|
Dagens HIL-stjerne: Ørjan Gjesdal
Foto: hyenfotball.com Debutantent spelte ein strålande 2. omgang og var sterkt delaktig i at alle 3 poenga vart igjen i Hyen! |
Askvoll/Holmedal2, i grønt, stilte med 12 spelarar denne kampen, mens Hyen, som vanleg i blått, stilte med 14 spelarar på ei grusbane bada i sol i 1. omgang.
Hyen, med avspark, starta kampen med eit betydeleg press. Eit par cornerar førte likevel ikkje til noko stort. Ca. 20 minutt ut i kampen fekk Hyen frispark på høgre som førte til hands på ein Askvoll-spelar, og frispark frå 21 meter midt foran mål. Roger Nordal var berre ein knapp halvmeter frå å sende ballen i høgre kryss, så hadde ikkje ballen glidd av foten hans, hadde det nok blitt ledelse for Hyen. Dessuten hadde Andreas M. Kvalheim eit skot som dessverre vart blokkert av ein forsvarar då keeper uventa glapp ballen rett i føtene hans.

Askvoll/Holmedal2 hadde lite å stille opp med foran mål i 1. omgang. Likevel fekk dei det første målet etter ca. 30 minutts spel. Eit frispark frå høgre vart slått inn i midten. Ingen gjekk på ballen som spratt vidare bak til bakre stolpe, der ein Askvoll-spelar fekk heada ballen i lengste hjørne. Ein sløv augneblink frå eit elles solid Hyen-forsvar i kveld.
Ikkje mange minutta etter ledarmålet var Askvoll/Holmedal2 også nære ved å gå opp i 2-0. Eit skot like utanfor 16-meteren rulla ein halv meter til side for mål, som gjorde til at omgangen ebba ut med 1-0-ledelse til bortelaget.
I 2. omgang skulle det snu for Hyen. 10 minutt ut i omgangen fekk Anders Klungre ballen på eigen halvdel etter ein svak Askvoll/Holmedal 2-dødball. Han flikka ballen rundt ein spelar og sette fart over midtstreken, som førte til at det vart ein to mot to-situasjon framfor mål. Klungre valde å gå sjølv, og vart felt like innanfor 16-meteren. Straffe!! Roger Nordal, som berre har bomma på to straffer nokonsinne for Hyen (og han har tatt mange!), sette ballen utagbart til venstre for keeper. 1-1, og jubel frå dei ca. 60 oppmøtte på tribuna.

No vart det fart i Hyen, og like etter målet hadde ein god Anders Ommedal eit godt løp framover på høgrekanten og fekk eit flott innlegg mot seg. Han fyrte til, og keeper var heldig som fekk ballen rett på seg. Viss ikkje hadde det nok stått 2-1.
Etter 80 minutt fall avgjerdsla. Tommy Folkestad, som fekk mykje rom på høgrekanten, tok imot ei god pasning. Han ga ei støttepasnng og fekk etter kvart ballen tilbake inn i 16-meteren. Der vart han meid ned av ein Ahil2-spelar, og ny straffe til Hyen!! Roger gjorde seg klar nok ein gong, og valde å bytte side. Det skjønte Ahil2 sin keeper, men han klarte likevel ikkje å forhindre at Roger sette inn sitt andre mål for dagen! 2-1 til Hyen!

Det endte 2-1, sjølv om bortelaget hadde fleire feite sjansar i sluttminutta. Ved eit tilfelle vart dei avblåst for angrep på keeper i feltet. Underteikna såg ikkje kor ballen hamna i det tilfellet, mest truleg havna den i mål, men det vart altså avblåst. Elles hadde dei 3 farlege skot i tillegg til ei farleg heading som traff "målskjelettet" oppe ved krysset. Hyen kan vere fornøgde med 3 poeng på ein middels dag der forsvaret var best. Askvoll/Holmedal2 var ikkje dårlege, og det spørst nok om dei blir sist i 6. divisjon i år!
Resultat 1. serierunde 6. div. avd. 2:
Tambarskjelvar - Gaular2 3-0
Sandane2 - Florø3 1-3
Bilde frå kampen
Film frå kampen
Referat frå Askvoll/Holmedal si heimeside
Kampfakta:
6. divisjon avd. 2
Runde 1
Hyen - Askvoll/Holmedal2
2-1 (0-1) 
Mål:
0-1 30. min Håkon Jacobsen
1-1 55. min Roger Nordal straffe (Anders Klungre)
2-1 81. min Roger Nordal straffe (Tommy Folkestad)
Arena: Hyen sentralidrettsanlegg
Tilskodarar: 60
Kampstart: tirsdag 6. mai 2008, kl. 19:00
Dommar
: Kjell Alme (STIL) 
Gule kort
: Ørjan Haugstad, Stian Nilsen, Kristoffer Helle alle Ahil2
: Ørjan Gjesdal
: Anders Ommedal
: Ola Henning Ommedal