| DISKUSJON |
|

|
|
|
|
 6. DIVISJON 2010 For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane. Les meir » |
|
 KUNSTGRAS I HYEN? At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen. Les meir » |
|
|
Årsmøte i Hyen IL 15. januar: Den store D-dagen nærmar seg! For mange så er nok årsmøte berre noko kjedeleg, formelle greier. Men er det eit årsmøte hyarane bør gå på i 2010 så er det dette. Her skal det stemmast over om/når det skal bli kunstgras i Hyen og som mange sikkert skjønnar så vil dette være veldig avgjerande for framtida til dei aktive, men også heile bygda Hyen.
For fotballen, og spesielt seniorlaget til Hyen er dette på mange måtar ein d-dag. Blir det beslutta at det ikkje blir noko kunstgrasbane iløpet av 2011 er nok dette slutten for seniorlaget. Enkelt og greit fordi ein då vil miste fleire spelar som kan spele i klubbar i nabobygdene som har fantastiske fasilitetar! Dette vil igjen føre til at ungdommen forsvinn raskare ut av bygda og det igjen aukar på ingen måte oddsa for tilbakeflytting! Dette betyr derfor at alle som vil at det skal bli kunstgras, og ei generell utvikling i Hyen bør kjenne si besøkelsestid. Kor gammal du er spelar ingen rolle, alle medlemmar har stemmerett. Dei som ikkje møter har i alle fall ingen grunn til å klage dersom det ikkje blir kunstgras! Sakliste for årsmøte finn ein her! » Publisert: 14. januar 2010 |
![]() |
|