|
Ettersom Vikane likevell stiller lag i 5. divisjon kan ein ein gong for alle fastslå at Hyen blir å finne i 6. divisjon i 2008. Dette er nok også like greit for Hyen ettersom eit fleirtall av spelargruppa ønska å spele i 6. divisjon.
I følgje haugenfotball.no stiller følgjande lag i 6. divisjon 2008:
Anga Aurland/Lærdal 2 Balestrand Flatraket Førde 4 Gaular 2 Haugen Heia Hyen Loen Sandane 2 Selje 2 Skavøypoll 2 Sogndal 3 Stadlandet Stryn 2 Tambarskjelvar
Her ser ein at det er totalt 17 lag i årets 6. divisjon. Nokre nye lag mens det også er ein del lag som var med i 2007 som ikkje stiller i år.
Av nye lag så har ein Gaular2, Loen, Sandane2, Stryn2 og Tamabarskjelvar. Bra av Gaular å stille med 2 lag, men at Sandane2 og Stryn2 har andre lag skulle vell eigentleg berre mangle! Er ikkje mange år sidan Loen var nær eit opprykk til 3. divisjon, så dei vil nok utan tvil bli ein opprykksfavoritt uansett avdeling.
Laga som ein savnar frå i fjor er Askvoll/Holmedal2, Eikefjord2, Florø3, Hyllestad, Norane, Svelgen og Veten/Hardbagg. Kan sjølvsagt være at nokre av disse laga likevell stiller ettersom det kan ha vore litt rot med påmelding. Brukar vell å være slik kver sesong at det dukkar opp lag etter at fristen er gått ut....
At Eikefjord2 ikkje stiller er ein naturleg konsekvens av at A-laget deira har slete med få spelarar også, og ettersom Eikefjord2 ikkje akkurat kan kallast den største poengsamlaren er det naturleg at dei ikkje stiller lag når dei beste spelarane blir oppgradert.
Av laga som stiller i år er heile 10 frå nordfjord, medan det er 4 sunnfjordlag og berre 3 sognelag. Dette gjer at kretsen får ei utfordring når det gjeld serieoppsett. 6. divisjon skal bety lokalkampar og begrensa reiseavstand men samstundes vil det være håplaust å skulle spele i ei avdeling med berre 3 lag.
Det store spørsmålet no blir jo kva lag Hyen vil møte. Geografisk sett ligg jo Hyen midt i fylket, og soleis kan ein bli dytta både mot sunnfjord og nordfjord. Med tanke på at det er eit høgt antall nordfjordlag vil nok Hyen garantert komme i "sunnfjord avdelinga".
Slik trur vi avdelingane i 6. divisjon 2008 blir sjåande ut:
|
Avdeling 1 Aurland/Lærdal 2 Balestrand Gaular 2 Sogndal 3 |
Avdeling 2 Anga Førde 4 Hyen Loen Sandane 2 Tambarskjelvar |
Avdeling 3 Flatraket Haugen Heia Selje 2 Skavøypoll 2 Stadlandet Stryn 2 |
Slik vi ser det kan ein ikkje ha ei gruppe med berre 3 lag. Det betyr at sognelaga må få minst ein motstandar til. Geografisk sett så tyder det på at det vil være Gaular2 som får den æra. Men når då Gaular2 møter Aurland vil det bety ei reise på 190km og 3 timar!!
Om avdeling 2 blir slik vil det bli ei avdeling som geografisk sett blir veldig lik slik avdelinga var i 2007. Loen istadenfor Vikane, Sandane2 istadenfor Breim og Tambarskjelvar istadenfor Eikefjord2.
Avdeling 3 vil bli akkurat slik den var ifjor med unntak av at Oppstryn og TMFK2 har rykka opp og at Stryn2 stiller lag istadenfor Veten/Hardbagg.
Blir uansett spennande å sjå kva som blir dei endelege avdelingane som SFFK sett opp!
Har ein meiningar om disse avdelingane så er forumet ein glimrande plass å diskutere dette på! |