|
Eikefjord - Hyen 0-4
Hyen spelte årets andre treningskamp då ein søndag reiste vestover for å møte Eikefjord på kunstgraset deira. Heimelaget rykka ned frå 4. divisjon før denne sesongen, så det var liten tvil om at dei fleste trudde Hyen hadde ei tøff oppgåve i vente. Men Hyen knuste Eikefjord! Laget hadde full kontroll stort sett heile kampen og kunne fort hadde scora det dobbelte! Stillinga til pause var 0-2!
| Publisert 15. mars 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. |
|
|
Dagens HIL-stjerne: Anders Klungre
 Foto: hyenfotball.com Klungre leverte nok ein stor kampp i hyedrakta. I lag med resten av midtbana kjørte dei fullstendig over midtbana til Eikefjord. Klungre bidro sterkt både framover og ikkje minst bakover og fekk hindra at Eikefjord kom på farlege overgongar! |
Hyen avslutta årets andre treningshelg med treningskamp borte mot Eikefjord. Også til denne kampen fekk laget eit par fråfall på kampdag, men ettersom stort sett heile laget var tilgjengeleg i utgongspunktet stilte ein med ein solid 16-mannstropp til kampen. Det skal dog seiast at ikkje alle disse var i like god form etter å ha vært litt for delaktige i ein heidundrandes bygdasfest kvelden før!
Kampen blei satt i gong nokre minutt forsinka, og til tross for det så virka det ikkje som hyen-spelarane var heilt klar. Eikefjord snappa ballen etter berre 30 sekund, ein spelar blei spelt fint fri og fekk avslutta på mål, men der stod Even Hallem i veien og fekk slått ballen sovidt ut til corner. Hadde Eikefjord tatt leiinga her, så hadde det nok blitt ein heilt anna kamp. Ei skikkeleg matchvinnar redning av Hallem med andre ord!
Men den tidlege glippen såg ut til å være akkurat det Hyen trengte for å innsjå at no var det berre til å trøkke til. Bortelaget tok sakte men sikkert fullstendig over kampen. Spesielt var hyarane suverene når det gjaldt duellspel. Laget vann omtrent samtlege luft-duellar, og Håkon Solheim var blant anna heilt konge i luftrommet på Eikefjord sine framspel noko som førte til at ein tidleg fekk hindra Eikefjord å komme til farlege sjansar. Ettersom ein var overlegne i duellane og samtidig først på andre ballane førte det også til at ein ofte fekk starta fine angrep heil frå forsvaret. I forrige kamp skjedde det meste offensivt på venstresida, men her klarte ein å få brukt også høgresida på ein god måte.

Kampens første mål skulle likevel komme etter eit angrep frå venstre. Ola Alexander Lilloe-Olsen slår ein lang ball ned mot venstre cornerflagg som Anders Klungre akkurat klare å rekke. Klungre klarer først å finte av ein mann, men blir like etterpå stoppa av ein anna. Han klarar likevel til slutt å vinne tilbake ballen og får lagt den tilbake til Ørjan Akse. Akse får slått ballen inn på direkten i retning Tommy Folkestad, han får først dempa og klarer deretter å få ein fot på ballen før Eikefjord sin keeper og då stod det 0-1 til Hyen etter berre fem minutt!
 Hyen anno 2009: Bak frå venstre: Arve Johnny Akse, Ørjan Akse, Øyvind Larsen, Åsmund Ommedal, Håkon Solheim, Ola Henning Ommedal og Anders Klungre. Framme frå venstre: Øyvind Magnus Solheim, Ola Alexander Lilloe-Olsen, Jens Robert Hope, Anders Ommedal, Ørjan Gjesdal, Tommy Folkestad og Hans Otto Holme. Liggjande framme: Even Hallem.
Her får du assistent-trenar Anders Klungre si oppsumering av kampen. Engasjert repporter er Øyvind Magnus Solheim:
Å slå eit 5. divisjonslag som i tillegg er nynedrykka foran dette året er i seg sjølv ein stor prestasjon, men å knuse dei 4-0, og til dei grader rundspele Eikefjord over nitti minutt i deira eiga leikegrind er knall sterkt. Heimelaget må ha mangla nokre av dei beste spelarane sine, og det er sjølvsagt lov å ha ein dårleg dag. Eikefjord ville rett og slett ikkje vinne denne kampen, men med større innsats og viktige spelarar tilbake så vil dei sikkert heve seg mange hakk!

Hyen spelar ein veldig god kamp og viser til tider veldig flott spel. Dette gjev forhåpningar om at ein i år verkeleg skal være med å kjempe i toppen og mest gledeleg av alt so gjev det spelarane god sjølvtillit som blir fin å ta med seg fram til neste kamp. Det er nemleg mot Haugen 5. april på Eid, og då startar ein med blanke ark og må sjølvsagt ikkje tru at det blir noko enkel kamp.
Det er uansett ingen tvil om kven som stjele overskriftene andre helga i mars 2009. Det er Liverpoll, det er Rosenborg og det er HYEN!!
 Dagens målscorar for Hyen: F.v: Roger Nordal, Jens Robert Hope og Tommy Folkestad.
Eit anna lag frå Hyens avdeling som hadde treningskamp søndag 15. mars var Sandane2. Dei tok imot Flatraket på kunstgraset på Myklebustflata og vann kampen 1-0.
Kampfakta:
Treningskamp
0-4 (0-2) 
Mål:
0-1 15. min Tommy Folkestad (Ørjan Akse)
0-2 17. min Roger Nordal (Ola Alexander Lilloe-Olsen)
0-3 87. min Jens Robert Hope (Tommy Folkestad)
0-4 89. min Jens Robert Hope (Ørjan Gjesdal)
Arena: Eikefjord Stadion (kunstgras) Tilskodarar: 15 Kampstart: Søndag 15. mars 2009, kl. 14:30 Dommar : Rolf Almenning (FSK) - glimrande som alltid! Gule kort : Ingen kort
|
Hyens beste:
|

|

|

|
|

|

|

|
|
Anders Klungre |
Håkon Solheim |
Ørjan Gjesdal | | |
Lagoppstilling Hyen: (4-5-1)
Even Hallem; Håkon Solheim, Ola Henning Ommedal, Øyvind Larsen, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Tommy Folkestad, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Anders Klungre, Ørjan Akse; Roger Nordal.
Benken:
Arve Johnny Akse, Anders Ommedal, Øyvind Magnus Solheim, Hans Otto Holme og Jens Robert Hope.
Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no |


|