hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Tabelltipset er klart 

Dei fleste divisjonar er i gong sine sesongar og no er det ikkje lenge til første kamp i fylkets 6. divisjon blir sparka i gong. 6. mai er den store dagen og det er berre ei drøy veke til! Vi har ta ein liten titt på laga i Hyens avdeling og i den kommande veka vil vi ta for oss kvert lag etter kor vi har plassert dei på tabellen! 6. plassen blir presenter ved midnatt.....

Publisert 27. april 2008.


6. divisjon avdeling 2 består av Askvoll/Holmedal2, Florø3, Gaular2, Hyen, Sandane2 og Tambarskjelvar. 2. og 3. lag er sjølvsagt vanskeleg å vurdere då det er vanskeleg å sei kven som til ei kver tid kjem til å spele for disse laga. Men vi har tatt sjansen på å vurdere sjansane til alle laga og har tru på at vårt tips ikkje vil bli so langt ifrå det endelege resultatet når sesongen er over.

Når det gjeld kvaliteten generelt i avdeling 2 so er det nok berre til å innsjå at den nok ikkje er av den beste og nok ligg nokre hakk bak dei 2 andre avdelingane i fylket. Spesilet trur vi at samtlege lag i denne avdelinga ville fått store problem mot enkelte lag i avdeling 3. Men likefullt så rykke det opp et lag frå kver avdeling, og kven vi trur dette blir kan ein lese 3. mai då vi presentera 1. plassen i avdelinga.

Eit lag frå kver 6. divisjonsavdeling skal som sagt rett opp i 5. divisjon. Dette betyr at dersom vinnar av Firdaligaen ikkje rykker opp må 3 lag frå 5. divisjon ned. Dette blir då dei 2 laga som blir nummer 8 pluss det dårlegaste 7ar laget! Ved opprykk til vinnar av Firdaligaen rykker eit lag mindre ned til 5. divisjon og dermed vil då berre dei to laga på 8. plass rykke ned.


Hyen var nær opprykk i 2007, skal dei lukkast i år eller er det kanskje Sandane2 som igjen stiller lag som stikk av med 5. divisjonsplassen? 

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
24. april
Heia - Hyen 1-1