hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



4. plass: Tambarskjelvar 

Tambarskjelvar stiller i år seniorlag for første gong på 6 år og det knyttar seg sjølvsagt stor spenning til kva dette laget kan få til. Naustedølingane har spelt mange treningskampar i år og til tross for at dei har vist framgang i disse, så har nok resultata avslørt at Tambarskjelvar ikkje blir noko topplag. Vi tippar dei på 4. plass i 6. divisjon avdeling 2 i 2008.

Publisert 30. april 2008.


Tambarskjelvar er det laget i avdelinga som har spelt flest treningskampar før sesongen. Sjølv om det har blitt tap i samtelege, så er det udelt positivt at laget har fått gjennomført heile 5 kampar til og no og ein 6. kamp mot Anga 1. mai. Resultatmessig er faktisk trenden at laget til tross for berre tap har gjort det betre for kvar kamp. Men resultata har veldig lite å sei i treningskampar, og det er spelemessig framgong som det er det viktige. Dette føle vi oss rimeleg sikre på at dei har hatt, noko som også virka som dei sjølve også er einige i. Det spennande blir då å sjå om dei klara å fortsette den positive trenden også når sesongen er i gong.

Tilbake til treningskampane til Tambar så starta det med ein skikkelig smell mot divisjonskollega Førde4 i midten av mars. Det unge førdelaget gav seg ikkje før dei hadde nedsabla naustedølingane med 8-1. Eit so stygt tap mot det som var eit middelmådig 6. divisjonslag i 2007 er sjølvsagt ikkje bra, men Førde4 har utvikla seg mykje på det siste året og ingen bør bli overraska om det er dei som vinn 6. divisjon avdeling 1. I dei neste kampane har det blitt 6-1 tap mot Eikefjord og 9-1 tap for Gaular før dei tapte knapt 2-1 borte mot Florø3. Sist blei det 1-4 tap heime mot eit habilt Jølster2 lag etter at jølstringane leia heile 4-0 til pause. Tambar leverte ein god 2. omgong og vi trur dei får den sårt etterlengta første sigeren i treningskampen mot Anga.


Alle foto: tambar-fotball.com

Vi trur at Tambar sitt kampopplegg i vinter har vore veldig smart. Spelarane har heile tida fått nye utfordringar, og skjønt at dersom det skal bli poeng er trening og hard jobbing som må til. Derfor trur vi det og er veldig lurt å avslutte med ein motstandar i siste treningskamp som ligge på omtrent same nivå. Siger her vil føre til sjølvtilit blant spelarane noko som dei garantert vil dra med seg inn i sesongstarten.

Når det gjeld spelarstallen til Tambar så er den om ikkje anna i alle fall brei! 23 spelarar står oppført, og det virka også som dei fleste av disse også møter opp på trening. Etter det vi har forstått har dei hatt fleire treningar med nesten 20 mann, og dette er noko dei fleste klubbar i fylket nok er misunnelege på. Det er på trening grunnlaget blir lagt og det er her spelarane kan bli samspelte og utvikle seg som lag. Dette er nok det vi ser på som den største styrka til Tambar i år. Med treningsiver blant spelarane er det ingen tvil om at laget vil utvikle seg mykje gjennom sesongen, og Tambar kan nok bli det store formlaget i haust. Av enkelt spelarar så har dei vell ikkje akkurat nokon store "stjerner", men fjorårets spelande Anga trenar Gunnstein Vefring (til venstre) er på plass, og han pluss eit par gamlekarar kan bidra med viktig erfaring i eit elles ganske ungt lag der gjennomsnittsalderen er 21,5 år.

Trenarane ( i midten) Roger Edvardsen og Narve Kirkebø virka også å ha kontroll på det dei driv med, og det ser ut som dei har fått fram engasjement og spelelyst i spelarane. Mykje tyder på at begge disse vil spele for laget, og då kan det sjølvsagt bli vanskeleg for dei å styre laget i kampsituasjon samtidig som det kan være vanskelegar å evaluere ein kamp du sjølv har spelt. Men er no tross alt 6. divisjon vi snakka om, så vi reknar med at dette vil gå relativt smertefritt!

Tambarskjelvar er eit spennande lag, og vi har stor tru på at dei kjem til å utvikle seg mykje gjennom sesongen. Soleis kjem dei også til å ta ein del poeng, og vi blir svært overraska om Tambar blir noko dårlegare enn nummer 4. Samtidig ser det ut som dei mangla dei enkelt spelarane som kan føre dette laget heilt i toppen og difor ser vi på ei plassering midt på tabellen som det mest naturlege. Tambar blir garantert ikkje noko lett lag å slå, men vi trur 2008 sesongen blir eit år for tidleg for dei å skulle kjempe heilt i toppen.

Styrka:
+ Stor spelarstall
+ Treningsvillige
+ Spelt mange treningskampar
+ Blir betre for kvar kamp
+ Engasjement for fotballen

Svakheiter:
- Spelarar som ikkje har spelt seriefotball på ei stund
- Har ingen som er ekstra god, og kan dra lasset

Heimeside:
http://tambar.no/
http://tambar-fotball.com/

Draktfargar:

Gul trøye, svart bukse, gule sokkar - heime
Grøn trøye, svart bukse, gule sokkar - borte

Trenarar:

Roger Edvardsen og Narve Kirkebø

Spelarstall (posisjonane stemmer nok ikkje 100%):

Keeper:

Marius Herstad

Forsvar:

Ole Bertil Elvebakk
Villy Andre Engebø
Thomas Solheim
Anders Savland
Roger Edvardsen

Midtbane:

Gunnstein Vefring
Kristoffer Hundershagen
Joar Vefring
Narve Kirkebø
Stian Hammarseth
Jonas Røyseth Paulen
Ørjan Slettemark
Lars I. Kalland

Angrep:

Tomas “Tevez” Andal
Harald Kalland
Tore Klopstad
Torstein Vonen
Arnt Ole Ramstad
Kristoffer Fauske
Torgeir Herstad

Tabelltipset:

1.     Sandane2

2.     Askvoll/Holmedal2

3.     Tambarskjelvar

4.     Hyen

5.     Gaular2

6.     Florø3

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
24. april
Heia - Hyen 1-1