hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Gaular2 - Hyen 2-1


Ein ny bortetur venta Hyen tirsdag og denne gongen gjekk turen i retning Bygstad og Osen stadion der Gaular2 var vertar! Nok ein gong sleit Hyen med få spelarar og eigentleg var planen å få flytta kampen, men dette nekta Gaular2 så då måtte ein berre skrape ihop og lappe saman det ein hadde av tilgjengelige folk! Hyen fekk værst tenkeleg start då Gaular2 scora etter berre åttitre sekund, men tok etterkvert fullstendig over kampen og at det blei tap i denne kampen skuldast kun at ein hadde alle marginane i mot seg! Stillinga til pause var 1-0!

Publisert 2. juni 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Dagens Hyen-stjerne: 
Anders Klungre



Foto: hyenfotball.com
Var mange hyara som gjorde ein god kamp i dag, og spesielt samarbeidet mellom midtstopperane og den sentrale midtbana var i dag svært god. Klungre stikk seg likevel litt ekstra fram då han scora eit herleg mål i tillegg til å ha hatt assist på det som skulle ha vore matchvinnar målet for Hyen!

Forutsetningane foran kampen var ikkje gode for Hyen. Mandag kveld hadde ein kun 7-8 friske spelarar klare og då meldte sjølvsagt behovet seg for å flytte kampen. Dette nekta Gaular2 og då hadde ikkje Hyen så mykje anna valg enn å stille. Pga. svært samarbeidsvillige arbeidsgivera og en god porsjon gøts frå ein del skada spelarar klarte ein å skrape ihop ein tropp på 13 mann som reiste til Gaular. Dette var og heilt nødvendig å ha då fleire av dei som starta kampen sleit med skadar.

Hyen var uansett ved godt mot når dei entra Osen stadion då den fine grasmatta bada i solskinnet. Om ikkje Hyen stilte med det beste ein hadde så var i alle fall trua god. Her var det berre til å gjere det betre enn mot Hyllestad sist og prøve å vinne duellar og få til godt spel ilag.

Men før hyarane hadde fått sukk for seg låg dagens første ball i nettet! Ein Gaular2-spelar får vendt opp på 18 meter og tar med seg ballen innover før ein medspelar prøvar å klinke til. Skuddet blir ein skikkelig sleiv som eine spissen får styrt i mål bak keeper som sto på feil fot og måtte sjå ballen trille inn nede i hjørnet.



Berre førti sekund seinare skulle Hyen få ein ny kalddusj! Heimelaget slår ein stikkar inn mot keeper, men Even Hallem kjem fint ut og har full kontroll på ballen. Heilt ut av det blå så fortsett ein Gaular2-spelar etter ballen og spring rett i Hallem og plantar knottane godt i panna hans! Var nok ikkje noko bevist handling frå heimelagets spelar, men uansett ein veldig stygg situasjon som heilt klart burde gjett gult kort. Dette var starten på ein av mange svært merkelege beslutningar av dagens dommar!

Hallem i Hyen-buret fekk nok ei lita hjernerystelse og hadde ikkje noko anna valg enn å forlate bana. Dette gjorde då at Hyen sitt defensive midtbaneanker Karl Erik Utheim måtte ta på seg keeperhanskane og at ein elles måtte gjere nokre rokeringar. Ein verst tenkeleg start for Hyen, og no hadde ein kun ein mann tilgjengelig på benken!



Men Hyen beit i det sure eplet og innsåg at her var det berre å starte på nytt og prøve å få ei redusering. Bortelaget tok etterkvert fullstendig over kampen og skapte ein del gode kombinasjonar og fint spel. Dessverre så svikta det for ofte i dei avgjerande siste pasningane noko som resulterte i at ein eigentleg ikkje klarte å produsere dei heilt store sjansane.

Gaular2 sitt forsvar kjempa godt, men framover var dei svært tamme. Dei hadde vell heller strengt talt ikkje ein halvsjanse ein gong i resten av omgongen. Men ettersom Hyen kun fekk til eit par avslutningar som ein god Gaular2-keeper hadde full kontroll så gjekk laga til pause med ei ufortjent 1-0 leiing til vertane!


I pausen var det ikkje noko grunn for Hyen til å henge med haude! Ein hadde spelt godt i lag og samtidg vunne mange duellar og nesten heile tida prøvd å spele langs bakken i staden for å ty til dei grusome poleballane. Derfor var det ein heiltent hye-gjeng som entra bana i 2. omgong, no var det berre måla som mangla. Dessverre så gjekk Jon Magnus Dyrnes tom iløpet av omgongen, og dermed måtte bortelaget gjennomføre dei siste førtifem utan å kunne gjere eit einaste bytte!



Starten av andre omgong var som kampen hadde vore før kvilen. Hyen hadde ballen, mens Gaular2 kun kom på nokre få overgongar som hyarane stort sett hadde god kontroll på. Fem minutt ut i omgongen får Hyen ein kjempe sjanse! Jens Robert Hope blir spelt fint i gjennom og vinn ein skulder mot skulder duell og kjem heilt aleine mot keeper, men i det han skal til å skyte bles dommaren av for frispark! Ei heilt håplaus avblåsing då Hope kan svært lite for at han både er større og sterkare enn heimelaget sin forsvarar.

Ikkje lenge etter skulle uansett Hyen få si svært fortente utlikning. Eit av mange raid frå Anders Klungre resulterar i eit kast ut på venstre sida. Det får Tommy Folkestad kasta fint inn til Klungre som dreg seg inn i boksen og avsluttar perfekt med å dunke ballen inn i lengste nettveg! Ei herlig scoring som no verkeleg tente håpet i hye-leiren!



Etter dette fortsette hyranae å trykke på, men som i første omgong så sleit ein med å skape det heilt store med det første. Likevel var ein nære ein del gongar på dødball og Stein Are Eimhjellen hadde blant anna to headingar som med litt betre treff på pannebrasken kunne enda i gollen!



Kveldens desiderte brølar frå mannen i svart kom etter sekstiseks minutt. Jens Robert Hope har ballen like utanfor seksten-meteren til heimelaget og avsluttar rett i ein forsvarar. Anders Klungre plukkar opp returen og forserar fint skrått ned mot dødlinja. Omtrent fem meter til venstre for mål omtrent frå dø vinkel skyt han. Keeper reddar fint, men må gje retur og der kjem David Rygg springande og dukkar opp på rett plass og drusar ballen i nettet! Alle på heile stadion var no sikre på at det stod 2-1 til hyarane, men jaggu skulle ikkje dommaren klare å annullere målet! Korleis det er mulig er svært vanskeleg å forstå. Klungre skyt kun ein halv meter frå dølinja og keeper får slått ballen skrått utover i feltet. Når David Rygg dukkar opp so kjem han på løp innover i feltet og kunne aldri ha vore i offside. Ettersom han då måtte ha stått på linje med keeper og måtte ha gått tilbake og henta ballen!



Dette var sjølvsagt veldig kjedeleg for Hyen. Hadde ein fått 2-1 der så hadde ein kunne ha roa litt ned og spart på kreftene. No måtte ein i staden fortsette å jage på framover og jakte leiinga. Eit par cornera og eit frispark var nær på å sørge for nettopp det, men grisenære var ein ikkje.



Og om Hyen ikkje hadde hatt nokon marginar på si side til no i kampen, så skulle sjølvsagt Gaular2 gå opp til 2-1 på eit skikkelig drit-mål. Ein høge bråte av ein gaularværing fekk med seg ballen forbi eit par hyara før ein spiss til heimelaget overtok ballen. Han fekk gå upressa rundt på 16-meteren før han fekk avslutta eit ikkje altfor bra skudd, men dessverre for Hyen så var ballen godt plassert og sneik seg inn nede ved stolperota til venstre for keeper!



Nok ein vanvittig kalddusj for Hyen og no var det også fleire av spelarane som merka godt at ein ikkje var heilt skadefrie. Mens Gaular2 heile tida gjorde bytter og kunne sette inn på utkvilte spelarar så måtte dei elleve på Hyen berre bite tenna saman og oversjå krampe, strekk diverse andre smellar. Bortelaget fortsette å jobbe godt og også på slutten av kampen styrte ein spelet. Hyen kasta samtidig opp meir folk som då naturlegvis resulterte i at heimelaget fekk nokre gode overgongsmulighetar. Disse tok dei ikkje vare på, men hyarane var ikkje særleg mykje betre i den avsluttande fasen og eit skudd frå Jens Robert Hope i nettveggen var det nærmaste ein kom.

På overtid fekk Hyen prikken over ien når det gjaldt marginar og dommaravgjerelsar imot, og det var ei god oppsummering på kampen då ein hyar fekk gult kort etter å ha gjennomført ei heilt rein tackling rett på ball! Dermed ebba det ut i 2-1 og Hyen måtte konstatere at det blei eit nytt tap, at ein fortsett ikkje har vunne ein seriekamp i 2009 og at ein no ligge støcked på siste plassen i 6. divisjon avdeling 2!



Uansett om ein tapte denne kampen så var det svært mykje positivt å ta med seg. Til tross for tynn tropp som og inneheldt fleire skada spelarar så klarte ein å gjennomføre ein god spelemessig kamp. Hadde det ikkje vore for ei håplaus dommaravgjersle så hadde ein også leda kampen med ein halv omgong igjen og då er vi ganske sikre på at Hyen hadde klart å dratt alle poenga i land.

Likevel så burde ein ha klart å scora fleire mål, men ettersom det svikta ein del i dei avgjerande pasningane uteblei dei mange heilt store målsjansane. Soleis har ein eigentleg mest seg sjølv å takke for at ein ikkje vann denne kampen. Likevel kjem ein ikkje vekk frå at det er svært irriterande å tape ein kamp på ein slik måte som ein gjorde. Dommaren hadde ingen god dag, og at Hyen fekk to gule kort og ikkje Gaular2 eit einaste seier også litt om det. Men alle kan ha ein dårleg dag på jobben og vi både trur og håpar at mannen i svart vil komme sterkare tilbake ved eit seinare høve. For som for Hyen så ligg ein no heilt i botn av skalaen og då kan det som kjent kun gå oppover!



Neste kamp for Hyen blir ei ny utgåve av Él Gloppen når Sandane2 kjem på besøk til hyegrusen. Då har hyarane alt og vinne så forhåpentlegvis blir det ein positiv opplevelse!



Referat frå Gaular sine sider

Resultat frå den andre kampen i 7. serierunde:
Sandane2 - Hyllestad 1-0

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål +

Mål -

Poeng

1

Sandane2

6

5

1

0

22

6

16

2

Hyllestad

6

3

1

3

17

9

10

3

Anga

5

0

4

1

7

9

4