|
Som tidlegare nemnt er det å vurdere 2. lag av den vanskelege sorten. Dette skuldast enkelt og greitt at b-lag kan ha store utskiftingar i spelarstallen frå kamp til kamp og dermed vil styrkeforholdet til laget variere veldig. Dette er nok også ein overhengande fare for eit 3. lag, men etter det vi trur så vil nok Florø3 i år meir eller mindre bestå av dei same spelarane gjennom heile sesongen.
Vi har lite info om spelarstallen til Florø3 men vi har fått opplyst at dei har ein tropp på 15 spelarar. Dette er nok eit veldig ungt lag, men kan nok være muligheita for at det vil dukke opp ein og anna eldre spelar som ikkje har so store ambisjonar på fotballbana lenger. Vi tvilar på at laget kjem til å få noko særleg hjelp av reservar frå 2. laget og merkar oss at Florø2 og Florø3 spelar kamp same dag 4 gongar i løpet av sesongen.
Florø fotballen har takka være "anleggsguden" på vestlandet Trond Mohn fått glimrande treningsfasilitetar dei siste åra. Anleggsida består av ein innandørs storhall med 7ar bane i kunstgras, utandørs 11ar kunstgras og i tillegg Florø stadion med eit tusentals sitteplassar. Dette gjer at Florø som var på nivå med Sandane for nokre år sidan når det gjaldt fotballfasilitetar no kanskje har fylkets beste treningsforhold.
 foto: haugenfotball.no
At Florø har ein god juniorårgang er lite å lure på. FSK var nemleg den klubben som presentere Sogn og Fjordane i årets junior NM etter at dei slo Sogndal i kvalikkfinalen. Der tapte laget forøvrig mot eit veldig sterkt Ålesund lag. Om det var spelarar frå Florø3 på det laget har vi ikkje kjennskap til, men det viser uansett at det er stor kvalitet i junior avdelinga til laget frå kystbyen.
Sannsynligvis vil dette laget bestå mykje av dei same spelarane som spelte på Florø3 i fjor kombinert med førsteårs seniorar og enkelte gutespelarar. Fjorårssesongen til Florø3 var på ingen måte imponerande. Dei enda som nummer 3 av 5 og tok berre 13 av 36 mulige poeng! Når det gjeld gutelaget til FSK i fjor så hadde dei ein varierande sesong. Vårsesongen enda dei på nest siste plass, medan dei kom sterkt tilbake i 2. divisjon i haustsesongen og vann si avdeling. Ein fellesnemnar for begge laga i fjor var at dei var gode heime medan dei hadde større problem når dei var på bortebane.
 foto: haugenfotball.no
Når det gjeld ambisjonane til laget Florø3 så er dei krystallklare, dei skal vinne avdelinga! Om dette nødvendigvis innebere at dei ønskjer opprykk er uvisst, men ettersom 2. laget til FSK er i 5. divisjon så vil det uansett være umulig for Florø3 å rykke opp utan at Florø2 rykke opp! Men skulle Florø2 lykkast vil nok heilt sikkert Florø3 takke ja til 5. divisjonsspel!
Vi trur at Florø3 vil framstå som eit meir seriøst lag i 2008 enn kva som var tilfelle i fjor. Ambisjonane til laget er å vinne avdelinga, og skal ein gjere det må ein også gidde å reise på bortekampar og ta med seg dei rette innstillingane dit. Florø3 er nok ikkje eit lag motstandarane treng å frykte, men med tanke på at nivået på 6. divisjon avdeling 2 i 2008 er på eit veldig lavt nivå i år så trur vi at godt trente, unge kunstgrasspelarar skal kunne ta nok poeng i løpet av sesongen til å kunne delta i kampen om KM tittel. Om det blir opprykk kjem ann på korleis Florø2 gjer det i år.....
Styrka: + Treningsvillige + Gode treningsforhold + Gode trenarar i FSK systemet + Har talent som vil utvikle seg utover sesongen
Svakheiter: - Urutinerte spelarar - Lite glade i bortekampar - Kan miste dei beste spelarane til 1. og 2. laget
Heimeside:
http://www.florosportsklubb.no/
Trenar: Jørgen Nygård
Heimebane: Florø Krøllgras
Draktfargar: Heime: Brun trøye, kvit bukse, kvite sokkar Borte: Kvit trøye, kvit bukse, kvite sokkar
Spelarstall:
Vi har desverre ikkje fått Florø3 sin spelarstall. Alt vi veit er at dei har ein tropp på 15 mann.
Tabelltipset:
1. Florø3
2. Sandane2
3. Gaular2
4. Hyen
5. Askvoll/Holmedal2
6. Tambarskjelvar |