|
|
Dagens HIL-stjerne: Roger Nordal
 Foto: hyenfotball.com Dagens HIL-stjerne gjekk til Roger Nordal. Han måtte ta den kjipe turen i mål, men holdt Hyen inne i kampen i første omgang og viser at han er ein veldig god reservekeeper! |
Hyen tapte altså denne kampen fortent, og spelemsessig var det veldig lite positivt å finne. Forholda til å få til fint spel på kunstgraset i Førde var absolutt tilstade, men gong på gong blei ting gjort for vanskeleg og ein fekk brot imot før ein hadde komt seg over midtstreken. Veldig ofte klumpa spelet til Hyen seg i midten, og det vart ein enkel jobb for Førde4 å nekte Hyen store sjansar. Faktisk hadde Hyen kun 1 sjanse i første omgang. Den kom etter eit framspel til Jens Robert Hope som kom aleine mot keeper, men Førde4 keeperen fekk takla i tide, og det som kunne sjå ut som ei sistemanns takling og rødt kort for dei som stod litt langt ifrå var ei glimmrande matchvinner redning av keeper.

Det var altså i 2. omgang at alle måla skulle komme. Omgangen begynte omtrent som den første var og slutta. Førde4 med eit vist spelemessig overtak og dei fleste sjansane, men utan å klare det heilt store. For Hyen var det viktigare å holde nullen enn å score, og dette funka bra lenge, men når første målet kom virka det som Hyen mista gløden. Reduseringa til Jens Robert Hope kom (som så ofte før) etter klabb og babb foran mål, men Hope var høgst og sterkast og Hyens toppscorar fekk pirka ballen over streken. Dette målet tende Hyen og gav eit nytt håp, men då Førde4 gjekk opp til 3-1 resignerte Hyen.
.JPG)
Kampen vart altså flytta til 20:00 pga. at bana ikkje var ledig før. Dette fekk Hyen vite kvelden før og som bilde over viser, så var det ein lillejente kamp mellom Førde-Askvoll/Holmedal som gjorde at kampen måtte flyttast. Med all respekt for jentene, så måtte det vell være mulig at den kampen kunne gått på ei reservebane. Uansett burde ein kunne ha sagt ifrå om dette før. Kampen vart spelt under mildt sagt dårlige lysforhold. Flomlysa i Førde kan umulig være godkjent for seriekampar. Bildet under viser lysforholda under kampen...

Men til tross for at Hyen fekk sein beskjed om flyttinga, dårlege lysforhold og det at vi ikkje fekk fotballar til å varme opp med før 25 minutt før kampen, så var det likevell lite å hisse seg opp for av sindige hyara, men det alle sitte igjen med etter denne kampen var oppførselen til Førde4 sine spelarar.

Frå kampen begynte til den slutta florerte det med stygge taklingar, etterslengarar, stemplingar, trøye holding, spytting og ufin språkburk til motstandar laget. Resultatet av dette for Hyen blei 4 skadde spelarar og minst 1 på legevakta! Og alle skadane blei utført av Førde4 spelarar. Først ei nedsparking, så eit slag i ansiktet, dytting i asfalten (uttafor bana!) og til slutt ei stempling med knottane først! Og ikkje minst må det nemnast at ein hyar vart spytta av ein førdespelar. Når det er sånn det skal være er det ikkje lenger kjekt å spele fotball....
Uheldigvis for Hyen sin del hadde kretsen satt opp en ung og umeritert dommar, og han var hverken tøff eller myndig nok til å slå ned på grisespelet til førdianarane. 2 gule kort var alt han fekk ut av lomma. Greit at dommaren kunne slått ned på dette tidlig og hindra at det fekk utarte seg, men her er det holdningane til dei unge Førde4 spelarane det må gjerast noko med. Laget består nesten berre av 17-18 åringar og folkeskikk er nok eit framandord for disse. Skal likevell nemnast at dette ikkje gjaldt alle på laget, blant anna keeperen deira var litt eldre og han prøvde å roe ned medspelarane sine, men lukkast dårleg med det.
Lagleiarane til Førde4 var ikkje stort betre og dei mente at det var dommaren sitt problem. Dei har tydelegvis ingen ambisjonar om å gjere noko med dei displinære problema til laget heller. Då ein Førde4 spelar vart utvist i Hyen etter å sparka ned ein Hyenspelar, spurte ein av førdespelarane på benken kva det var som skjedde, då kom det kjapt frå Førde si lagleiing "Ditta snakka vi ikkje meir om"! Og det har dei tydeleg heller ikkje gjort. Etter sesongen no er ferdig står det unge førdelaget med 4 røde og 15 gule kort. Det er neppe tilfeldig og dette kan neppe være noko klubben Førde er stolt av. Med tanke på det fokus forbund og krets no har på fairplay må ein kunne forvente at dette også er noko spelarane tar på alvor.

Tapet i denne kampen gjorde altså at opprykkket glapp for Hyen, og det er noko alle spelarane er veldig skuffa over. Etter kampen mot Breim så alt ut til at opprykke skulle være meir eller mindre sikra, men med kun 3 poeng på dei 4 siste kampane er det berre å innsjå at det er Breim og Vikane som rykker opp medan Jølster2 får kvalik/opprykk. Sjølv om dette er skuffande for Hyen er det nok også dessverre fortent at det endte slik. Laget har svært sjelden spelt god fotball i lag, og dei kampane som er vunne er stort sett vunne pga. at ein har kriga best. Og så lenge en kallar seg fotballspelarar og ikkje sparkarar må ein skjerpe seg på dette området.

Ein må uansett ikkje grave seg ned etter den sesongen her. 5 nye unge spelarar har gjort sine debyar, og alle disse har vist framskrit gjennom sesongen. Til tider har ein vist at ein kan å spele fotball. 12-1 heime mot Eikefjord2 seier litt om det. Viktigast av alt hos Hyen er at spelarane er flinke til å holde oppe moralen og gutsen sjølv når det går dårlig og måla kjem feil vei. Ein er som regel flinke til å ikkje kjefte på kverandre og tonen og humøret blant spelar er god på trening og kamp. Her er ein av dei beste og med god innstilling og innsats kjem ein langt.
Likevell har ein tydeleg sett denne sesongen at noko må gjerast spelemessig, men får ein dette til å vrike kan Hyen bli eit godt og underholdande lag i 2008. Potensialet ligg der, ein må berre klare å få det beste ut av kver enkelt spelar og sy dette saman på ein god måte! Så då er det berre å takke for sesongen, og er vi heldig så takkar eit av dei 5. divisjonsklare laga nei til plassen, og då er Hyen meir enn klar for å ta den! 
Kampfakta:
6. divisjon avd. 3
Førde4 - Hyen
3-1 (0-0) 
Mål:
1-0 59. min Jim Fossen
2-0 66. min Vincent Aardalsbakke
2-1 72. min Jens Robert Hope
3-1 76. min Vincent Aardalsbakke
Arena: Førde Stadion Kunstgras Tilskodarar: 10 Dommar : Vegard Yndestad (Florø)
: Roger Nordal : Håkon Solheim : Marius Hallem |