hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Florø3 - Hyen 6-1


Årets første bortetur for Hyen gjekk vestover til Florø og møte med det unge laget Florø3. Dette vart desverre ingen god tur, og seriefavoritten viste at dei blir en hard utfordrar i år! Heimelaget spelte bra, og 6-1 er nok eit greit resultat sjølv om Hyen burde scora minst eit mål til. Stillinga til pause var 2-0.
 
Publisert 13.mai 2008. Oppdatert 15. mai!

 

Dagens HIL-stjerne: Roger Nordal

Foto: hyenfotball.com
Roger Nordal måtte stå i mål mot Florø3, og sjølv om det nok ikkje var hans største ønske og at han slapp inn 6 mål så var han uten tvil Hyens beste i denne kampen!

Hyen reiste med 12 spelarar til Florø og kampen mot Florø3. Etter litt om og men fekk Hyen både låst opp garderoben sin, lys i den og skifta til kampklede. Hyen var klar for kamp mot Florøs C-lag! Håkon Solheim hadde magetrøbbel og vart på benken i heile 1. omgang for Hyen, så Andreas K. Morken starta kampen i staden for han.

 

Heimelaget starta kampen offensivt, men klarte ikkje å få hol på byllen med det første. Hyen var nære frampå ved eit par anledningar. Florø3-forsvaret var lite villige til å springe bakover og satsa på offsidefelle, så Hyen kom gjennom ved nokre anledningar. I 1. omgang var Åsmund Ommedal og Karl Erik Holme nære på å score då Anders Klungre fekk ballen på midten og fekk spelt gjennom Åsmund. Keeper kom kjapt opp i Ommedal og fekk hindra avslutninga, og Holme mislukkast med å omsetje den lause ballen i mål.

 

Tommy Folkestad, som var spiss for anledninga, fekk også nokre gode muligheiter i løpet av kampen. I 1. omgang var han heilt gjennom ved eit høve, men forsvaret fekk sprunge han opp og klarte å presse han så langt ut til høgre at avslutninga gjekk utanfor. Stor sjanse for Folkestad!

 


Hyen vart spelt i senk mot Florø3!
foto: www.florosportklubb.no

 

Etter halvspelt 1. omgang sa ein Florø-spelar: ”La oss prøve å spele oss fram - gjennom midten”! Og det lukkast dei med, då det vart mål like etter! Heimelaget fekk frispark pga. hands like utanfor 16 meteren til Hyen, og frisparket var ikkje anna enn uhyre vakkert utført. Rett i krysset i nærmaste hjørne, der muren stod. 1-0! Nokre minutt seinare var Florø3 frampå igjen, spelte seg effektivt gjennom Hyen-forsvaret, og fiksa 2-0, som også var pauseresultatet.

 


Blei mest reutrløp på Hyen i kampen!
foto: www.florosportklubb.no


Bruntrøyene starta 2. omgang med ei ny scoring før Hyen fekk si etterlengta redusering. Anders Klungre fekk ei pasning på 20 meter og spelte til Åsmund Ommedal, som fekk med seg ballen mellom to Florø3-forsvararar, runda keeper og sette ballen så vidt forbi ein mann på streken. Nytt håp for Hyen, og ein glimrande enkeltprestasjon av Ommedal!

 

Men 2. omgang vart aldri den snuoperasjonen som Hyen håpa på. Håkon Solheim kom innpå, og hadde blant anna eit godt innlegg frå venstrekanten som Anders Klungre burde ha omsett i scoring, men avslutninga gjekk 2 meter utanfor mål. Florø3 scora jamt og trutt, og sluttresultatet vart til slutt 6-1. Ein høgst fortent siger til florøværingane, sjølv om 6-1 er i overkant i forhold til kampbildet. Hyen klarte ikkje å holde laget samla i denne kampen, og reiser til Naustdal neste runde med 3 poeng totalt hittil i år!

Resultat 1. serierunde 6. div. avd. 2:
Askvoll/Holmedal2 - Gaular2 1-1
Tambarskjelvar - Sandane2 2-0

Bilde frå kampen
Film frå kampen
Referat frå Florø3 si heimeside

Kampfakta:

6. divisjon avd. 2
Runde 2

Florø3 - Hyen

  6-1 (2-0) 

Mål:
 1-0 24. min Ørjan Midtun
 2-0 39. min Daniel Brandsøy
 3-0 51. min Farouk
 3-1 62. min Åsmund Ommedal (Anders Klungre)
 4-1 69. min Daniel Brandsøy
 5-1 73. min Daniel Brandsøy
 6-1 87. min Su

Arena: Florø krøllgras
Tilskodarar: 15
Kampstart: tirsdag 13. mai 2008, kl. 19:00
Dommar : Asgeir Ellingsund (Eikefjord)
Gule kort:  Ingen kort, då dommaren ikkje hadde dei med!!

: Roger Nordal
  : Hans Otto Holme
    : Tommy Folkestad

Lagoppstilling (4-5-1):
Roger Nordal; Anders Ommedal, Øyvind Larsen, Ola Henning Ommedal, Andreas M. Kvalheim; Anders Klungre, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Hans Otto Holme, Karl Erik Holme; Tommy Folkestad.

Benken: Håkon Solheim


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no

 


Neste kamp:
20. mai 19:00
Tambar - Hyen

Siste kamp:
13. mai 19:00
Florø3 - Hyen 6-1