hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Hyen - Anga 4-4


Hyen tok tirsdag kveld kun eit poeng då dei tok imot bunnlaget Anga på hyegrusen. Både håpet og kravet om siger før kampen var stort, og derfor var det også svært skuffande for laget at dei ikkje fekk med seg alle tre poenga. Hyen var klart best i første omgong, men Anga kom sterkt tilbake mot slutten av kampen. Med tanke på at Hyen utlikna to minutt på overtid så må det vell seiast at poengdeling var eit rettferdig resultat! Stillinga til pause var 2-1!

Publisert 12. mai 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. Tekst: Anders Klungre.


Dagens Hyen-stjerne: 
Jens Robert Hope



Foto: hyenfotball.com
Endeleg løsna det skikkeleg for Jens Robert Hope. Alle veit at han er ein kar som kan å score mål, og når i tilegg Hyen i denne kampen klarte å produsere sjansane så viste Hope seg fram som ein svært målfarleg spiss!

Hyen hadde målsetningane klare før tysdagens kamp. Den første 3-poengaren var innan rekkevidde mot Anga. Laget mangla Ola Alexander Lilloe-Olsen og Øyvind Larsen, men likevel burde dei ha gode sjansar til å vinne i sola på Hyen Sentralidrettsanlegg.
 
Hyen starta kampen bra. Heile 1. omgang pressa dei hardt på Anga, men det var likevel Anga som skulle få det første målet! Etter 8 minutt fekk ein Anga-spelar stå på bakerste og knalle inn eit innlegg frå høgre. Det var flatterande for heimelaget, som hadde styrt dei første minutta, men Hyen sette straks i gong med å jobbe igjen!
 
Karl Erik Utheim kom fri på høgrekanten like etter, men avslutta dessverre utanfor lengste stolpe. Anders Klungre fekk og muligheten etter at ballen hadde dansa i eit par sekund på skallen til ein forvirra Anga-spelar og datt ned i beina til Klungre på 20 meter. Han skaut i tverrliggjaren!
 
Etter 17 minutt kom utlikninga. Anders Klungre fekk spelt fram til Jens Robert Hope, som med nokre Anga-spelarar rundt seg fekk ballen med seg inn i feltet og avslutta kontant nede til venstre. 1-1!

 
Like etter måtte dessverre Hans Otto Holme ut, og Ørjan Gjesdal kom inn. Han markerte seg kjapt ved å redde viktig på streken. Hyens andre Ørjan, Ørjan Akse, spelte godt på venstrekanten, og hadde to feite sjansar i 1. omgang. Den eine kom etter eit flott frispark frå høgre som han heada like utanfor, og den andre var eit godt skot frå hjørnet av 16-meteren som hadde fortent ei bedre skjebne. Keeper sto dessverre og dekka krysset då ballen kom.
 
Etter 41 minutt gjekk Hyen opp til 2-1! Åsmund Ommedal fekk ballen midt på bana på 20 meter og slo ein glimrande høg ball inn til Jens Robert Hope som sneik seg inn bak forsvaret. Han sette ballen kontant opp i nettaket. Den stillinga heldt seg og til pause. Like før pause fekk heimelagets keeper Even Hallem ein smell og måtte ut. Derfor var det duka for Øyvind Magnus Solheim i mål i 2. omgang.
 
2. omgang starta dessverre på verst tenkeleg måte for Hyen. Eit Anga-skot frå 20-25 meter kom ekkelt på Øyvind Magnus Solheim i mål. Om det var manglande oppvarming eller dårleg oppmerksomhet som spelte inn, er vanskeleg å seie, men ballen glapp ut av hendene til Hyen-keeperen og i mål! Plutseleg var det 2-2!
 
Hyen slo kjapt tilbake, og det var nok ein gong eit mål av den merkelege sorten. Ein lang ball vart slått i bakrom og Jens Robert Hope gjekk som vanleg etter ballen. Forsvaret venta på keeper, som ikkje var heilt observant, noko som førte til at han klarerte ballen rett i Hope! Frå 20 meter gjekk ballen i stolpe og inn! 3-2 til vertane!

 
Etter dette venta alle dei 35 tilskodarane på eit forløysande 4-2-mål. Og sjansane skulle komme. Åsmund Ommedal kom fri på venstrekanten og skaut mot lengste hjørne. Der slengte Karl Erik Utheim seg fram og pirka ballen i stolpen! 2 x Anders kombinerte seinare fint på venstrekanten. Anders Klungre fekk etter kvart lagt inn til Anders Ommedal, som dessverre ikkje klarte å setje ballen i mål.
 
Hyen hadde og fleire sjansar, men 5 minutt før full tid skjedde det som ikkje skulle skje. Ein Anga-spelar fekk stå heilt åleine på ein corner og styre inn 3-3! Det var ein skikkeleg "Sogndal-corner", med mange folk mellom målscorar og keeper, så det var vanskeleg for Øyvind Magnus Solheim å redde.
 
Ved full tid skjedde det igjen. Ein Anga-spelar fekk krangla seg forbi forsvaret og keeper og sett inn 4-3!! Veldig sterkt av Anga, som med dette ville ta sin første bortesiger sidan kampen mot Eikefjord2 i 2007! Ikkje rart karane i gult jubla hemningslaust...
 
Jubelen skulle imidlertid stilne. Hyen gjekk rett i angrep og fekk corner. Etter klabb og babb fekk ein Anga-spelar klarert til ny corner. Denne corneren sat der den skulle, rett på hovudet til Håkon Solheim. Han dunka inn 4-4, og sette punktum for ein av dei mest dramatiske avslutningane på Hyen Sentralidrettsanlegg nokonsinne!

 
Hyen blir med dette liggjande på 3. plass etter 3 kampar spelt. Dette var ein kamp ein absolutt burde ha vunne. Å gå frå 2-3 borte mot Sandane2 til 4-4 heime mot Anga er ein nedtur. Hyens kampar i serien har hatt ein tendens til å vere jevne, men ein har ikkje vore flinke nok til å avgjere kampane. Dette var dei flinke til i treningskampane, men treningskamp er treningskamp. 

Neste kamp for Hyen er fredag 29. mai då laget tek turen til ytre sogn og møter Hyellstad!

Resultat 6. divisjon avdeling 2 fjerde serierunde: 
Hyen - Anga 4-4
Gaular2 - Hyllestad 0-2

Referat frå Anga sine sider

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål +

Mål -

Poeng

1

Sandane2

3

3

0

0

9

5

9

2

Hyllestad

3

1

1

0

7

5

6

3

Hyen

3

0

2

1

7

8

2

 

4

Anga

3

0

2

1

5

8

2

5

Gaular2

4

0

2