde og dei får soleis sin sesongstart i denne kampen.
Anga har spelt 2 treningskampar, og har møtt Eikefjor2 og Førde4 i sesongoppkøyringa. Her har dei gjort det veldig bra, mot Førde4 vart det 5-0, og dei slo oransjtrøyene med 5-1 borte. Det kan jo tyde på at det er to jamngode lag som møtast. Anga sine websider kan du besøke ved å trykke her.
 Backane til Hyen bidrog sterkt til 5-2 sigeren mot Eikefjord2, blir spennande å sjå om dei kan bidra med offensive løp og putte nye mål mot Anga. F.v. Øyvind Larsen og Geir Kjetil Hope Aa.
Til tross for at kampen går på ei av fylkets dårlegaste fotballbaner, Hyen Sentralidrettsanlegg som kan skilte med både løvetann, gras og null drenering, so framstår bana no som bedre enn på lang tid. Etter dugnad måndag kveld fekk vi no ordna opp litt. Så vi får i det minste håpe at Hyen kan dra ein liten fordel av grusbana mot kunstgras vante spelarar frå Førde.
 Vêrmeldingane i Hyen på tirsdag ser ok ut. Storm Weather Center kan melde om overskya vær med fare for enkelte regnbye, lett bris og 6°C.
Når det gjeld laget til Hyen så er Hans Otto Holme og Ola Alexander Lilloe-Olsen tilbake sidan sist. Det betyr ein tropp på heile 18 spelarar. Er 2 endringar sidan første kampen. Coachen har tatt ut følgjande lag: |