hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



2. plass: Hyen

Etterkvert som vi har flytta lupa oppover på tabellen så er det nok ein del som har trudd at hyenfotball.com skulle tippe sin eigen klubb på topp i år. Men vi har valt å gje dei 2. plassen. Derimot trur vi at det er nok til at Hyen kjem til å rykke opp år! Det store spørsmålet er om laget har fått opprykket i posten, og om dei eigentleg vil rykke opp??

Publisert 2. mai 2008.


Hyen har etterkvart blitt eit erfarent 6. divisjonslag, bortsett frå svippturen i 5. divisjon i 2005 har laget vært å finne i fylkets jumbodivisjon. Men til tross for liten spelarstall og dårlege treningsforhold har hyarane stort sett vært med å kjempa i teten dei fleste sesongane. 2007 var ikkje noko unntak, og laget var veldig nær å sikre opprykk til 5. divisjon.

Dessverre for Hyen så var ein rett og slett ikkje gode nok for opprykk, og at det var Breim, Vikane og Jølster2 som rykte opp frå avdeling 3 var som fortent. Hyen spelte ein god vår sesong og såg lenge ut til å være det beste laget i avdeling, men når matchballane kom på ei snor utover hausten, så svikta laget gong på gong, og soleis er hyarane i 6. divisjon også i 2008.

Spelarstallen er nok dessverre ein del svekka frå i fjor. Geir Sigurd Vatnamo, Øyvind Magnus Solheim og Marius Hallem har funne nye beite, medan Even Hallem og Ørjan Gjesdal har funne tilbake til gamleklubben etter å ha spelt guttefotball i Eikefjorden. Den mest spennande nyerværvelsen til Hyen er likevel spissen Morten. Dette er ein spelar som med solid erfaring og rykta skal ha det til at han i si tid også var innom Brann! Han kjem til å være med for Hyen gjennom heile sesongen og vil være ei solid forsterkning for nordfjordingane så lenge han held seg skadefri noko som ikkje er tilfelle akkurat no. Avgangane vil naturlig nok svekke laget. Vatnamo vart i fjor kåra til årets Hyen spelar, Solheim var ein trygg og rutinerte keeper, medan Hallem var eit stort talent som i år skal prøve lykka på Sandane.

Resten av spelarstallen frå i fjor er intakt, men det er nok enkelte av spelarane i troppen som maks vil spele 1-2 kampar og då kjem nok laget etterkvert til å merke at ein ikkje er fleire enn det som trengst! Det viktige for Hyen i år er at dei unge spelarane utviklar seg og tar meir ansvar samtidig som dei meir rutinerte stiller opp gjennom heile sesongen.

Ein av dei store svakheitene for Hyen er dei dårlege treningsforholda. På vinteren blir grusbana i Hyen veldig fort dekka av snø/slaps/is og då blir ein tvinga til å trene inne i ein gymsal som er 15x6m med eit bona underlag som er håplaust å spele fotball på. Dette igjen føre til at treningsoppmøte blir dårleg og soleis får ikkje laget trént i lag på viktige ting som samspel og taktikk. Konsekvensen av dette blir at dei få som møter på trening blir frustrerte og når dette i tilegg helst er dei unge spelarane så kan dette på sikt fort føre til at ein misser disse til andre klubbar. Alt dette skuldast i bunn og grunn at idrettslaget i bygda alltid har nedprioritert fotballen framfor minoritetssportar som langrenn og friidrett.

Laget til Hyen inneheld mykje kvalitet, og ein har spelarar som kunne gått rett inn og styrka mange 4. divisjonslag. Likevel så er spelarstallen sopass tynn og fleire av spelarane går også mot slutten av fotballkarriera og dermed blir det viktigare for klubben å klare å ha lag enn nødvendigvis å jage opprykk. Det å ha spelande trenar er også ein svakheit då det fort kan gjere denne personen til ein dårlegare spelar samtidig som det er vanskeleg å få oversikten i kampar når ein spelar sjølv. Men når ein bur i ei lita bygd som Hyen må ein berre gjere det beste ut av dei ressursane ein har. Det er  likevel liten tvil om at dersom laget hadde fått på plass ein trenar som ikkje spelte, fått tidligare spelarar tilbake og fått kunstgras i Hyen så hadde laget kunne utvikla seg svært mykje! Men eit opprykk i år vil sannsynligvis føre til at ein får spelarar tilbake til klubben og då kan laget fort etablere seg i 5. divisjon.

Den store utfordringa for Hyen blir å stille "eit godt lag" gjennom heile sesongen, klare dei det, vil dei nok bli veldig vanskelig å slå. På heimebane skal laget i år kjempe om 24 poeng, og ingen bør bli overraska om Hyen tar nærmare 20 av disse. Går det slik vi trur blir det 3 gloppelag å finne i 5. divisjon i 2009, og då blir det spennande å sjå om Hyen kan kalle seg gloppens beste fotballag!

Styrka:
+ Rutinerte spelarar
+ Gode heime
+ God lagmoral og hardt kjempande
+ Gode enkelt spelarar

Svakheiter:
- Dårleg treningsoppmøte
- Dårlege treningsforhold
- Lite samspelt
- Tynn spelarstall
- Veldig avhengig av enkelt spelarar

Draktfargar:

Blå trøye, svart bukse, blå sokkar - heime
Gul trøye, svart bukse, blå sokkar - borte

Heimeside:
http://www.hyenfotball.com

Trenar:
Åsmund Ommedal

Spelarstall:

Keeper:

Even Hallem

Forsvar:

Karl Erik Holme
Øyvind Larsen
Ola Alexander Lilloe-Olsen
Ola Henning Ommedal
Geir Sigurd Vatnamo
Stig Rune Aa

Midtbane:

Tommy Folkestad
Ørjan Gjesdal
Jens Robert Hope
Hans Otto Holme
Anders Klungre
Andreas Morken Kvalheim
Anders Ommedal
Åsmund Ommedal
Mats Henrik Solheim
Karl Erik Utheim
Geir Kjetil Aa Hope

Angrep:

Morten
Frank Holme
Roger Nordal
Lars
Rønnekleiv

Tabelltipset:

1. Sandane2

2. Hyen

3. Florø3

4. Tambarskjelvar

5. Gaular2

6. Askvoll/Holmedal2

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
24. april
Heia - Hyen 1-1