| DISKUSJON |
|

|
|
|
|
 6. DIVISJON 2010 For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane. Les meir » |
|
 KUNSTGRAS I HYEN? At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen. Les meir » |
|
|
|
6. divisjon 2010: Fristen er ute, nye lag påmeldt! Som tidligare nemnt så var 1 5. januar er fristen for å melde på lag i seniorklassane i fylket. Eller det vil seie den "offisielle fristen"! Status er i alle fall at det berre er påmeldt 11 lag, og det betyr nok at fotballkretsen må utvide påmeldinga med nokre veker. Det har altså blitt påmeldt sju lag det siste døgnet og på den lista er det spesielt gledeleg å sjå at Askvoll/Holmedal2 dukka opp.
Ahil2 spelte mot Hyen i 2008, men kunne ikkje stille lag i 2009. Derfor er det veldig kjekt å sjå at dei fekk på plass eit lag i år. Her ser ein nok tydeleg verknaden av at klubben fekk på plass kunstgras sommaren 2009. Lista over påmeldte lag er då som føgjer: Anga, Tempo, Stryn2, Hyen, Tambarskjelvar, Gaular2, Hyllestad, Sogndal3, Florø2, Oppstryn og Askvoll/Holmedal2. Dette betyr då at det so langt er 3 Nordfjord-lag, 7 Sunnfjord-lag og kun eit lag frå Sogn. Dermed ser det veldig stygt ut med tanke på ei eiga Sogne-avdeling, og med tanke på mange lag frå Sunnfjord så er den nok ein store fare for at det her blir ei samanslåing. Meininga då ein innførte nytt seriesystem i 2007 var heile tida at det berre skulle være to 6. divisjonsavdelingar. Sjekk ut dei "sannsynlege" avdelingane her! » Publisert: 15. januar 2010 | |
![]() |
|