hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Florø3 kan ikkje rykke opp!!!

Vi har på denne sida tidlegare skrive at Florø3 ikkje kan rykke opp så lenge Florø2 befinn seg i divisjonen over. So fekk vi eit tips frå ein i Florø-leiren om at dei hadde fått klarsignal om at dei kunne rykke opp sjølv om Florø2 ikkje gjorde det ettersom det er to avdelingar i 5. divisjon. Dette viser seg at ikkje stemmer!

Publisert 25. juni 2008.


Vi fekk eit tips i gjesteboka der det stod følgjande:

Florø 3 opprykk...
"kun om Florø 2 rykker opp fra femte divisjon. SFFK har ikke anledning til "å gi klarsignal" for at en klubb kan ha to lag i samme divisjon."

Etter det tok vi kontakt med Sogn og Fjordane Fotballkrets og stilte dei spørsmålet om Florø3 kan rykke, dersom Florø2 ikkje rykker opp. Svaret vi fekk var følgjande:

"Ein klubb kan kun stille med fleire lag i 6. divisjon, kretsens lavaste nivå. Derav kan ikkje FSK 3 rykke opp i 5.div, dersom ikkje FSK 2 rykkjer opp i 4. div."

Mvh
Sogn og Fjordane Fotballkrets
Yngve Håkonsen

Denne meldinga er soleis ikkje til å ta feil av, og det betyr at dersom Florø3 skal spele i 5. divisjon til nete år så må Florø2 rykke opp frå 5. til 4. divisjon i år!
 
Florø2 har uansett skjerpa seg skikkelig i det siste, og laget har tatt tre strake sigrar etter at dei åpna med tre tap! Det betyr at dei per dags dato ligg på 3. plass i si avdeling, kun to poeng bak Førde3 på topp! Tabellen i den avdelinga ser du her!
 
Dermed kan ingen sei at Florø3 ikkje kan rykke opp, men det er klart at no er dei avhengig av at Florø2 også gjer jobben. Muligens har Florø3-laget allereie fått denne beskjeden, kan i alle fall virke sånn då dei trisdag kveld fekk heile 3 røde kort i bortekampen mot Ahil2! Ein kamp Ahil2 vann overraskande 2-1 etter at også dei hadde fått ein mann utvist. At ein av Florø3 sine spelarar vart utvist for munnbruk kom vell ikkje akkurat som noko bombe, og vi har ein liten mistanke om kven det kan være! Les forøvrig det feiande flotte referatet frå kampen på Askvoll/Holmedal sine nettsider her!


Kan sjå ut til at det er ein overhengande fare for at det blir ein ny
tur til Hyen for Florø3 i 2009!

At reglane er slik som dei no viser seg å være er bra. Dette mest på grunn av at det reisemessig kunne blitt nokre gapne turar enkelte gongar (les Veitastrond-Florø3)! Uansett så må dette være svært frustrerande for Florø3 dersom dei har trudd heile tida at dei skulle få opprykk ved 1. plass uansett kva Florø2 måtte ta seg til,og spesielt dersom dei faktisk har vært i kontakt med kretsen og fått klarsignal! Likevel skal ein på langt nær avskrive Florø2 sine sjansar til å rykke opp, men det er klart at dette gjer sitt til at det no blir langt meir spennande i 6. divisjon avdeling 2.
 
Den store vinnaren i denne saka ser då ut til å være Tambarskjelvar! Etter at dei slo Hyen 4-2 ligg dei no 4 poeng foran med ein kamp mindre spelt. I tilegg er det berre 3 poeng opp til Florø3 på første plassen, så slik det ser ut no så vil Tambarskjelvar befinne seg i 5. divisjon i 2009!
 
Denne beskjeden for Hyen sin del gjer tapet mot Tambar desto surarer. Med siger hadde ein vore eit poeng foran naustedølingane, og for alvor vore med i kampen om opprykk! No skiller det altså fire poeng og ein kamp meir spelt, og det kan bli tøft å skulleta igjen på 7 kampar. Men Hyen skal møte Tambar på heimebane også i haust og dermed er det ingen tvil om at ein ikkje kan avskrive opprykkssjansane enda!
 
Til slutt må vi berre få beklage at vi har gitt feil informasjon i denne saka. Var litt for godtruande og lite kritisk til den opplysninga vi fekk!