|
Å vurdere 2. lag er sjølvsagt ei vrien oppgåve. Kva disse laga stiller med er aldri godt å vite og prestasjonane varierar også tilsvarande. Lagoppstillinga i ein kamp kan være god nok for divisjonen over, mens det i neste kam p er på gutelag nivå. Einaste forutsigbare er at sjansen er større for at fleire a-spelarar stiller opp på heimekampane og soleis ser ein også ein klar trend på at dei klart fleste poenga blir tatt heime.
Når det gjeld Ahil2 så stemmer teorien over delvis med laget sine resultat i 2007 sesongen. Dei endte opp på siste plass i si avdeling med usle 8 poeng. Av disse 8 poenga blei 5 tatt i dei kampane rett før og etter sommarferien noko som sikkert var eit resultat av god tilgang på spelarar. Spesielt å merke seg er at dei slo til med heile 7-1 over Florø3 heime, medan laget berre ein månad seinare tapte heile 8-3 mot same lag borte.
Askvoll/Holmedal sitt første lag gjorde ein svært dårleg sesong i 4 divisjon i 2007. Laget enda opp på klar siste plass, men pga. omlegginga av 5. divisjon slapp laget unna med ein kvalifiseringskamp, og i denne sikra laget plassen etter samanlagt siger over Bjørn. I år er laget forsterka og venteleg vil dei også gjere ein langt betre sesong der ein plass rund midten av tabellen er sannsynleg. Som på mange andre lag ute i distrikta så er ein veldig avhengig av spelarar som bur vekke. Dette er også tilfelle i Ahil, og stammen i a-laget er basert på slike spelarar. Om nokon av disse ikkje skulle starte ein førstelags kamp vil dei difor svært sannsynlegvis ikkje delta for 2. laget, då det aldri vil være aktuelt for dei å reise heim til ein 6. divisjonskamp. Om dei så skulle være heime så er det nok svært få av dei som er veldig spelesugne på for eksempel ein kamp på grusen i Hyen!
 foto: ahil.net
Sjølve laget til Ahil2 vil nok bestå av mange unge spelarar. Her er det nok snakk om ein del første års seniorar supplert med dei som enda ikkje er gode nok for a-laget og muligens eit par gamle karar som har trappa ned fotballkarriera.
Vi tvilar vell eigentleg at Aksvoll/Holmedal2 har flust av spelarar å ta av også. Laget blei påmeld i siste liten noko som kan tyde på at dei i utgangspunktet ikkje hadde nok spelarar til å stille med eit 2. lag. Mykje kan tyde på at ein har måtte pushe enkelte tvilarar som kanskje gjekk litt lei under jumbo sesongen i fjor. Får laget ein vanskeleg start er det nok også ein reel fare for at "tvilarane" blir mindre interessert i lange bortereiser og då kan Ahil2 fort slite med å kunne stille lag!
På anleggssida så er Ahil av klubbane i fylket som endå ikkje har fått kunstgras. Heimebane er grasbana Hilvang i Holmedal og treningsarena gjennom vinter, vår og haust er derfor ei grusbane. Dette er ikkje optimalt og kombinert med at dei fleste a-spelarane ikkje er med på treningane kan det være grunn til å stille spørsmål om spelarane på 2. laget har fått trent så mykje i vinter. Men dette blir berre spekulasjonar frå vår side.
Askvoll/Holmedal2 enda sist i avdeling 2 i 2007 og vi trur på same skjebne i 2008. Etter det vi kan forstå er laget ikkje forsterka på nokon anna måte enn at dei yngste i fjor har fått litt meir erfaring i år, og det er ikkje nok til at laget blir vesentleg betre i år. Laget vil nok sikkert ta ein del poeng på heimebane, og spesielt rundt ferietider når tilgongen på spelarar aukar vil nok Ahil bli ein hard motstandar for alle lag i avdelinga. Likevel er det ikkje til å sjå vekk i frå at laget nok vil få nokre tøffe borteturar til blant anna Nordfjord og då kan det fort bli stygge siffer.
Styrka: + Tilgang på a-lag spelarar + Engasjement for fotball i klubben
Svakheita: - Dårlege treningsforhold - Lite glad i bortekampar - Kan miste dei beste spelarane til 1. laget - Tynn stall?
Heimeside:
http://www.ahil.net/
Trenar:
Som på a-laget, Erling Endestad. Hjelpetrenarar Frank Ask og Leif Helge Rivedal
Spelarstall:
Ahil har ikkje delt troppen opp i ein A og B stall. Dei som vil spele på 2. laget kjem ann på kven som startar i 4. divisjon og eventuelle soningar. I tillegg vil det også bli nokre frå gutelaget som er gamle nok.
Draktfargar:
Grønn trøye, kvit bukse, grønne sokkar - heime Kvit trøye, kvit og grønnstripete bukse, grønne sokkar - borte
Tabelltipset:
1. Sandane2
2. Hyen
3. Ahil2
4. Florø3
5. Tambarskjelvar
6. Gaular2 |