hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum  Gjestebok



3. plass: Hyen 

Hyen går på sin femtande sesong i fylkets jumbodivisjon i 2009. Laget har stilt herrelag kvar einaste år sidan 1993, noko som må seiast å være imponerande av ei lita bygd med knapt 500 innbyggjarar! Hyen hadde ein skuffande sesong både i fjor og året før det, men hyarane har i år fått ny optimisme i laget og det store målet er opprykk til femte divisjon. Vi tippar dei på 3. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2009.

Publisert 19. april 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Hyen skulle rykke opp i 2007, og sjølv om heile tre lag frå avdelinga gjekk opp så klarte Hyen å rote vekk opprykksplassen med ein elendig haustsesong. I fjor hang nok ein del av skuffelsen frå året før igjen og når fire-fem sentrale spelarar forsvann ut av hyeporten så var verken ambisjonane eller forventningane så veldig høge. Men ettersom nivået på 6. divisjon avdeling 2 i 2008 var av det svake slaget så var det likevel truleg at Hyen skulle klare å være med i toppen. Slik låg det også ann til ei stund, men til slutt enda dein opp på ein svært skuffande fjerde plass med kun 19 av 45 mulege poeng!

Hyen var altfor ustabile i fjor. Laget tok poeng i ca. annakvar kamp og to seiera på rad var den lengste seiersrekka. Mykje av dette skuldast spesielt at ein var veldig svake på bortebane. Kun fire poeng blei tatt vekke frå Hyen og då seier det seg sjølv at ein ikkje blir å finne i toppen.

Foran årets sesong har Hyen igjen fått trua på det! Tre spelarar gjer comeback i Hye-drakta i tillegg til at ein har fått inn tre nye mann. Dette er forsterkningar som ikkje berre har mykje å sei for at Hyen skal gjere det godt i år, men i realiteten var dei heilt nødvendige å få på plass for at ein i det heile skulle kunne stille lag.

Hyen har også lagt ned litt større arbeid i sesongførebuingane i år. Laget har samlast tre gongar i løpet av vinteren til treningshelger og dette må kunne seiast å ha vore ein suksess. Helgene inneheldt også treningskamp som ei avslutning, og først ut var Breimsbygda i februar. Hyen starta kampen med ein "ny" formasjon (5-3-2) då ein meinte at dette var ein formasjon som passa best til det spelarmateriale Hyen har i år. Men denne formasjonen fekk ein aldri teken på og etter å ha låge under med 0-5 til pause gjekk ein tilbake til gode gamle 4-5-1. Dette funka mykje betre og ein vann då den påfølgjande omgongen med 2-0.

I den neste treningskampen venta 5. divisjonslaget Eikefjord2. Det var nok ikkje mange som hadde so stor trua her, men Hyen vann heile 4-0 og tiltross for at motstanden var svak så spelte Hyen ein god kamp og spelarane sin sjølvtillit auka betrakteleg etter disse nitti minutta! Ein var sjølvsagt då litt spente når ein møtte det som i utgangspunktet skulle være eit middelmådig 6. divisjonslag i Haugen. Dei svartkvite eidarane skulle vise seg å være veldig dårlige og sjølv om Hyen og spelte ein dårleg kamp vart det siger på heile 7-0!

Med tanke på disse resultata så seier det seg sjølv at Hyen er ein av favorittane i år, og mange vil nok ha dei heilt på topp. Men alt er nok ikkje like rosenrødt som det kan virke som. Treningsoppmøte og kvalitet på treningane har vore og er fortsatt ei stor svakheit for Hyen. Kun 3-4 spelarar på laget bur til vanleg i Hyen noko som gjer at laget har ei av to treningar i veka på Sandane. Oppmøtet på treningane har uansett ikkje vore det heilt store og når sesongen sparkast i gong så er det faktisk ganske sikkert at spelarar som kun har vore på 3-4 treningar (inkludert treningshelgane) iløpet av heile vinteren startar kampen for blåtrøyene. Dette gjer sjølvsagt at samspelet ikkje kan forventast å være av det beste og vi tvilar også litt på at dei som ikkje har vore på treningane har slite seg ut via eigentrening i staden.

Når det er sagt så har dei tre treningskampane i år vist at samspelet til tider har fungert bra mellom ein del spelarar. Formasjonsmessig har også dei fleste spelarane no fått sine faste roller, og har ein nok tilgjengelege folk til å fortsette med dette kan det nok blir veldig spennande å sjå korleis utviklinga her kan bli utover sesongen! Dei yngste spelarane har og utvikla seg i rett retning og spesielt keeper Even Hallem har tatt eit godt steg sidan i fjor. Han er kun 17 år no, og når han har bikka tjue vil han med denne utviklinga ha blitt ein kanonbra keeper!



Den største utfordringa for Hyen i år blir å klare å stille med like gode lag til kvar kamp. Ettersom laget var tidleg ute å fekk flytta ein del kampar så er det nok også gode sjansar for at ein skal klare dette. Likevel kan det nok bli ei utfordring utover hausten, men dersom opprykket er innan rekkevidde så skulle ein vell tru at prioriteringane hos dei ulike spelarane blir av den rette sorten!

Dersom Hyen ikkje blir blant topp tre i år blir vi særs overraska og ikkje desto mindre skuffa. Laget er no inne i ein periode der eit opprykk hadde passa svært godt. Det vil nemleg truleg bety at ein til neste år klarar å få enda fleire gamle hyarar til å vende heim, samtidig som det bør kunne gje dagens spelarstall ein ekstra motivasjon for å legge litt større innsats i treningsarbeidet.

 Styrka:


+ Rutinerte spelarar
+ Sammensveisa gjeng med god moral

+
Enkeltspelarar med "det lille ekstra" 
+ Gode resultat i oppkøyringa

+
Frykta heimebane

Svakheiter:


- Dårleg treningsoppmøte
- Litt svake taktisk

-
Slit ofte borte
- Enkeltspelarar som er litt umotiverte
- Veldig avhengig av enkeltspelarar

Resultat treningskampar:
15. februar Hyen - Breim 2-5
15. mars Eikefjord - Hyen 0-4
5. april Haugen - Hyen 0-7

Heimeside:

www.hyenfotball.com


Åsmund Ommedal
Er etterkvert blitt ein svært erfaren spelande trenar og kaptein for Hyen. Ting blir gjort enkelt og det er sikkert og like greit då dei fleste spelarane ikkje er klar for nåke meir. I år har Ommedal fått med seg Anders Klungre som assistenttrenar, men disse er og dei viktigaste spelarane til Hyen og kjem til å spele samtidig og då klarer ein sjølvsagt ikkje å få gjort så mange taktiske endringar undervegs...


 Keeper:

  • Even Hallem

 Forsvar:

  • Håkon Solheim
  • Arve Johnny Akse
  • Øyvind Magnus Solheim
  • Anders Ommedal
  • Øyvind Larsen
  • Ola Alexander Lilloe-Olsen
  • Ola Henning Ommedal
  • Stein Are Eimhjellen
  • David Rygg

 Midtbane:

  • Tommy Folkestad
  • Hans Otto Holme
  • Anders Klungre
  • Åsmund Ommedal
  • Ørjan Akse
  • Ola Andreas Ommedal
  • Ørjan Gjesdal
  • Geir Sigurd Vatnamo
  • Geir Kjetil Aa Hope
  • Mats Henrik Solheim

 Angrep:

  • Jens Robert Hope
  • Karl Erik Utheim


Anders Klungre
Har hatt ei meget god utvikling dei siste åra og har blitt ein særs viktig spelar for Hyen. Er ingen Ronlado, men gjer ting enkelt og godt. Klungre er ein målfarleg kar, og har ein veldig god arbeidsinnsats som ofte resulterer i at ein vinn ballen i gunstige posisjonar. Blir spennande å sjå om han løftar seg endå nokre hakk i år...

Heimebane:

Hyen Sentralidrettsanlegg (grus). Ligg ydillisk til, men har Sogn og Fjordanes nestverste underlag. Ei dritbane rett og slett!!

Draktfargar:

  • Heime - Blå trøye, svart nikkers, blåe sokkar
  • Reserve - Gul trøye, svart nikkers, blåe sokkar
  • Hyen sitt tabelltips ved Åsmund Ommedal:


    Symbol, samt inspirasjon er henta frå fjora.no