MENY
Startside
Nyhetsarkiv
Treningstider

Spelarstall

Sesongen

Hyen-Lupa

Statistikk

Historie

Adelskalender

Linkar


DISKUSJON

Diskusjonsforum

Gjestebok


TILHENGER

Følg Hyen Fotball på FB!


6. DIVISJON 2010
For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane.
Les meir »

KUNSTGRAS I HYEN?
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen.
Les meir »


Oppsettet er klart: Hyen blir værande i Nordfjord i 2010!
Vi har synsa ei god stund no på korleis årets 6. divisjon vil bli sjåande ut, men no er det altså endeleg klart. Hyen kjem i ei avdeling med seks lag der alle kjem frå Nordfjord. Laga er: Flatraket, Haugen, Oppstryn, Stryn2 og Vikane. Det betyr altså at det etter all sannsynlighet blir spelt trippel serie som vil sei 15 kampar. Stryn2 er eit lag Hyen aldri har spelt mot, mens Haugen kun har vore motstandar i treningskampar. Flatraket og Hyen var i samme avdeling i 1997 og 1998, mens Oppstryn var motstandar i 5. divisjon i 2005.

Publisert 5. februar 2010 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. Oppdatert 8. februar 2010.

Så lenge kretsen bestemte seg for å gå for tre avdelingar så er dette oppsettet akkurat som forventa. Sportsleg er det liten tvil om at det blir ei stor utfordring for Hyen, men det er også spennande å møte nye lag, og reisemessig er også avstandane overkomelige.

 

 

Det er påmeldt 17 lag til 6. divisjon i 2010. Nye lag er: Ahil2, Tempo, Svelgen og Vikane. I tillegg kjem Florø2 og Tambarskjelvar ned frå 5. divisjon.

Som ein ser under så blir det altså og ei rein Sunnfjord avdeling og ei rein Sogneavdeling. Påmeldinga i Sogn var lenge svært dårleg, men plutseleg dukka det eine laget opp etter det andre og til slutt blei det altså fem lag. Sist inn på lista er laget Studentspretten, som navnet tilseier eit lag for Sogndals-studentar. Dette er eit lag som aldri har vore med i divisjonssystemet i SFFK før, men veldig positivt at det no blir eit bredde tilbud til sogndølingane.

Uansett så er dette eit oppsett samtlege lag bør være fornøgde med, og så lenge kretsen fastheld på å ha tre avdelingar så la no eigentleg kabalen seg sjølv.

6. divisjon 2010:

Avdeling 1
Aurland
Sogndal3
Studentspretten
Syril2
Vik2
Avdeling 2
Anga
Askvoll/Holmedal2
Florø2
Gaular2
Hyllestad
Tambarskjelvar
Tempo
Svelgen
Avdeling 3
Flatraket

Haugen

Hyen
Oppstryn
Stryn2
Vikane

 


hyenfotball.com er utviklet av Ola Alexander Lilloe-Olsen

© hyenfotball.com. admin@hyenfotball.com. Ansvarlig redaktør: Ola Alexander Lilloe-Olsen
Innhold kan ikke gjengis uten kildehenvisning til hyenfotball.com.