hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Anga - Hyen 1-2


Hyen spelte haustsesongens første kamp torsdag 23. august. Motstandar var førdelaget Anga. Hyen sleit i første omgang, men etter pausa viste hyarane imponerande innsats, og etter å ha snudd kampen kunne Hyen fullt fortent ta med seg 3 nye poeng og ein meget sterk bortesiger. Stillinga til pause var 1-0 til Anga. 

 
Publisert 24. august 2007.

 

Dagens HIL-stjerne: Åsmund Ommedal

Foto: hyenfotball.com
Dagens HIL-stjerne gjekk til Marius Hallem. Var mange som var gode på Hyen i denne kampen. Men Ommedal gjorde ein kjempe kamp og jobba som ein helt gjennom heile kampen. Vann mange duellar og var også den som skapte flest angrep for Hyen.

Hyen kom til Førde med eit litt redusert mannskap ettersom blant anna viktige spelarar som både Anders Klungre og Øyvind Magnus Solheim mangla. Men fotball forholda var gode. Perfekt vær og ei brukbar kunstgrasbane venta...

Hyen opna kampen litt tafatt, og Anga tok raskt kontroll over kampen. Anga kom også til enkelte bra sjansar, og dei hadde blant anna skudd i stolpen. Hyen sleit med å få etablert noko skikkelig spel og Anga fekk angripe gang på gang. Det som var det største problemet til Hyen var at ein veldig ofte fekk brudd imot når ein prøve å angripe. Dette resulterte ofte i at 4-5 hyenspelarar var på feil side av ballen når Anga kom til sine sjansar. Faktisk hadde Anga overtall fleire gongar når dei storma framover mot Hyen sitt mål.


Hyen sin taktikk før kampen. Blei den brukt???


Anga skulle også få si fortente leiing. Etter 34 minutt fekk Anga sin spelar Bjørn Williksen skyte upressa like utanfor 16-meteren, og ballen gjekk hardt og lavt inn i lengste hjørne. Før dette hadde Anga også fått annulert eit mål. Kanskje litt heldig for Hyen sin del?? Det som skjedde var at Anga tok eit kjapt frispark der ballen til slutt havna i nettet. Dommaren var imidlertid ikkje heilt fornøgd med dette då han vill stille opp muren først, og annulerte soleis målet. Det påfølgande frisparket som var eit hardt skot fekk dagens hye keeper Roger Nordal avverga.



Hyen klarte heller ikkje etter Angas mål å skape det heilt store. Jens Robert Hope hadde eit par bra avsluttningar, men altfor ofte blei det litt for mykje "fiksfakseri" når ein nærma seg mål. Skal det bli mål må ein også skyte, og særleg når ein nærmar seg 20 meter. Heilt på slutten av omgangen hadde også Anga ein ny bra mulighet, men avsluttninga gjekk i nettveggen.


Skuffa Hyen spelarar måtte innsjå i pausa at kampen første omgang var av det dårlege slaget.

At første omgang var dårleg frå Hyen si side var alle spelarane einige om i pausa, men Hyen låg kun bakpå med eit mål og det er jo noko som sjølvsagt ikkje skal være noko problem å snu på 45 minutt. Det skulle også vise seg at trenar Åsmund Ommedal skulle gjere nokon taktiske grep på linje med Mourinho i pausa. At enkelte på midtbana blei liggande for høgt blei poengtert, og det vart derfor bestemt at alle på midten i 2. omgang måtte ligge lavare. Dette for å ligge på rett side av ballen når Anga kom i angrep.

2. omgang blei blesen i gong, og Hyen viste ein langt meir aggresiv innsats frå første spark. Anga blei nok litt rysta når dei såg kva som skjedde. No var det Hyen som skapte angrep, og allerede 5 minutt ut i andre omgang skulle Hyen få si redusering. Åsmund Ommedal storma framover på bana, på omlag 20 meter passa han fint tilbake til Ola Alexander Lilloe-Olsen som sendte avgårde ein trilleball mot mål. Det skulle likevell vise seg å være nok for ballen rulla rolig og greit inn i høgre hjørne.

Målet tende Hyen ekstra medan Anga innsåg at det var bortelaget som no hadde grepet om kampen. Anga fortsette å styre det meste av spelet, men ettersom Hyen no hadde senka midtbana litt førte dette til at ein kom på rett side når Anga angreip, noko som igjen førte til at ein fekk erobra ballen gang på gang før Anga kom sopass nær mål at det var fare på ferde! Det Anga kom med var stort sett skudd frå 25 meter som gjekk 4-5 meter utanfor, og det som gjekk på mål hadde keeper Roger Nordal full kontroll på.

Hyen kjempa vidare, og den innsatsen nesten samtlege spelarar leverte utover omgang var rett og slett imponerande. Ikkje rart at det for Anga såg ut som at Hyen var godt trent for ein slik innsats Hyen leverte i 2. omgang er det nok svært lenge sidan ein har sett liknande til. Spesielt store delar av midtbana leverte her ein kjempe innsats. Dei peisa på i angrep samstundes som dei sprang det dei hadde tilbake og vann viktig duellar. 

Dagens dommar var ikkje akkurat "man of match" og han dømde ein del unødvendige frispark. Blant anna blåste han på kliss reine tacklingar og reine duellar. Han gav også Anga eit par unødvendig gule kort. Blant anna fekk ein Anga gult kort for å spele vekk ballen, då han bomma litt på ei pasning til ein Hyen spelar. Men den unge dommaren kjem seg vell med litt erfaring får vi tru.

Anga skapte som kjent ikkje det heilt farlige til tross for at dei hadde ballen mest. Dei største sjansane var det Hyen som hadde. Etter 75. minutt fekk Hyen corner på høgresida. Ballen gjekk fint inn i feltet og Marius Hallem kunne heade ballen inn 1 meter frå mål. Hyen hadde altså snudd kampen! Utover i omgangen hadde Hyen fleire gode sjansar. Hans Otto Holme med heading etter ein corner, Marius Hallem medd skudd frå 16 meter, Anders Ommedal aleine med keeper og Karl Erik Holme med ein lobb i tverligaren.

Anga pressa mot slutten med farlege avsluttningar kom dei aldri til, og 3 minutt på overtid kunne eit svært fornøgd Hyen lag høyre at dommaren blåste av kampen.


So glad blir en når ein tar 3 poeng på bortebane etter å ha levert ein strålande innsats!

Hyen leverte altså ein kjempe innsats i dagens kamp, og spesielt 2. omgang må være noko av det beste Hyen har levert iallefall i år. Når nesten samltege spring og står på og verkeleg bokstaveleg talt spring til krampa tar dei, ja då er det kjekt å spele fotball. Ein slik siger som dette seier også mykje om moralen i laget. Til tross for at ein leverer ein dårleg 1. omgang så istadenfor å gå sure skjerpar ein seg og går på bana i 2. omgang og spring motstandaren i senk. Kjempebra kara!!!

Kampens kommentar kom eit stykke ut i andre omgang då ein Anga spelar spurte dommaren kor lenge det var igjen. Mannen i svart svarte 21 minutt, men då leverte ein Anga spelar oppfølgingsspørsmålet: "Av andre omgang??" Kva han gjorde på i første omgang må gudane vite....

Hyen er no altså kun 5 poeng bak Breim på første plass og det med to kampar mindre spelt. Og i neste kamp for Hyen (7. september) er det nettopp Breim som skal få smaken grusen i Hyen. Her snakka vi om lokal/hat/topp-oppgjer. Må jo sjølvsagt ta med at Breim tapte 6-2 i sin bortekamp mot Anga. Vi gler oss.....

Referat frå Anga si heimeside

Kampfakta:

6. divisjon avd. 3
Kamp 7

Anga - Hyen
ANGA  1-2 (1-0) 


Mål:
 1-0 34. min Bjørn Williksen
 1-1 50. min Ola Alexander Lilloe-Olsen (Åsmund Ommedal)
 1-2 75. min Marius Hallem (Ola Alexander Lilloe-Olsen)


Arena: Førde Stadion Kunstgras
Tilskodarar: 25
Kampstart: torsdag 23. august 2007, kl. 19:00
Dommar : Thomas Gjertsen (Florø)
Gule kort: 3 til Anga
: Åsmund Ommedal
  : Marius Hallem
    : Anders Ommedal

Hyen: (4-5-1)
Roger Nordal; Anders Ommedal, Geir Sigurd Vatnamo, Ola Henning Ommedal, Ola Alexander Lilloe-Olsen; Geir Kjetil Aa Hope, Åsmund Ommedal, Hans Otto Holme, Marius Hallem, Andreas Morken Kvalheim; Jens Robert Hope.

Benken: Øyvind Larsen, Håkon Solheim, Karl Erik Holme og Mats Henrik Solheim.

Anga: (4-4-2)
Mads Engebø; Øyvind Oppedal, Elvedin Demirovic, Bjørn-Ole Hjørnevik, Kåre Jostein Håland; Håvard Oltedal , Kenneth Russenes, Bjørn Williksen, Thomas Vie; Hans Martin Øverkil og Marius Kile Brenne.

Benken: Neto, Villy André Engebø, Øyvind Oppedal, Bjørn-Inge Huseklepp og Morten Berge.

Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no

 


Neste kamp:
7. september 18:30
Hyen - Breim


Siste kamp:
23. august 19:00
Anga - Hyen 1-2