|
Haugen - Hyen 0-7
Hyen spelte årets siste treningskamp då ein møtte Haugen til dyst på Eid idrettspark søndag ettermiddag. Hyen hadde vell eit lite favorittstempel ettersom ein hadde slått 5. divisjonslaget Eikefjord heile 4-0 borte i forrige kamp. Det tok ikkje lange tida før ein skjønte at det her kom til å gå veien for Hyen. Etter eit kvarter stod det 0-3, og at det til slutt blei 0-7 var ikkje eit mål for lite! Stillinga til pause var 0-3!
| Publisert 5. april 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. |
|
|
Dagens HIL-stjerne: Even Hallem
 Foto: hyenfotball.com For andre kamp på rad fekk Even Hallem clean sheet! Han varta opp med fleire klasse-redningar og hadde ellers god kontroll. Nokre svake utspel i starten, men det ordna han opp i utover i kampen! |
Hyen har altså hatt si siste treningshelg før sesongen, og som dei andre gongane skulle ein også no avslutta helga med treningskamp. Denne gongen gjekk turen til Nordfjordeid og møte med 6. divisjonslaget Haugen på Eid idrettspark. Var nok ein del spente Hyen-spelarar før denne kampen. Kor god var eigentleg 4-0 seieren over Eikefjord, og ville ein no få beina godt ned att på jorda mot tøffe hauarar!?
I utgongspunktet hadde Hyen ein solid tropp til kampen, men som i dei andre kampane i år kom det også no forfall på kampdag. Både Ørjan Akse, Geir Sigurd Vatnamo og Geir Kjetil Aa Hope måtte kaste inn håndkleet på kampdag. Heldigvis hadde ein klart å lure med superreserven Brede Seim i dei seine nattetimar kvelden før, og det skulle vise seg at han skulle få være med å sette sitt preg på kampen!
Det var eit ufyseleg veir då spelarane frå dei to laga entra bana, men kamp skulle det bli sjølv om sommarfuglane flaksa innvending og dei fleste var gjennomvåte før dommaren hadde blåst i gong. Her var det berre å trøkke til, og det var akkurat det Hyen gjorde!

Haugen hadde ein svært ung keeper i første omgang og det seier seg sjølv at det blei ei tøff oppgåve for han når Haugen hadde invitert scoringskåte hyarar på besøk. Til tross for at han gjorde mange gode redningar sleit han veldig med utsparka, og det førte til at Hyen fekk mange gode sjansar rett frå Haugen-utspark. Men effektivitet er ikkje eit ord som er passande på hye-laget i dag. Før det var gått 5 minutt hadde ein allereie brent fleire 100%-sjansar! Likevel skulle det vise seg at brente sjansar ikkje skulle bli eit problem. Etter 7. minutt får Hyen eit innkast til venstre midt på Haugen sin halvdel. Åsmund Ommedal står høgt oppe på bana bak Haugen forsvaret noko som Ola Alexander Lilloe-Olsen ser. Han får tak i ballen kjapt og kastar Ommedal fri ute på sida. Han tar med seg ballen, og sjølv om han kjem litt skrått får han avslutta via keeper og i nettet og dermed 1-0!

2-0 målet skulle komme like etter det første! Det startar med at Hyen får eit frispark ute til høgre omtrent 40 meter frå Haugen sitt mål. Innlegget blir klarert, men klareringa blir igjen klarert ned mot cornerflagget der Ørjan Gjesdal får tak i ballen. Han slår til Karl Erik Utheim som legg igjen ballen til Ola Alexander Lilloe-Olsen som slår inn på direkten mot 16-meteren der Anders Klungre står godt plassert. Klungre får flikka ballen supert til Anders Ommedal som kjem på eit glimrande løp. Han kjem då aleine med keeper, men istadenfor å avslutte sjølv spelar han uegoistisk til Jens Robert Hope som får ein enkel jobb med signere det ferdigscora målet! Eit veldig fint mål der heile 6 hyarar kombinerte fint før ballen satt i nota!

Etter dette brenn Hyen nok eit par veldig store sjansar, men det skal likevel ikkje ta mange minutta før 3-0 er eit faktum. Anders Klungre får tak i ei dårleg Haugen-klarering. Han tek med seg ballen framover og spelar den vidare til Jens Robert Hope. Han tek nokre fintar før han spelar Karl Erik Utheim heilt aleine igjennom. Utheim får ein "enkel" jobb og er sikker som banken! Ein fantastisk start for Hyen med andre ord, og no var det vell ikkje så reint få som tenkte tanken om at her kunne det bli to-siffra!! Den tanken bredde seg tydelegvis hos dei fleste hyarane. Innsatsen og dei taktiske valga blant spelarane datt ned på Haugen sitt nivå noko som gjorde at Haugen tok litt over kampen. Faktisk kom heimelaget også til nokre relativit store sjansar. Heldigvis hadde Hyen ein glimrande Even Hallem bakerst og han sørga med nokre veldig gode redningar for at Hyen slapp med skrekken.

Sjølv om Hyen hadde eit par gode sjansar også den siste halvdelen av første omgong var det Haugen som hadde avslutta klart best. Dette seier også litt om kor dårleg hyarane presterte i denne perioden. Derfor var det eigentleg eit skuffa Hyen-lag som gjekk til pause med 3-0! Det var liten tvil om at ein burde scora minst 3-4 mål til, men verst var det at ein svært sjeldan spelte god fotball i lag. Ein stressa for mykje, og det blei fleire klareringar enn gode passningar. Det var derfor ein heiltent gjeng som gjekk på bana i 2. omgong. Her skulle ein vise kva ein var god for!

Den andre omgongen starta med ein del duellar og ballen var mykje på midtbana. Det var derfor ingen av laga som hadde skapt noko særleg før Hyen fekk frispark i det 53. minutt etter at Anders Klungre hadde blitt klippa ned ca. 35 meter frå mål ute til høgre. Det som skulle være eit innlegg på bakerste stople frå Ola Alexander Lilloe-Olsen enda med at ballen gjekk rett i mål over og til venstre for ein litt lav Haugen-keeper og dermed stod det 4-0! Etter dette sleit Hyen fortsatt med å skape bra spel, og eigentleg var det Haugen som hadde spelet i dei påfølgjande minutta. Men Even Hallem fortsette med sitt gode arbeid og hadde fleire fine redningar som forhindra scoring imot!

Hyen prøvde, det skal dei no ha, men stort sett enda det med at ei dårleg passning øydela overgongane. Spesielt hadde ein alt for mange gjennombruddspassningar som blei for harde og dermed trilla rett inn til keeper. Den første store Hyen-sjansen i andre omgong kom ikkje før etter tjue minutt. Etter ein corner blei Anders Klungre klippa ned på 18 meter. Ein glimrande frispark-posisjon, men skuddet var for dårleg og gjekk ein meter til venstre for mål.
 foto: Stig Høynes - haugenfotball.no
Neste mål, noko som også eigentleg var kampens neste store sjanse kom etter 77 minutt! Åsmund Ommedal får ballen i midtsirkelen og slår ei glimrande passning ut til Tommy Folkestad på høgre. Han får tatt med seg ballenn ned mot dølinja før han slår eit perfekt innlegg på førstestolpe der Karl Erik Utheim kjem stormande. Avsluttninga til Utheim er også av den fine sorten og ballen går via tverrligaren og rett i nettet bak ein sjanselaus keeper! 4-0 og eit nytt mål som kjem etter eit veldig fint angrep.

No var Hyen i støtet, berre minuttet seinare kriga Tommy Folkestad til seg ballen nesten nede ved høgre hjørnet. Han får spelt tilbake til Ørjan Gjesdal som slår ein fin stikkar mot Åsmund Ommedal som kjem på eit godt løp inn i feltet. Ommedal slår ballen forbi keeper mot Karl Erik Utheim, men ein motstandar kjem skliande inn før Utheim, men er sjanselaus på å gjere noko anna enn å berre skli ballen vidare inn i nota og 0-6!
Haugen hadde nokre nesten sjansar etter dette, men eit par avsluttningar gjekk over mål eller so blei dei blokkert av eit kompakt hye-forsvar. Det neste store som skjedde var derfor når dagens debutant for Hyen Brede Seim entra bana i det 84. minutt. Det skulle nemleg ikkje ta lang tid før han kom i begivenhetenes sentrum!
Øyvind Heimset Larsen startar eit fint angrep frå sin høgreback posisjon ved å slå ballen opp til Anders Klungre. Han slår ballen fint tilbake på høgresida der både Tommy Folkestad står og Øyvind Heimset Larsen kjem på løp. Etter litt om og men er det Heimset Larsen som bestemme seg for å ta med seg ballen det gjer han glimrande og får slått eit innlegg som nettopp Brede Seim er først på og nikkar ballen i buret etter berre å ha vore på bana i eit minutt!

Etter dette skjer det lite, bortsett frå at Even Hallem har ei kanonredning på eit skudd frå 16-meter. Det mest spennande å ta bilde av var ankelen til Håkon Solheim som såg ut til å være godt inne i 9. måned etter at han måtte forlate bana med eit overtråkk midtvegs i 2. omgong. God bedring Håkon!
Alt i alt så spelte Hyen eigentleg ein dårleg kamp, men laget scorar sju og slepp inn null og dermed kan ein jo ikkje klage. Men Hyen fekk altfor sjeldan til noko godt spel, og den store sigeren skuldast at Haugen var veldig svake samtidig som Hyen av og til sette inn eit ekstra gir og dermed køyrde over dei svartkvite Eidarane! Oppsummeringa blir: 7-0 siger på bortebane på ein dårleg dag! Men strengt talt burde ein ha klart det dobble...
Referat frå Haugen sine sider
Kampfakta:
Treningskamp
0-7 (0-3) 
Mål:
0-1 x9. min Åsmund Ommedal (Ola Alexander Lilloe-Olsen)
0-2 11. min Jens Robert Hope (Anders Ommedal)
0-3 17. min Karl Erik Utheim (Jens Robert Hope)
0-4 53. min Ola Alexander Lilloe-Olsen
0-5 77. min Karl Erik Utheim (Tommy Folkestad)
0-6 78. min Own goal! (Åsmund Ommedal)
0-7 85. min Brede Seim (Øyvind Heimset Larsen)
Arena: Eid Idrettspark Publikum: 10 Kampstart: Søndag 5. april 2009, kl. 14:00 Dommar : Rune Haugland (Haugen)  Gule kort : Ingen kort
|
Hyens beste:
|

|

|

|
|

|

|

|
|
Even Hallem |
Anders Ommedal |
Karl Erik Utheim | | |
Lagoppstilling Hyen (4-5-1): Even Hallem; Håkon Solheim, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Karl Erik Utheim, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Anders Klungre,Anders Ommedal; Jens Robert Hope.
Benken: Øyvind Magnus Solheim, Brede Seim og Tommy Folkestad.
Lagoppstilling Haugen (4-3-3): (henta frå haugenfotball.no) Stian Remm; Eivind Per Alsaker, Runar Øien, Torleiv Orheim, Geir Holmen; Torstein Balsnes, Mikael Myklebust, Øystein Haugland; Toni Lotsberg, Jarle Åsebø og Kay Rune Solheim.
Benken: Birger Midthjell, Håvard Manseth, Jan Roger Sollibakke, Roy Lasse Torheim, Ole Steinar Skrede, Tore Ola Sundal, Jan Kristian Løkling og Kim Tore Gilleshammer.
Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no |


|