|
Imponerande av Breim
Fredag kveld blei årets 5. divisjons sesong sparka i gong! Breim tok i mot opprykksfavoritten Veitastrond på Byrkjelo Stadion. Kampen enda med ein kjempe imponerande 3-2 siger til breimningane! Så til tross for at det i disse dagar er mest staffetprat på Breim, så er det nok ingen tvil om at den største prestasjonen denne helga av lokale heltar vart gjort på fotballbana!
| Publisert 2. mai 2008. |
|
Breim rykte som kjent heilt fortent opp frå Hyen si avdeling i fjor. Laget har vell slite litt i vinter med litt labert treningsoppmøte og ein del spelarar som ikkje bur på Breim så ambisjonane har vell vore litt "så der" før sesongen. Men med hjelp av blant anna reklame på NRK P3 so var alt duka for "fotball på gamlemåten" på Byrkjelo fredags kvelden. Breimningane hadde altså klart å få reklame på NRK og dette førte til at heile 175 breimninga dukka opp. Høyr radioreklama her: http://www.breim.no/bbil/reklame.mp3
 "Fotball på gamlemåten, det er Breimsbygda det!" Kilde: facebook:P
Når det gjeld sjølve kampen så var 1. omgang ganske jamnspelt. Det bølga litt fram og tilbake. Veitastrond tok leiinga etter litt slurv i breimforsvaret, og då eit tilbakespel til keeper vart snappa opp. Men ikkje lenge etter redusert Breim ved Raymond Niirainen då han kom aleine gjennom på kanten. Dermed var stillinga til pause 1-1.
I 2.omgang gjekk Breim opp til 2-1 då Niirainen fekk eit gjennomspel og sette ballen bak ein bortekeeper på halvdistanse. Men Strondi skulle redusere nok ein gong, og 2-2 målet kom på ein døball. Likevel var ikkje dramaet på Byrkjelo over! Om lag tjue minutt før slutt blei den solide Breim spissen Jens Jakob Bergheim rive ned i straffefeltet. Dommaren hadde ikkje noko anna å gjere enn å gje Breim straffe og dei blå sin forsvarar sitt andre gule kort for dagen. Kim Daniel Kleppe sette straffa sikkert i mål, og til tross for sotre sjansa til Veitastrond på slutten så kunne Breim innkassere ein litt heldig 3 poengar mot Kurt Heggestad & co!
Les meir om kampen på Breim sine sider her.
Store gratulasjona til heile Breim frå hyenfotball.com! Lykke til vidare i sesongen og til neste år blir det forhåpentlegvis nabokampar mellom både Breim, Sandane og Hyen!
Kampen i kveld viser nok at gloppens beste fotballag no er på Breim og stilpusane skal få vise om dei er nummer 2 eller 3 på lista når dei møter Hyen i showkamp i slutten av juli! | |
"Fotball på gamlemåten, det er Breimsbygda det!"