|
Dagens HIL-stjerne: Øyvind Larsen
 Foto: hyenfotball.com Dagens HIL-stjerne gjekk til Øyvind Larsen. Han spelte ein meget god kamp og scora blant anna 2 mål i tillegg til å notere seg for 1 assist. |
Tysdag 8. mai, sjølvaste frigjeringsdagen, var datoen som var satt til årets seriestart i 6. divisjon avdeling 3. Stemninga var god i laget før start, og Hyarane var innstilte på 3 poeng. 16 spelarar stilte opp til kampen på bortebane mot Eikefjord 2, som vart spelt på kunstgras. Det var ei fin ramme rundt kampen, og det einaste spelarane kunne klage på var at sola var låg. Andreas Morken Kvalheim seriedebuterte frå start.
Kampen opna friskt, og etter berre om lag 5 minutt kunne Øyvind Larsen sette inn 1-0 for Hyen i korthjørnet frå 10 meter etter eit innlegg frå Andreas Morken Kvalheim. Ballen stoppa opp i ei klynge før Øyvind Larsen fekk satt foten på ballen og trille den inn heilt inn i sida. Hyen var stort sett det førande laget før pause, og hadde mykje flott fotball å stille med. Eikefjord var nære frampå ved eit par anledningar, spesielt på ei stupheading då om lag eit kvarter var spelt, men headinga frå 7 meter gjekk utanfor.
Hyen hadde fleir gode sjansar til å gå opp i 2-0, men først etter 30. minutt fekk dei nok ei nettkjenning. Og målet var fint. Anders Klungre fekk ballen på 20 meter, på venstrekanten og la inn i midten til Åsmund Ommedal. Ommedal spelte ein fin liten "vegg" med Roger Nordal, og fekk lagt inn frå høgrekanten. Der stod Karl Erik Utheim som enkelt kunne styre inn 2-0 frå 3 meter. Rett etterpå var Geir Kjetil Aa Hope frampå og fekk skutt like innanfor 16-meteren, og det sto 3-0! Rett etter mål kjem det jo ofte mål, og det skjedde også i dette tilfellet. Eikefjord gjekk rett i angrep på venstre, spelte ballen forbi Øyvind Magnus Solheim som akkurat ikkje klarte å slå ballen ut av mål.
Karl Erik Utheim måtte ut med strekk før 1. omgang var over, og inn kom Anders Ommedal til sin første offisielle kamp for seniorlaget til Hyen. Han markerte seg med ein gong ved å komme igjennom mot keeper, men avslutninga gjekk rett på. Hyen gjekk til pause med 3-1, eit nokonlunde fortjent resultat.

2. omgang starta med nok ein seriedebutant. Marius Hallem kom inn for Andreas Morken Kvalheim. Ikkje lang tid var gått før Hyen fekk nok eit mål. Øyvind Larsen kom fri på høgrekanten, og Anders Klungre heada ballen i mål frå 5 meter. 5 minutt etterpå var det corner til Hyen, og ballen gjekk over alle untatt Øyvind Larsen, som sto umarkert på lengste og kunne dunke inn 5-1 med hovudet frå 1 meter!
Etter 5-1 målet vart kampen ein heilt annan. Eikefjord vart utålmodige, og ga litt opp, men det var likevel dei som pressa. Hyen satsa på kontringar. Det vart etter kvart eit ganske kjedeleg kampbilde, og sjølv om Eikefjord vippa inn 2-5 nokre minutt før slutt, vart det aldri noko meir spennande om kor poenga skulle gå. Hyen hadde også eit par gode sjansar, bl.a. eit skot ved Jens Robert Hope, som gjekk like utanfor. Dessutan hadde Eikefjord eit indirekte frispark frå 5 meter etter nokre høge hyeknottar som ikkje vart noko ut av.
Hyen skal være svært fornøgd med korleis dei gjennomførte denne kampen. Å vinne 5-2 borte i serieopninga er veldig bra og er absolutt noko bra å bygge vidare på.
Alle på benken fekk meir eller mindre speletid.
Neste kamp for Hyen er 15. mai kl 19:00 då Anga er motstandar på grusen i Hyen.