hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Heia - Hyen 1-1

Hyen spelte torsdag kveld uavgjort 1-1 i ein treningskamp mot Heia på Eid idrettspark. Hyen stilte med ei tynn tropp til dagens kamp og forventingane var vell også litt deretter, men fjorårs sesongens 0-6 tap vart tydeleg revansjert og etter rapportane var Hyen faktisk nærmast å vinne kampen. Heia leda 1-0 til pause.
Publisert 24. april 2008.


Årets første og kanskje einaste treningskamp for Hyen blei spelt på den flotte kunstgrasbana på Eid torsdag kveld. Hyen reiste med kun 12 spelarar til Eid, og med 0-6 frå i fjor på minnet så var det nok enkelte som ikkje akkurat var über positive på Hyens vegne i denne kampen. Men Hyen kjempa bra og 1-1 må være eit resultat ein skal være godt fornøgd med.

Heia starta kampen best, og hadde eit vist press på Hyen, men bortelaget fekk som oftast brutt før det vart farlege sjansar ut av det. Likevell var det Heia som tok leiinga i kampen då ein uheldig hyeforsvarar tok ein Riise og heada ballen i eige mål etter ca. 20 minutt. Pga. begrensa banetid blei kampen spelt 2x40 minutt og første omgang ebba ut med 1-0 til heimelaget.

I 2. omgang tok Hyen litt meir over. Heia var blant anna veldig heldig då keeperen deira felte Andreas M. Kvalheim som siste mann rett utanfor 16meteren. Pga. treningskamp valgte dommaren å kun gje gult kort, og det var nok greit for også Hyen spelarane, men hadde det vore seriekamp hadde nok blitt ein tidleg dusj på Heias siste skanse.

Hyen skulle likevell få som fortent seinare i kampen. Etter omlag ein time ut i kampen utlikna Roger Nordal for Hyen etter eit innlegg frå høgre sida. 1-1 vart også sluttresultatet.

Heia var langt i frå eit stort fotballag denne kampen, og er lite truleg at dei stilte med toppa lag. Men det gjorde heller ikkje Hyen og kampen blei ei veldig positiv oppleving for bortelaget som nok vil gje sjølvtillit og ekstra gøts fram mot seriestart.

Seriestart er 6. mai og då møter Hyen Askvoll/Holmedal2 på heimebane!

Les meir om kampen mellom Heia og Hyen på http://www.haugenfotball.no/

Kampfakta:

Treningskamp

Heia - Hyen
1-1 (1-0) 

Mål:
 1-0 20. min Heia
 1-1 60. min Roger Nordal

Arena: Eid idrettspark

Lagoppstilling (4-5-1)
Even Arne Hallem; Håkon Solheim, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Anders Ommedal; Karl Erik Holme, Anders Klungre, Åsmund Ommedal, Ørjan Gjesdal, Andreas M. Kvalheim; Roger Nordal.

Benken: Karl Erik Utheim.

 

Neste kamp:
6. mai 19:00 
Hyen - Ahil2

Siste kamp:
24. april
Heia - Hyen 1-1