hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum


Breim - Hyen 2-0


Hyen spelte årets 3. og kamp borte mot "topplaget" Breim. Det vart eit spennande lokaloppgjer på grasbana på Byrkjelo Stadion. Hyen fekk ein veldig dårlig start og låg under med 2-0 etter berre 8 minutt! Etter dette tok Hyen over kampen og kunne blant anna redusert på ei straffe. Men Breim stod imot og sikkra inn 3 nye poeng!


Publisert 29. mai 2007.

 

Dagens HIL-stjerne: Åsmund Ommedal

Foto: hyenfotball.com
Dagens HIL-stjerne gjekk til Åsmund Ommedal. Han var kampens store profil og fekk vist mykje av dei kvalitetane han har.

Sola skinte sterkt tysdag 29. mai, og det vart tidleg klart at kampen mellom Breim og Hyen ville bli ein heit affære. Hyen stilte med litt svekka mannskap, men ingen av spelarane kom til å legge noko mellom når denne toppkampen, og såkalte "6-poengskampen" skulle spelast. Det var bra med folk på stadion. 110 tilskodarar hadde møtt opp for å få med seg lokaloppgjeret, noko som ifølgje speaker var det beste på mange år. Tydelegvis er Hyen ein attraktiv motstandar.
 
Og breimningane fekk noko å juble for denne kvelden. Allereie på Breim sin første sjanse, etter 2 minutt, kom ein stor, kraftig bremning rundt på høgrekanten. Etter litt knuffing med Geir Sigurd fekk han lagt inn nærast liggande. På lengste låg den einaste breimningen i feltet og sklei inn 1-0. Ikkje lenge etter, etter ca. 8 minutt, kom den same kraftige breimningen gjennom i midten. Hyarane prøvde å gjere motstand, med det resultat at dommaren bles straffe! Øyvind Magnus gjekk feil veg på straffa og det sto 2-0 til breim. Sjokkopning!
 
Etter desse to måla roa kampen seg litt. Breim pressa fortsatt ein del, men Hyen tok meir og meir over utan å få dei heilt store sjansane. Nærmst var nok Karl Erik Utheim då han var centimeter unna å runde keeper. Breim vann dei fleste duellane, og kjempa bra på eige gras. Etter ein halvtime fall kanskje avgjerdsla. Hyen fekk straffe då Karl Erik U vart skubba i feltet. Roger er ein eminent straffeskyttar (kan ikkje hugse sist han bomma på straffe), men denne gongen gjekk keeper til rett side. Han ga likevel ein grei retur, men Roger satte den dessverre i tverrliggaren! Marginane var altså ikkje på Hyen si side. Omgangen ebba ut med 2-0 ledelse til Breim.



2. omgangen vart ikkje særleg underhaldande. Hyen pressa på, og fekk nokre gode sjansar, men klarte aldri å få hull på byllen. Breim fekk også tildelt eit nytt straffespark mot slutten av kampen, men denne gongen gjekk Øyvind Magnus rett veg og redda sikkert. Nærast for Hyen var Åsmund Ommedal med eit par flotte headingar og Frank Holme med eit skot frå 8 meter.
 
Med det endte kampen 2-0. Breim fekk den starten dei trengde, klarte å holde tett bak, og drog dermed i land ein grei siger. Hadde Hyen vore heldigare foran mål kunne alle tre poenga lett gått til bortelaget, men alt i alt var keeper på Breim tyngda på vektskåla som gjorde til at dette gjekk i Breim sin favør. I følgje keeper sjølv var dette første gongen han heldt nullen på fleire år. Vi gratulerar!



Resultat 6. divisjon avd. 3 runde 4:
Breim - Hyen 2-0
Vikane - Anga 3-2
Jølster2 - Eikefjord2 4-0


Bilder frå kampen før seriestart:

  

Live-oppdatering: Breim - Hyen
Bilde frå kampen
Referat frå Breim si heimeside

Kampfakta:

6. divisjon avd. 3
Runde 4
29. mai 2007

Breim - Hyen

 2 - 0 (2-0)

Mål:
 1-0 02. min Nils Thomas Støyva
 2-0 08. min Leif Øystein Felde (straffe)


Arena: Byrkjelo stadion
Tilskodarar: 110
Kampstart: tirsdag 29. mai 2007, kl. 19:00
Dommar : Per Olav Erikstad (Jølster)
Gule kort: Øyvind Magnus Solheim og Mats Henrik Solheim. 2 til Breim.
: Åsmund Ommedal
  : Anders Klungre
    : Øyvind Magnus Solheim

Hyen: (4-5-1):
Øyvind Magnus Solheim; Anders Ommedal, Roger Nordal, Ola Henning Ommedal, Geir Sigurd Vatnamo; Anders Klungre, Marius Hallem, Hans Otto Holme, Åsmund Ommedal, Andreas M. Kvalheim; Karl Erik Utheim.

Benken: Karl Erik Holme, Tommy Folkestad, Frank Holme og Mats Henrik Solheim.


Breim: (4-4-2):
Stian Hjelle; Geir Vie, Christian Egge, Leif Øystein Felde, Vidar Bergheim; Taric Saracevic, Bjørn Ole Aardal, Ole Johan Haugsvær, Raymond Niirainen; Jens Jakob Bergheim og Nils Thomas Støyva.

Benken: Marc Stian Stokkenes, Robert Gimmestad, Tor Åge Myklebust og Erlend Aabrekk.


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no.

 


Neste kamp:
14. august 19:00
Hyen - Eikefjord2


Siste kamp:
19. juni 19:00
Hyen - Førde4 2-1