hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Forum   Gjestebok


Anga - Hyen 5-0


Hyen reiste med optimistisk sinn til Førde fredag kveld. Laget hadde god tru på poeng, men etter ti minutt leia Anga 3-0 og kampen var i realiteten avgjort! Det virka som ein del hyespelar ikkje var heilt med når kampen begynte, og det trist å måtte innsjå at det ikkje er første gongen heller! Hyen tok over spelet i andre omgong, men ein klarte ikkje å skape allverden av sjansar og at Anga vann var fullt fortent! Stillinga til pause var 4-0!

Publisert 19. juni 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen.


Dagens Hyen-stjerne: 
Marius Hallem



Foto: hyenfotball.com
Hallem vart klar for Hyen torsdag, men ingen kunne sjå at han hadde feira den overgongen. Han leverte ein kjempe innsats og viste den innsatsen som skulle til. Hadde resten av hyelaget gjort det samme hadde stått 5-0 andre veien!

Hyen kom til Førde med seier over stilpusane samt to nye spelarar med på laget. Derfor var det naturleg nok ein optimistisk hye-gjeng som hadde "god trua"! Men å tru får ein gjere ein anna plass, for mykje håp i var det ikkje å sjå i Hyen sitt spel i denne kampen.

Anga tok raskt kommandoen, og ein såg klart alleire frå kampstart at dei var meir tente enn hyarane. Det tok heller ikkje lange tida før det første baklengsmålet kom. Etter kun to minutt fekk ein Anga-spelar gå inn heilt umarkert bak Hyens midtstoppera, og kunne enkelt sette ballen i nettet!

Berre eit drøyt minutt seinare var Hyen på nytt sløve i forsvar og ein Anga spelar kom farleg igjennom, men dommaren blåste feilaktig av for offside.

Men det skulle uansett ikkje gå meir enn eit knapt minutt før ballen på nytt satt i nota. Ein av Hyen sine midtstoppera sklir, og Tommy Veberg blir enkelt spelt i gjennom aleine mot keeper. Frå 18-meters hold gjer han ingen feil og skyt ballen under keeper!




Altså ein forferdeleg start for hyarane, men dessverre så er det ikkje første gongen ein opplever å få ein kalddusj i starten, så her har ein så absolutt noko å jobbe med. Dei påfølgjande minutta kom Hyen litt meir med, men det var mykje upresist samtidig som ein fortsatt var veldig sløve bakover. Ein hadde altfor mykje fokus på ball og ikkje mann, og markeringane var av den svært dårlege sorten! 



Hyen kom stadig litt meir med i kampen og anført av ein svært livleg Marius Hallem klarte ein og få til litt spel. Men det stoppa dessverre altfor ofte opp før det vart noko sjansar ut av det. I det 17. minutt skulle det på nytt bli Anga-mål. Stian Wie skrur ein corner fint inn i feltet, keeper prøva å bokse, men dessverre for Hyen går ballen rett i mål!



Berre to minutt etter 3-0 får Anga på nytt ein stor sjanse etter rot i Hyens bakre rekker, men Anders Ommedal får redda ballen på streken! Dei neste minutta er det ingen av laga som kjem til spesielle sjansar og det er stort sett duellar på midtbana som pregar kampen.



Etter 26 minutt får Hyen ein kjempesjanse! Anga er framme på eit angrep, samtidig som det er forsvaret deira som denne gongen er sløve. Stein Are Eimhjellen vinn ballen på 16-meteren, og på midtbana ligg Jens Robert Hope heilt aleine med nærmaste Anga-spelar fem meter i frå. Hope blir fint spelt aleine i gjennom. Han spring over heile Angas halvdel, men aleine med keeper går dessverre avslutninga rett på keeper. Der skulle det stått 3-1!



Ikkje lenge etter får Hyen på nytt ein svært liknande situasjon. men denne gongen blir ballen spelt for seint framover og Anga får rydda opp. I denne perioden fortsette Hyen å være det beste laget og ein spelte seg ofte fint framover, men når ein kom fram til 16-meteren stoppa det som regel opp!



Etter 35 minutt kunne Anga fort fått straffespark, men dei strake armane til ein Hyeforsvarar blei oversett av dagens ellers så solide og gode dommar Asgeir Ellingsund frå Eikefjord!



I det 38. minutt får Hyen ein brukbar sjanse etter corner, men headinga frå Håkon Solheim var dessverre ikkje god nok. Likevell var sjansen ei bekrefting på kampbildet, nemleg at Hyen no var det førande laget. Innsatsen hadde no auka enormt hos dei fleste hyarane, og dei hadde no fått trua på at det kunne bli poeng.



Men typisk nok når Hyen var inne i ein god periode så skulle dei få nok eit "dritmål" på overtid av første omgong. Ein relativ enkel ball klarar ein hyar å kløne til slik at den sprett opp i handa på han, og når det då og skjer innafor 16-meteren har dommaren ikkje noko anna valg enn å peika på straffemerket! Som bilda under viser så lobba Alexander Lekva ballen elegant i nettet....





Det siste som skjer i omgongen er at Marius Hallem leikar karussel med heimelagets forsvar før han spelar ballen vidare ut til Ørjan Akse som smelle ballen i ei fin bue over keeper og i tverrliggaren!



Ein svært trist omgong av Hyen. Laget var på ingen måte så veldig mykje svakare enn Anga, men ei rekke personlege feil øydela svært mykje. Spesielt hang ikkje forsvaret med og lot Anga få sleppe til altfor enkelt. Markeringssvikt var eit veldig passande ord på omgongen for Hyen sin del!



Det var uansett ingen vits å henge med haudet, og når Anga hadde klart å score fire mål i første så var det ingen grunn til at Hyen ikkje skulle klare det samme i den avsluttande omgongen. Etter pause såg ein med ein gong at Hyen no ville noko, og ein trøkka skikkeleg til frå første spark.



Men bakover var ein fortsatt ikkje heilt med og etter åtte minutt av omgongen skulle ein få svi på pungen på nytt! Først kom ei forferdeleg tversoverpasning som Anga fekk brutt, men heldigvis kom hye-keeper Hallem til unnsettning i siste liten og fekk avverga. Berre sekund seinare selgte Hyen seg på nytt fullstendig i forsvar og ein Anga spelar kom heilt i gjennom og fekk putta ballen i mål! Svært ufortent spelemessig, men ikkje når ein ser på kor sløve Hyen var i forsvar på dei aktuelle måla! 



Etter 5-0 målet gjorde Hyen tre bytter og dette såg ut til å hjelpe veldig. Dei siste 35 minutta hadde no Hyen fullstendig kontroll på kampen og skapte mykje framover. Brede Seim fekk no sin hye-debut og etter å berre ha vore på bana i to minutta fekk han ein stor sjanse.



Sjølv om Hyen no var det førande laget så sleit dei fortsatt med å skape sjansar. Ein får det til å stemme fint i 2-3 trekk, men etter det blir det som regel eit dårleg valg eller ei dårleg pasning. Dette skuldast nok mykje at laget omtrent ikkje trenar ilag, og soleis blir det altfor ofte at ein ikkje heilt veit kva ein skal gjere. Dårleg samhandling med andre ord!



Resten av omgongen virka det som Anga enten var godt fornøgd eller kanskje hadde dei gått litt tom for krefter, for spesielt framover hadde heimelaget veldig lite å by på. Men hyarane var heller ikkje veldig giftig og heimelaget hadde bra kontroll bakover.



Dei største i omgongen sjansane hadde Hyen, og bortelaget var blant anna farleg frampå ved eit par frispark. Men nok ein gong var ikkje headingane av beste kvalitet og dermed uteblei scoringane fortsatt!



Den største sjansen for Hyen i omgongen var det ein svært livleg Brede Seim som fekk. To minutt på overtid tok han med seg ballen fint inn i feltet. Avsluttninga var god, men dessverre sneik ballen seg utanfor lengste stolpe. Ei god avslutning og ein svært god debut av Seim!


Det mest positive som skjedde i Førde fredag. Brede Seim og Marius Hallem debuterte for Hyen i år. Seim fekk sin første obligatoriske hye-kamp mens Hallem spelte sin første kamp i den blå drakta sidan 2007. 

Ein grusom kamp for Hyen sin del. Spelemessig var laget godt på høgde med Anga, men når ein gjer så mange personlege feil bakover så blir det håplaust! Men alle kan ha ein dårleg dag, så no får Hyen berre skjerpe seg og legge ned god innsats på trening.

Neste kamp for Hyen er allereie på tirsdag når Hyllestad gjestar hyegrusen, så her er det berre å nullstille seg og vise seg frå ei betre side!



Ellers kan de her lese om dei siste tiders dramatiske hendingar i Gloppen!
http://firdatidend.no/nyhet.cfm?nyhetid=5649

Referat frå Anga sine sider

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål +

Mål -

Poeng

1

Sandane2

7

5

1

1

22

7

16

2

Hyllestad

7

4

1

2

22

10

13

3

Anga

7

2

4

1

16

12

10

4

Hyen

7

1

2

4

10

23

5

5

Gaular2

8

1

2

5

9

27

5

Kampfakta:

Anga - Hyen
5-0 (4-0) 
Mål:
 1-0 x3. min Stian Wie (Oddne Eterlid)
 2-0 x5. min Tommy Veberg
 3-0 17. min Stian Wie
 4-0 45. min Alexander Lekva (str)
 5-0 54. min Ole-Kristian Årnes

Fakta:

Anga - Hyen

Publikum: 3(!!!)

9. serierunde

Fredag.19..juni

kl 19:00

Arena

Dommar

Kort

Førde stadion
(krøllgras)

Asgeir Ellingsund
(Eikefjord IL)

Oddne Eterlid 
(Anga)


Marius Hallem

 

Anders Klungre

 

Åsmund Ommedal

 

Lagoppstilling Hyen
(4-5-1):
-----------
Even Hallem
-----------
Anders Ommedal
Øyvind Magnus Solheim
Ola Henning Ommedal
Ola Alexander Lilloe-Olsen
----------------
Ørjan Gjesdal
Åsmund Ommedal
Håkon Solheim
Marius Hallem
Ørjan Akse
----------------
Jens Robert Hope

----------------
Benken: 
Brede Seim, Anders Klungre og
Stein Are Eimhjellen.


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og google.