hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Hyen møter Heia

Hyen skulle i utgangspunktet møtt Heia til treningskamp torsdag 10 . april på Eid idrettspark, men etter en administrativ Heia tabbe blei ikkje det noko av. Derfor blei det sett opp ein ny kamp mellom laga, og denne gongen blir det kamp!

Publisert 24. april 2008.


Dette blir altså Hyens første treningskamp i år, ikkje optimalt dette, men når ein har ei heimebane som ikkje er brukande før i april kombinert med tynn spelarstall er det ikkje alltid like lett å få til kampar.

I dag reiser uansett laget nordover til Eid for å møte divisjonskollega Heia som i år spelar i avdeling 3. På datoen disse laga opprinneleg skulle møtast spelte Heia mot 5. divisjonslaget Oppstryn og vann 2-1. Dette tyder nok på at Hyen får god motstand i kveld. I fjor spelte også laga treningskamp før seriestart på samme bane og då blei 0-6 i sekken for hyarane. Derfor er det nok revansjesugent Hyen-lag som er klare til kamp, og ei forbetring av fjorårs resultatet bør vell være ei minimum målsetting.


Heia er dagens motstandar!
Foto: haugenfotball.no

Som nemnt slit Hyen med ein tynn spelarstall i år, og det å få nok spelarar til denne kampen gjekk akkurat med eit nødskrik. Hyen reise med kun 12 spelarar til dagens kamp, og er vell ikkje alle 12 som er like "match fitte" heller! Coachen har tatt ut følgjande lag:

Lagoppstilling (4-5-1)
Even Arne Hallem; Håkon Solheim, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Anders Ommedal; Karl Erik Holme, Anders Klungre, Åsmund Ommedal, Ørjan Gjesdal, Andreas M. Kvalheim; Roger Nordal.

Benken: Karl Erik Utheim.

Som ein ser så stiller Hyen i dag med to debutantar på seniornivå. Even Arne Hallem og Ørjan Gjesdal får sin første kamp for Hyen som seniorar. Er eit veldig ungt lag Hyen stiller med i dag og heile 6 spelarar er under 18 år.

Blir unasett ein nyttig kamp for Hyen, og å få spele på det glimrande kunstgraset på Eid i eit strålande vær gjer nok dette til ein artig kamp som spelarane gledar seg til!

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
25. november 15:00 Jølster2 - Hyen 3-2