|
Hyen - Anga 6-1
Hyen spelte årets første heimekamp tirsdag 15. mai. Motstandar var førdelaget Anga. Sesongens andre kamp enda med 6-1 siger. Stillinga til pause var 5-1.
| Publisert 15. mai 2007. |
|
|
Dagens HIL-stjerne: Marius Hallem
 Foto: hyenfotball.com Dagens HIL-stjerne gjekk til Marius Hallem. Han var ein av ikkje altfor mange som prøvde å få til spel. Verta opp med fine finter og vendingar og punkterte kampen med eit bra skudd. | Det vart ein merkeleg kamp mellom Hyen og Anga. Anga opna kampen best og kom til en del små sjansar, men det vart aldri det heil farlege ut av det. Øyvind Magnus Solheim hadde god kontroll bak og redda det som kom. Geir Sigurd Vatnamo styrte i tillegg forsvaret bra, og sjølv om Anga trykka på så vart det aldri veldig farlig.
Oppstod ein litt pussig situasjon etter ca. 15 minutt i kampen som Anga spelarane ikkje var heilt fornøgd med. Ein ball blei spelt inn mot Hyen sitt mål, Øyvind Magnus Solheim tok i mot ballen enkelt, og som ein refleks/vane som den proffe keeperen han er so løfta han og eine foten. Ein Anga spelar kom springane imot og fekk seg soleis ein kakk i brystet og vart ein smule forbanna, men var no ikkje so mykje å sutre over.
Etter 22 minutt skulle Hyen få sitt første mål. Hyen fekk ein corner som Roger Nordal leverte perfekt inn til Åsmund som heada ballen perfekt i nota. Og det stoppa ikkje der. Like etter kom ballen trillande inn til Anga sin keeper, Roger Nordal sprang etter og gjorde seg so stor han kunne, og keeperen til Anga prestert å dundre ballen i Nordal og rett i mål. Dermed stod det 2-0 til Hyen etter 24 minutt og det veldig mot spelets gong.
.JPG-for-web-large.jpg)
Omtrent midtvegs i 1. omgang vart ein Anga spelar skada. Etter ein duell ute på sida datt han ned på lista med handa først. Såg ikkje bra ut, og Anga leiren frykta eit brud i handa på spelaren.
Men Anga gav ikkje opp, og fortsette med å føre spelet. Til slutt fekk dei også utteling for slitet. I det 35. minutt fekk Anga frispark på Hyen si banehalvdel. Ballen vart slått inn i feltet, først vart den klarert ut, men kom like fort tilbake , og då stod ein Anga spelar fri og kunne styre ballen inn.
Reduseringa til Anga virka å tenne Hyen litt meir, og Hyen tok meir over spelet mot slutten av omgongen. Hyen produserte også ei rekke store sjansar. Blant anna var Jens Robert Hope veldig nær mål med ei avslutning frå ca. to meter, men diverre gjekk skuddet rett på keeper. Hyen dominansen skulle og resultere i mål. Som eit resultat av skaden på Anga spelaren vart det lagt til 3 minutt, og dette utnytta Hyen svært bra. Først var Åsmund Ommedal frampå og laga 3-1, deretter skaut Roger Nordal eit frispark frå Hyen sin banehalvdel rett i mål, og før Raggen hadde fått blese av for pause la Geir Kjetil Aa Hope på til 5-1. Altså 3 mål på overtid i 1. omgang!
.JPG-for-web-large.jpg)
Var naturlegvis eit svært fornøgd Hyen lag som gjekk til pause. Etter ein veldig jamn omgang med faktisk eit overtak til Anga så leda Hyen med 4 mål!
Utover i 2. omgang vart det ein del bytter på Hyen, og alle 7(!) på benken kom etterkvart inn. Dette førte logisk nok til at det vart litt mindre struktur og orden på laget og Anga styrte spele meir eller mindre heile omgangen. Men som i første omgang var dei aldri veldig nære mål. Det nærmaste dei kom var då to Anga spelarar kom igjennom, men dårleg utnytting av fordelsparagrafen av dommar Ragnar Åmot spolerte den sjansen.
Hyen skulle etterkvart få nok eit mål. Etter litt fram og tilbake framfor Anga-målet etter ein hyecorner dukka Marius Hallem opp på rett plass til rett tid og dunka inn 6-1. Om ikkje kampen allereie var avgjort så gjekk i alle fall lufta ut av Anga no. Hyen kom på slutten meir med i kampen og med litt meir tur/dyktige avslutningar kunne leiinga auka meir!
.JPG-for-web-large.jpg)
Utover i kampen vart det etterkvert ei litt amper stemning ute på bana, noko dagens dommar må ta mykje av skulda for. Hyen pådrog seg veldig mange frispark imot, men det var aldri noko stygt spel. Var duellar der det kanskje var litt mykje armar inne i bildet, men i dei fleste tilfella var begge lag like god. Dømminga var også veldig lite konsekvent, og blant anna hadde Anga utallige hands som det aldri vart blåst på. Må sei at det er litt utruleg at dette er ein dommar som skal være en av fylkets beste og mest rutinerte. Virka som han ikkje var så veldig motivert for oppgåva. Men når det er sagt så er ofte nivået på dommaren i 6. divisjon omtrent på nivå med spelarane.
Dagens mest uheldige var Geir Kjetil Aa Hope. Han og Åsmund Ommedal klinka stygt ihop i ein duell. Begge måtte forlate bana. Ommedal fekk seg hjernerystelse, mens Aa Hope fekk eit stygt kutt og måtte sy ti sting. God bedring til begge to!
Hyen vann alt i alt ein fortent siger, men resultatet var nok litt flaterande. Å vinne 6-1 på ein dårleg dag viser uanset at potensialet til Hyen er stort. Som mot Eikefjord2 så scora Hyen mange mål og det viktigaste i fotball er tross alt å score meir enn motstandaren.
Når det gjelde Anga so var dei uheldige i dag, og det at 1. keeperen deira var ute med skade fekk konsekvensar. Både 2-0 og 4-1 målet til Hyen var av den svært billige sorten. Men Anga virka no som ein gjeng greie folk som nok kjem til å ta ein del poeng den her sesongen, og vi ønskjer dei velkommen tilbake til Hyen ved eit seinare høve.
I ein annan kamp i 6. divisjon avd. 3 slo Vikane Førde4 5-0 på heimebane. Dette betyr at Breim, Hyen og Vikane står med full pott etter 2 kampar.
Hyen har pause i 3. runde, dermed er neste kamp ikkje før 29. mai då lokaloppgjer borte mot Breim står på programmet. Mellomtida får ein bruke til å trene på å bli betre. Med ein tropp på 18 mann i dag skulle det vell være mogeleg å få til bra trøkk på dei neste treningane. Er jo stor kamp om plassane om dagen, og det bør også vise igjen på treningsoppmøte.
Bilde frå kampen Referat frå Anga si heimeside
Kampfakta:
6. divisjon avd. 3 Runde 2 Hyen - Anga
6-1 (5-1) ANGA
Mål:
1-0 22. min Åsmund Ommedal (Roger Nordal)
2-0 24. min Roger Nordal
2-1 35. min Håvard Oltedal
3-1 45. min Åsmund Ommedal
4-1 45. min Roger Nordal
5-1 45. min Geir Kjetil Aa Hope (Roger Nordal)
6-1 73. min Marius Hallem
Arena: Hyen sentralidrettsanlegg Tilskodarar: 35 Kampstart: tirsdag 15. mai 2007, kl. 19:00 Dommar : Ragnar Åmot(Jølster)  Gule kort : Geir Sigurd Vatnamo
: Marius Hallem : Geir Sigurd Vatnamo : Øyvind Magnus Solheim |
Hyen: (4-5-1) Øyvind Magnus Solheim; Anders Ommedal, Geir Sigurd Vatnamo, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen; Jens Robert Hope, Åsmund Ommedal, Hans Otto Holme, Anders Klungre, Karl Erik Holme; Roger Nordal.
Benken: Andreas Morken Kvalheim, Marius Hallem, Tommy Folkestad, Karl Erik Utheim, Geir Kjetil Aa, Mats Henrik Solheim og Ola Alexander Lilloe-Olsen.
Anga: (4-4-2) Per Gunnar Teigen; Elvedin Demirovic, Håvard Oltedal, Bjørn Ole Hjørnvik, Øyvind Oppedal; Thomas Vie, Gunnstein Vefring, Idar Tjønneland, Ole Christian Bruland, Kenneth Russenes og Marius Kile Brenne.
Benken: Harns Martin Øverdal, Kassanda Ginga Neto, Joar Vefring, Christan Nordgård, Andre Kjelnes, Snajo Pedric, Willy Andre Engbø.
Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no |
Neste kamp: 14. august 19:00 Hyen - Eikefjord2
Siste kamp: 19. juni 19:00 Hyen - Førde4 2-1
|