|
Sandane som klubb har dei siste åra opplevd ei spelarflukt av dei sjeldne. Det var etter 2005 sesongen elendigheita begynte for gloppelaget. Av forskjellige årsaka slutta stort sett alle dei rutinerte spelarane på a-laget og i 2006 fekk spelarar nest en utan speletid i sesongen før ansvaret. Dette gjekk som det måtte gå og STIL vart 4. divisjonslag etter å berre ha tatt 1 poeng! Før denne sesongen har Sandane nok ein gong opplevd ei gigantisk spelarflukt! Nesten utan unntak har laget mista alle sine beste og viktigaste spelarar frå 2007. Skaaden, Sægrov, Apalseth, Øygard, Wie, Myklebust, Skrede og Ripe er alle vekke! Nokre nye spelarar er sjølvsagt på plass, men er ingen av disse som kan seiast å kunne gå inn og ta rett over plassen til dei som spelte i fjor. Derfor blir det nok ein svært vanskeleg sesong for Sandane og som tabelltipset vårt for 4. divisjon viser så trur vi på nedrykk til 5. divisjon for STIL sitt a-lag. Serieopninga i 4. divisjon har vist at Sandane skal få slite, men Eikefjord ser ut til å få det vell so tøft, og på bakgrunn av at det ser ut til at berre eit lag rykke ned frå 4. divisjon i år so vil det vell sjokkere ein del om Sandane går på eit nytt nedrykk.
 Mykje tyder på at det vil gå feil veg på tabellen for trenar Jan Ove Ødven og STIL sitt a-lag i 2008, men kan 2. laget få ein positiv sesong?
Spelarflukta til a-laget til har resultert i at STIL ikkje har hatt spelarar til å kunne stille med 2. lag i 2006 og 2007. Ikkje mykje som skulle tilseie at situasjonen skulle være så mykje betre i år, men dei har tydelegvis fått fram ein del spelarar frå 90 og 91 årgangen og det er disse som i hovudsak vil utgjere laget i 2008 sesongen. Dette er kun i seg sjølv for tynt og derfor er det veldig viktig at Sandane2 får med gamle karane Oddgeir Leirgul og Bjarne Austrheim. Dette er spelarar med solid erfaring og ingen tvil om at disse hadde vore dei klaraste vala på 4. divisjonslaget om dei hadde ønska det. Men for Sandane2 sin del er det kjempe gunstig at dei vel 6. divisjon og mixen mellom disse og alle dei unge spelarane kan bli veldig giftig.
Kvaliteten på dei unge spelarane på dette laget er nok av svært varierande kvalitet. Er ein del bra spelarar samtidig som det også er nokon som klart har mykje å gå på. Det skremmande for Sandane er at etterkvert som folk blir ferdig på Firda VGS så forsvinn dei også høgst truleg frå fotballaget og dermed vil det heile tida bli utskifting. Det vil nok sei at ein dei beste på Sandane2 i år går rett inn på a-laget til neste år, og då spørst det om eit år i 6. divisjon er nok for å takle overgang til 4. divisjon spel. Sånn sett så er det mykje som kan tyde på at Sandane eigentleg ikkje har grunnlag for å ha lag høgare enn 5. divisjon på kort sikt.

Sandane2 har etter det vi kjenner til berre spelt ein treningskamp i år. Her blei det 2-5 tap mot naboane frå breimsbygda. Breim mangla ein del spelarar, men hadde likevel god kontroll på kampen. Breimningane er vell eit litt under middels 5. divisjonslag og eit slik tap vitnar nok om at Sandane2 ikkje bør tenke på noko opprykk i alle fall. Men dette er nok heilt sikkert ikkje noko målsetning for laget heller. Noko anna ville i alle fall forundre oss veldig då STIL i sine 3. divisjons glansdagar heller ikkje ville ha noko 2. lag i 5. divisjon.
På anleggsida er det mykje ein kunne sagt om Sandane, men vi fattar oss i kortheit og seier berre at det er "heilt hol i haude" at ein stad som Sandane endå ikkje har kunstgras. Sjølv om dette er på veg er det likevel altfor seint, og dette er nok mykje av grunnen til at STIL er i den hengemyra dei er i idag. Heimebana til Sandane2 er i år grasbana på Søreide. Dette er for so vidt ei grei bane, men vi synest no at STIL kunne spandert idrettsplassen på klubben sine nest beste.
Sandane2 stiller med eit veldig ungt lag i år. Store delar av spelarane er under 18, men enkelte "litt eldre" drar likevel snitte om med eit par år. Dei sist nemnde vil nok være nøkkelen for ein bra sesong for laget. Disse vil kunne lære vekk mykje nyttig til dei yngre noko som garantert vil gjere dei til betre spelarar. Men når gamlekarane må prioritere andre ting enn fotball ser dette laget svært tynt ut, og då ser vi ikkje heilt kven som skal ta ansvar og leie laget ut i krigen som venta på dei ulike 6. divisjonsarenaene. Vi trur at Sandane2 vil variere mykje i år. På sitt beste slår dei samtelege i avdelinga, men dei kan også fort tape mot alle. 3. plass blir vårt tips på dei nest beste stilpusane og vi trur ikkje dei er så mykje dårlegare enn a-laget i år!
Styrka: + Unge og treningsvillige + Blir betre for kvar kamp + Gamle kara som kan dra lasset
Svakheiter: - Generelt manglande rutine - Har hatt dårlege treningsforhold i vinter - Kan miste dei beste til a-laget
Heimeside: http://idrett.speaker.no/organisation.asp?orgelementid=25793
Draktfargar:
Blå trøye, blå bukse, blå sokkar - heime Kvit trøye, blå bukse, blå sokkar - borte
Trenarar:
Espen Aagård og Peder Hauge
Spelarstall (tatt utgangspunkt i dei som var med mot Breim):
Keeper:
Jon Einar Haraldsvik
Forsvar:
Ronny Viken Martin Slagstad Morten Vetti Eirik Kaale Bjarne Austrheim
Midtbane:
Runar Myrold Espen Midthun Sindre Holen Eimhjellen Are Nyhammer Eskil Kleppaker Arne Mathias Heen Ask Jens Gule Roy Cato Evebø Joakim Føleide
Angrep:
Bjørn Ødven Arild Strømmen Espen Denk Oddgeir Leirgul
Tabelltipset:
Sandane2 har ikkje gidda å svart på våre spørsmål og vi har derfor heller ikkje deira tabelltips. |