hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Florø3 kan rykke opp!

Vi har på denne sida både i prematchen til Hyen-Florø3 og tidlegare skrive at Florø3 ikkje kan rykke opp så lenge Florø2 befinn seg i divisjonen over. No viser det seg at dette imdlertidig er feil, og at altså Florø3 kan rykke opp sjølv om Florø2 er i samme divisjon! Men sesongen er no ikkje halvspelt ein gong enda, så opprykket er nok ikkje i boks heilt enda....

Publisert 17. juni 2008.


Etter å ha mottatt eit tips om dette frå ein av spelararane på Florø3 viser det seg altså at pga. at det er to avdelingar i 5. divisjon så har kretsen gitt klarsignal for at FSK kan ha to lag i divisjonen. Ettersom dei då kan ha eit lag i kver avdeling.

Er nok ingne tvil om at Florø3 er det beste laget i 6. divisjon avdeling 2 og dermed er det også fortent at dei får æra av å rykke opp. Men først må no laget klare å vinne avdleinga, og det er berre spelt 6 av 15 kampar så ingenting er avgjort enda! Likevell har vi svært vanskeleg for å klare å sjå at dei skal kunne klare å rote det vekk, og når dei slår laget på 2. plass med 8-1 så må det nok ein epedemi eller lignande til for at Florø3 rotar vekk avdelingssigeren!


Går mot opprykk for Dani Brandsøy, Kenneth Børresen
og resten av Florø3 laget i år!
foto: Jan Otto Hovden

Likevell må ein kunne stille spørsmålstegn ved at SFFK har opna opp for dette. Mest med tanke på at omlegginga til ein 5. divisjon med to avdelingar skulle føre til "ein meir lokal divisjon" der det skulle bli kortare reiseavstandar og soleis meir attraktivt å spele i divisjonen. Eit eventuelt opprykk på Florø3 vil bety at eit av laga frå kystbyen blir å finne i avdelinga med lag frå Sogn. Det vil blant anna kunne føre til at ein kan få oppgjeret Florø3-Veitastrond. Det vil bety ein reiseavstand på 206 kilometer (Bergen-Hyen er 240km) og ei køyretid på rundt 3 timar, og då kan ein ikkje lenger hevde at dette på nokon måte er lokalfotball!
 
Dette vil blant anna bety at poenget med heile omlegginga vil være vekke. I verste fall trur vi at dette på sikt vil kunne være med på å ta livet av dei små lokale laga. I år er det tre lag som har trekt seg frå senior herre fotballen i fylket (Vikane, Førde4 og Heia) og faren for at det blir fleire i åra framover er nok stor dersom det blir for store reiseavstandar sjølv på lågaste nivå. Hyen har i år måtte reise til Holmedal, og noko lengre reiseavstand enn det kan ikkje være akspetabelt når ein snakka 5. og 6. divisjon.
 
Men når det er sagt så fortene ein avdelingsvinnar å få opprykk, og ettersom Florø3 ikkje ser ut til å få noko spelarhjelp av første og andre laga til Florø så er det isolert sett heilt greit at at dei også får opprykk dersom dei vinn avdelinga!