hyenfotball.com © 2007 • admin@hyenfotball.com

Siste nytt »

Utstyrsavtale:
30% på alle fotballsko hos Olav K. Henden AS for spelara på Hyen

Diskusjonsforum



Askvoll/Holmedal2 - Hyen 2-4


Hyen reiste vestover til havgapet og møte med Askvoll/Holmedal2  tirsdag kveld. Og ENDELIG vart det bortesiger!!! Og det i tillegg på gras!Hyen mangla ein del spelarar, og stilte med berre ein på benken, men det var nok og heimelaget måtte innsjå at Hyen var klart best og 4-2 sigeren  var fullt fortent. Stillinga til pause var 1-3.
 
Publisert 10. juni 2008.

 

Dagens HIL-stjerne: Even Hallem


Foto: eikefjord-fotball.no
Hyens nye keeper for året har hatt ein god sesong, og vist at han kjem til å bli ein veldig god keeper. I denne kampen stod han også glimrande, og 16-åringen var Hyens beste!

Hyen kom, etter ein lang køyretur, endeleg fram til Hilvang stadion og bortekamp mot Askvoll/Holmedal2. Hyen hadde ikkje tatt poeng på bortebane sidan august 2007, og det var heller ikkje den beste oppladninga før kampen då nokre av spelarane kom berre 15 minutt før kampstart. Hyen i blått og AHIL2 i grønt starta likevel kampen til oppsett tid, sjølv om berre 3 tilskodarar hadde funne vegen til Hilvang så tidleg. I 1. omgang spelte Hyen med solid motvind og sol i augene, men det skulle likevel vise seg at det ville bli ein god 1. omgang, sett med Hyen-auge.
 
Bortelaget starta kampen med eit solid press. Hyen hadde før kampen snakka om at dei skulle ligge lavt med laget, og ikkje presse AHIL2 før dei kom over midtstreken. Det lukkast dei med, og heimelaget vart til og med pressa solid bakover i store delar av første omgang. Og utteljinga kom fort. Allereie etter 8 minutt tok Hyen leiinga. Ein corner frå venstre frå Andreas M. Kvalheim havna midt i feltet, og etter litt fram og tilbake fekk AHIL2 til ei dårleg klarering som gjekk rett ut til Ørjan Gjesdal på 18 meter. Han smelte til, og ballen rulla inn nede til venstre for keeper. 1-0, og pangstart for Hyen!
 
 
Hyen fortsatte å presse. Ikkje lenge etter fekk Tommy Folkestad ei god pasning, kom rundt på høgrekanten og smelte til frå hjørnet av 16-meteren. Avslutninga gjekk like over mål! Hyen fekk også eit mål annulert, då dommaren meinte Ola Henning Ommedal var for tøff mot ein AHIL2-forsvarar, som sette ballen rett i eige mål.
 
Halvvegs ut i 1. omgang skulle imidlertid AHIL2 få ei utlikning. Etter ein corner fekk dei etter litt såkalt "klabb og babb" lagt ballen på bakerste stolpe, til venstre for Hyens gode keeper Even Hallem, og der stod ein AHIL2-spelar heilt åleine og sette ballen i mål. Hyarane ropte på offside, men målet vart godkjent, og 1-1.
 
Eit par minutt etterpå tok kaptein Åsmund Ommedal ansvar med eit mål som minna sterkt om Roy Keane si 2-1-scoring mot Juventus i 1999. Håkon Solheim kom fint fri på venstrekanten, som han hadde fått då Andreas Kvalheim måtte ut med skade. Han slo eit knallhardt innlegg som traff Åsmund Ommedal på 7 meter så vidt på pannebrasken før ballen susa inn heilt nede i lengste hjørne. "Åsmund Ommedal with a captain's goal for Hyen Idrettslag!!" 2-1, og Hyen hadde slått tilbake!
 
Plutseleg fekk Hyen masse rom bak hos AHIL2, noko som resulterte i eit fantastisk flott mål nokre minutt etter. Hyen kom i stor fart over på heimelagets banehalvdel. Mange pasningar, eit par av dei også direkte, havna etter kvart hos Tommy Folkestad på høgrekanten. Han slo direkte inn til Anders Klungre i midten, som akkurat klarte å lure offsidefella. Klungre og Roger Nordal kom åleine mot keeper, og etter ei enkel pasning kunne Nordal lett sette inn 3-1 i ope mål. Rykta etter kampen vil ha det til at både Ørjan Gjesdal og Åsmund Ommedal og Nordal var innom ballen i forspelet til scoringa. Eit flott lagmål frå Hyen!
 
 
Stein Are Eimhjellen spelte sin første kamp for Hyen på lenge, og gjorde ein veldig god figur, sjølv om han sjølv klaga litt på kondisen sin etter kamp. Han vann mange duellar, og gjorde ein overbevisande god kamp frå han kom inn for Andreas M. Kvalheim midt i 1. omgang, spesielt med tanke på at han ikkje har spelt kamp på lenge. Han klarte likevel å gjere det litt spennande bak i forsvaret, då han sleiva på eit AHIL2-innlegg frå venstre, og Hyen var berre veldig heldige med at angriparen på lengste stolpe klarte å måke ballen over mål frå 5 meter.
 
Bortsett frå målet hadde også AHIL2 ein stor sjanse på corner, der Anders Ommedal fekk redda på streken med magen! Hyen var effektive i 1. omgang, og kunne vere godt nøgde med 3-1 til pause. Håkon Solheim fekk dessutan gult kort på det som må karakteriserast som uforståeleg vis, og må stå over mot Florø3 neste tysdag.
 
 
2. omgangen starta også bra for Hyen. Roger Nordal viste med ein gong kva han ville i angrep, då han lekkert finta seg forbi to spelarar i AHIL2-forsvaret, og hadde berre ein igjen, men han vart dessverre avblåst! Ein av fleire uforståelege avblåsningar i kampen. Like etterpå kunne likevel Nordal juble. Ørjan Gjesdal kasta eit langt innkast frå høgre, som Nordal tok med seg inn i 16-meteren. Skotet var absolutt ikkje av dei bedre han har hatt, men ballen rulla innover og lurte seg inn rett til høgre for ein fortumla AHIL2-keeper. 4-1!!
 
Bortsett frå målet vart ikkje 2. omgang noko stor forestilling frå Hyen si side. Laget låg lavt for å trygge ledelsen, og satsa på kontringar. Ørjan Gjesdal hadde eit fint skot som rulla like til venstre for mål, men bortsett frå det var det lite å skrive om angrepsmessig, bortsett frå at Gjesdal nok ein gong viste fleire gonger at han kan å gå med ball. Andreas M. Kvalheim var dessverre prega av skaden sin i 1. omgang, då han måtte innpå når Tommy Folkestad måtte ut i pausen.
 
 
Halvvegs ut i 2. omgang glapp Anders Klungre si markering på ein AHIL2-stoppar på corner, som heada solid inn 4-2. Etter dette var AHIL2 stadig frampå med nokre halvsjansar, men bortelaget klarte å ligge kompakt og forhindre dei i å skape for mykje. Nærmast 4-3 var nok AHIL2 då ein spelar fekk skutt knallhardt nede til høgre for Even Hallem frå like utanfor 16-meteren ca. ti minutt før slutt, men Hallem var superraskt nede og holdt ballen! Matchvinnar-redning av den unge keeperen!!
 
Nærmare kom ikkje AHIL2. Ein av deira beste spelarar, linjemannen frå 1. omgang, var oppgitt på dommaren og uttalte: "Nei, no gidd eg altså ikkje meir! No kan eg berre bli bytta ut!!" Sjølv om han ikkje vart bytta ut, vart det ikkje meir mål, og Hyen kunne feire sin første bortesiger på lenge!!!

Neste kamp for Hyen er heime mot Florø3 tirsdag 17. juni klokka 19:00.


Resultat 5. serierunde 6. div. avd. 2:
Florø3 - Sandane2 3-2 - Ref. FSK - Ref. STIL
Gaular2 - Tambarskjelvar 3-5 - Ref. Gaular - Ref. Tambar

Plass

Lag

Kampar

Vunne

Uavgjort

Tap

Mål

Poeng

1

 Florø3

6

5

1

0

26

9

16

2

 Tambarskjelvar

6

4

1

1

14

13

13

3

 Hyen

6

3

0

3

15

19

9

4

 Sandane2

6

2

1

3

11

11

7

5

 Askvoll/Holmedal2

6

0

3

3

6

11

3

6

 Gaular2

6

0

2

4

9

18

2

Bilde frå kampen
Film frå kampen
Referat frå Askvoll/Holmedal si heimeside 

Kampfakta:

6. divisjon avd. 2
Runde 6

Askvoll/Holmedal2 - Hyen

  2 - 4 (1-3) 

Mål:
 0-1 08. min Ørjan Gjesdal 
 1-1 25. min Tor Erik Selvik
 1-2 27. min Åsmund Ommedal (Håkon Solheim)
 1-3 35. min Roger Nordal (Anders Klungre)
 1-4 50. min Roger Nordal (Ørjan Gjesdal)
 2-4 71. min Jan Erlend Haugen

Arena: Hilvang Stadion
Tilskodarar: 15
Kampstart: tirsdag 10. juni 2008, kl. 19:00
Dommar : Sureskumar Kathiravel (Eid) 
Gule kort: Håkon Solheim

Hyens beste:

Even Hallem

Ørjan Gjesdal

Ola Henning Ommedal

Lagoppstilling (4-5-1):

Even Arne Hallem; Håkon Solheim, Hans Otto Holme, Ola Henning Ommedal, Anders Ommedal; Andreas M. Kvalheim, Ørjan Gjesdal, Åsmund Ommedal, Anders Klungre, Tommy Folkestad; Roger Nordal.

Benken: Stein Are Eimhjellen.


Symbol og hjelpelinjer er henta frå fjora.no og firda.no