|
Skjebnekamp i Førde
Hyen har hatt mange vikige kampar denne hausten, der resultata har vært både og. Frå katastrofalt spel mot Jølster2 til festfotball mot Eikefjord2. No er det altså klart for serieavsluttning og ein ny veldig viktig kamp! Førde4 er motstandar i fylkessenteret og for Hyen sin del så må det bli poeng dersom det skal bli 5. divisjon til neste år! Noko lett kamp blir det ikkje mot unge tekniske spelarar på kunstgraset....
| Publisert 24. september 2007. |
|
 VS.

Det første ein må nemne før den kampen her er at kampen har blitt flytta til 20:00. Dette fordi det ikkje var ledig bane i Førde før. Og det fekk Hyen vite kun 24 timar før kampstart. Dette er rett og slett for dårleg! At banekapasiteten er som den er i Førde er greit nok, men det kan då umulig komme som eit sjokk så nær kamp. Og dette er noko Hyen burde fått vite lenge før! Om konsekvensane av dette blir at enkelte hyara ikkje kan spele kampen er foreløpig usikkert, men flyttinga har utvilsomt skapt problem for enkelte....
Årets sesong går mot slutten... Nix det gjer den ikkje! Denne kampen kan faktisk være starten på det vi kan kalle vinterserien for Hyen! Poeng mot Førde4 vil bety at det kan bli kvalik til 5. divisjon på hyarane, og då blir det nye kampar i oktober eller kanskje til og med i november!!

Men seriespelet blir avslutta med denne kampen og det blir også veldig spennande for Hyen. Uavgjort eller siger betyr opprykk/kvalik til opprykk, medan tap betyr fortsatt 6. divisjon til neste år! Sjølv dei som har vært mest skeptisk til 5. divisjon begynne vell etterkvert å innsjå at det til neste år faktisk kanskje vil være en fordel reisemessig til neste år å spele i 5. divisjon. Lengste reise i 5. div blir Bremanger, medan lengste i 6. div blir Stadlandet. Kortaste i 5. div blir Breim, medan kortaste i 6. div kan bli Haugen! Og skal det bli lokaloppgjer mot Breim også neste år, så må det bli opprykk. .jpg) Førde4 borte er så absolutt ingen drømme motstandar for Hyen. Dette er vell to lag som mildt sagt spelar forskjellig fotball. Førde4 eit ungt vellspelande lag, medan det for Hyen sin del ofte blir veldig mykje duellar og lange ballar. Førde4 har ikkje imponert poengmessig i år. Dei har også variert voldsom i prestasjonane. På 3 heimekampar midt i sesongen gjekk dei frå 7-2 mot Anga, til 3-3 mot Breim før dei tapte heile 8-2 mot Vikane. Førde4 har også markert seg negativt med tanke på disiplin. Totalt har dei pådratt seg 4 røde kort i år. Eit av dei kom i kampen i Hyen, då ein Førde spelar mista fatninga og måka ned ein uheldig Mats Henrik Solheim! (Solheim er ikkje med i denne kampen så Førde4 spissen har ingenting å frykte frå den kanten.) For Førde4 er dette langt frå ein like viktig kamp som det er for bortelaget. Heimelaget tar 5. plassen i avdelinga uansett resultat i denne kampen. Så mulig at motivasjonen kanskje ikke er på topp, men dei er nok ute etter å revansjere tapet i Hyen samtidig som dei har lyst å avslutte årets sesong på ein god måte. Som nemnt har dei variert i prestasjonane. Heime står dei med 2-1-2. Poengtapa er komt mot Breim, Vikane og Jølster2, så ingen tvil om at Hyen bør klare poeng! .jpg) Skulle Hyen vinne denne kampen må ein kunne seie seg fornøgd med sesongen. Då vil ein stå med 8-0-4 og 24 poeng og det er bra. Men spelemessig har ein ikkje vist det heilt store. Kampane mot Førde4 og Anga heime kun fort enda med 0 poeng. Vikane heime vann ein greit, men med litt flaks kunne Vikane fort tatt alle poenga. Borte mot Anga redda god innsats i 2. omgang poenga, medan kampen heime mot Breim er vell faktisk den ein har hatt best kotroll på(når ein ser bort frå kampane mot Eikefjord2). Dette viser altså at ein spelemessig ikkje har prestert som eit topplag, og soleis er det også fortent at det var Breim og Vikane som tok dei direkte opprykksplassane. Men dersom Hyen klarar 3. plassen må vi kunne seie at den er fortent til tross for litt dårlig spelemessig innsats denne sesongen, for laga bak oss har vell heller ikkje akkurat vært imponerande gode. Eit opprykk for Hyen vil nok være veldig viktig. Dette er først og fremst pga. at Hyen no etterkvert er i ferd med å gjennomføre eit generasjonsskifte der den gyllne 90-årgangen begynne å fylle opp laget. Dei unge spelarane har ambisjonar om å komme lengst mulig, og då er det også klart at ei opprykk vil gje fornya motivasjon og satsing. Dersom Hyen skulle halde seg i den lågaste divisjonen er faren at dei beste unge vil la seg friste av spel høgare oppe i andre lokale klubbar, og skulle dette skje vil ein minste spelarar ein ikkje har råd til å miste, og då vil dette være slutten på ei seniorlag i Hyen. Dette må ein sjølvsagt for all del unngå. Målsetninga må være at alle unge frå Hyen skal spele seniorfotball først i Hyen. Skulle potensiale vise seg å være for godt for Hyen vil eit høgare nivå være naturleg etterkvart, men viktig at ein skapar eit forhold til Hyen og at dei kanskje kan vende tilbake til Hyen på eit seinare tidspunkt. Hyen er avhengig av at både unge og "gamle" er med for at ein kan ha lag. .jpg) | Vêrmeldingane i Førde på tirsdag ser litt dystert ut. Ikkje det verste vi har sett, men blir ein kjølig kveld då det ventast overskya vær med regnbyger og 9°C.
Når det gjeld laget til Hyen så er Øyvind Larsen fortsatt ute, medan Karl Erik Holme og Ola Alexander Lilloe-Olsen er tilbake sidan sist. Det betyr ein tropp på 15 spelarar. Coachen har tatt ut følgjande lag:
Lagoppstilling (4-5-1): Øyvind Magnus Solheim
Håkon Solheim, Geir Sigurd Vatnamo, Ola Henning Ommedal, Ola A.Lilloe-Olsen
Anders Ommedal, Anders Klungre,Hans Otto Holme,Åsmund Ommedal,Jens R. Hope Roger Nordal
Benken: MARIUS HALLEM, Tommy Folkestad, Andreas K. Morken og Karl Erik Holme.
Mannen med fløyte i kjeften i kampen er Vegard Yndestad frå Florø. Satsa på at han er nokon hakk betre enn kva klubbkollegaen hans var sist Hyen var i Førde! Så får vi berre håpa at Førde4 har klart å gjett han beskjed om at kampen er flytta.... |
Neste kamp: 25. september 20:00 Førde4 - Hyen
Siste kamp: 18. september 18:00 Hyen-Eikefjord 12-1
|