hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Hyen - Breim 2-3


Årets friluftshelg åpna i kjent stil med fotballkamp på hyegrusen fredag kveld! I år var det Breim som gjesta Hyen for første gong i friluftshelgsamanheng. Det vart ein jamn og spennande kamp og dei vel 200 frammøte på tribuna fekk full valutta for pengane. Til slutt var det bortelaget som drog sigeren i land og at Breimningane vann var fullt fortent! Så då er det berre til å innsjå for hyarane at dei er Gloppens dårlegaste fotballag! Stillinga til pause var 1-1!

Publisert 17. juli 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Dagens Hyen-stjerne: 
Geir Sigurd Vatnamo



Foto: hyenfotball.com
Vatanom spelte ein veldig god kamp i midtforsvaret til Hyen. Han rydda opp i stor stil og hadde det ikkje vore for at han klarte å holde litt orden i Hyens bakre rekker hadde det nok blitt ein god del fleire Breim-mål!

Hyegrusen bada i sol og publiken strømte til då Hyen og Breim sparka i gong årets friluftshelgkamp! Hyen stilte med sin største tropp i år og laget hadde med seg heile sju innbyttarar på benken. Det skulle etterkvert vise seg å prege kampen...

Breim sleit litt med å stille lag ettersom ein er inne i værste ferieperioden og dei hadde difor med seg nokre eks-breimningar. Der i blant Kjetil Myklebust som til dagleg spelar for Firdaligalaget Kaupanger og han skulle vise seg å være ein skikkeleg supersub for bortelaget!

Hyen hadde uansett stor tru på at ein i år endeleg skulle vinne i friluftshelga og slå Breim for tiande gong på like mange forsøk på heimebane. Breim kom vell lit lovleg seint i gong med oppvarminga, og det kunne virke som at dei ikkje var heilt klar når kampen blei blåst i gong.



Hyarane tok kommando frå start og ein såg tydeleg at heimelagets spelar var svært sugne på å vise seg fram. Allereie etter nokre få minutt fekk Hyen ein kjempesjanse då Anders Ommedal kom aleine mot mål. Presset vart nok litt for stort og avslutninga vart for lett å lese for Breims keeper Stian Hjelle som mesterleg fekk kasta seg ned å plukke ballen som var på veg inn i venstre hjørne!

Heimelaget fortsette å kjøre på etter dette og var veldig dominerande i dei første ti-femten minutta av kampen. Etter dette så var det tydeleg at Breim no var ferdig med "oppvarminga". Dei fekk etablert meir spel og var farlege framover. Blant anna hadde dei nokre farlege frispark frå kant samtidig som Nils-Tomas Støyva fekk annulert eit mål for "høgt spark på keeper"!

Men sjølv om bortelaget no var komne meir med i kampen så bølga spelet svært mykje fram og tilbake. Etter tjuetre minutt spelt skulle kampen første mål komme. Etter litt "klabb og babb" foran Breim sitt mål får Anders Ommedal ballen. Med missen tidleg i kampen friskt i minne så tuppa han no ballen elegant opp i nettaket og dermed stod 1-0 til "ellevill jubel" for dei frammøte!



Etter scoringa blei det godkjent ei kort drikkepause, og den var det tydeleg at breimningane nytta til å gjere litt taktiske grep i og. I alle fall var det en mykje meir tent breimsgjeng som no entra bana. Dei tok fullstendig over kampen og produserte mange sjansar som blant anna enda i ei rekke cornera.

Nokre få minutt før pause fekk Breim frispark litt ute til høgre ca. 30 meter frå mål. Mens hyens keeper er opptatt med å stille opp mur så plasserar like så godt ein våken Leif Øystein Felde ballen rett i motsatt kryss og dermed 1-1. Ei fortent utlikning for Breim, men akkurat måten det skjedde på var ekstra kjedeleg for Hyen!



Dermed var ein like langt då dei to laga gjekk til pause. Hyen hadde hatt ei negativ utvikling på omgongen, mens Breim heva seg veldig og var vell og eigentleg det laget som flest gongar hadde vore nærmast ei leiing. Defor var det noko underleg å høyre at det frå hyeleiren i pausa vart hevda at dersom ein skjerpa seg litt så kunne ein vinne denne kampen med 5-6 mål!

Starten av andre omgong var jamn og det var ingen av dei to laga som hadde produsert det heilt store før Hyen fekk frispark eit knapt kvarter ut i omgongen. Sjølve frisparket var kanskje av den litt billege sorten men dommar Sægrov hadde uansett blåst og heimelaget hadde no fått ein god skuddmulighet omtrent tjuefem meter midt på mål. Ola Alexander Lilloe-Olsen skrudde ballen rundt muren og inn i høgre hjørnet og dermed stod 2-1!



Men etter dette var det ikkje mykje hyarane hadde å by på. Det nærmaste ein kom var på nokre dødballar, men fleire mål blei det ikkje. Det hyarane var mest opptatt av i andre omgong var faktisk å bytte. Iløpet av den siste halvtimen gjorde laget nærmare ti bytter ogg det førte naturlegivs til at kampen blei svært oppstykka. For breimningane var dette forsåvidt greit, men heimelaget øydela veldig for seg sjølv når ein gjorde dette ettersom det resulterte i at ein aldri fekk organisert seg skikkeleg og spesielt på midtbana kor dei fleste bytta blei gjort sleit Hyen veldig.

Når midtbana til Hyen no ikkje fungerte fekk ein aldri etablert noko spel når ein først hadde ballen. I staden for å roe litt og flytte laget oppover gjekk ballen alt for fort framover og stort sett enda den hos ein motspelar Breim forsvarar kvar gong. Dette førte igjen til at ballen kom like fort tilbake og soleis fekk Hyens forsvar eit "fole strev" med å rydde unna utover i omgongen.

Anført av kampens beste spelar Kjetil Løkke Vie kjørte no Breim fullstendig over Hyen. Det var også nettopp Løkke Vie som skulle sørge for at Breim på nytt fekk ei fortent utlikning. Etter å ha tråkla seg forbi eit par hyara får han sendt av gårde eit skudd og sjølv om keeper er på ballen så sprett den i nota og dermed 2-2 femten minutt før slutt.



Breim hadde for alvor fått blod på tann no, og ettersom Hyen virka å være heilt handlingslamma i det offensive spelet fekk bortelaget fortsette å køyre på i jakta på fleire mål. 2-3 skulle det også omsider bli. Kjetil Myklebust får ballen ute til venstre midt på Hyens halvdel og set fart framover. Samtidig kjem Nils-Tomas Støyva på løp ute til venstre og får bretta ut hyeforsvaret. Myklebust får då gå veldig enkelt i gjennom heimelagets bakre rekker og aleine med keeper gjer han ingen feil og set ballen iskaldt i nettet!

No skulle ein nødvendigvis tru at Hyen skulle sette inn ein skikkeleg sluttspurt, men laget fortsette i 4-5-1 og utan å kaste nokon ekstra fram i angrep. Det resulterte i at det fortsatt var Breim som styrte kampen og når dommaren blåste av for full tid så var det Breim som stod igjen som sigersherre. Dermed tok dei sin første siger på hyegrusen og den var også av den fullt fortente sorten.









































































Referat frå Breim sine sider

Kampfakta:

Hyen - Breim
2-3 (1-1) 
Mål:
 1-0 23. min Anders Ommedal 
 1-1 41. min Leif Øystein Felde 
 2-1 58. min Ola Alexander Lilloe-Olsen 
 2-2 76. min Kjetil Løkke Vie 
 2-3 84. min Kjetil Myklebust

Fakta:

Hyen - Breim

Publikum: 250

Friluftshelga 2009

Fredag.17..juli

kl 18:00

Arena

Dommar

Kort

Hyen
sentralidrettsanlegg
(grusbane)

Ingemund Sægrov
(Sandane TIL)

Kjetil Løkke Vie
Ole Martin Egge
(Breim)


Geir Sigurd Vatnamo

 

Håkon Solheim

 

Marius Hallem

 

Lagoppstilling Hyen
(4-5-1):
-----------
1.Even Hallem
-----------
4.Håkon Solheim
3.Geir Sigurd Vatnamo
20.Ola Henning Ommedal
2.Øyvind Larsen
----------------
7.Anders Ommedal
16.Åsmund Ommedal
6.Hans Otto Holme
9.Marius Hallem
8.Ørjan Gjesdal
----------------
10.Jens Robert Hope

----------------
Benken: 
17.Ørjan Akse, 23.Ola Alexander Lilloe-Olsen, 11.Tommy Folkestad, 15.Roger Nordal, 66.Karl Erik Utheim, 5. Øyvind Magnus Solheim og 14.Vegard Flatjord.

Lagoppstilling Breim (4-5-1):
Stian Hjelle; Geir Vie, Leif Øystein Felde, Kim ove Kvandal, Ole Martin Egge, Christian Egge, Kjetil Løkke Vie, Sigmund M. Sunde; Raymond Niirainen, Nils-Tomas Støyva og Robert Gimmestad.

Benken: Kjetil Myklebust.