MENY
Startside
Nyhetsarkiv
Treningstider

Spelarstall

Sesongen

Hyen-Lupa

Statistikk

Historie

Adelskalender

Linkar


DISKUSJON

Diskusjonsforum

Gjestebok


TILHENGER

Følg Hyen Fotball på FB!


6. DIVISJON 2010
For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane.
Les meir »

KUNSTGRAS I HYEN?
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen.
Les meir »


Nyhetsarkiv mai 2009

Hyllestad - Hyen 8-1! »

Det var klart for eit historisk oppgjer då Hyllestad og Hyen møttes for første gong i senior-fotball samanheng fredag kveld. Hyen tok turen til ytre sogn med kun 12 spelarar og då venta ein sjølvsagt at dette kom til å bli ein svært tøff kamp! Oppsumeringa får bli at det var eit nydeleg vær, ein fine plass, eit bra publikum, men ein forferdeleg kamp for Hyen sin del! Åsmund Ommedal blei utvist etter 29 minutt og det var starten på ein svært svart hye-kveld i Hyllestad. Stillinga til pause var 2-1!

Les hele saken! (Publisert 29. mai 2009)

Prematch: Hyllestad-Hyen! »

Det er no nesten to veker sidan forrige Hyen-kamp og det er derfor på høg tid at det blir ein ny kamp på laget når dei tek turen til Hyllestad fredag. Men om det har vore ein roleg start på sesongen so langt så brakar det verkeleg laust no! Denne kampen er starten på ei hektisk fotball tid for hyarane der det ventar seks kampar iløpet av den komande måneden! Samtidig er dette også eit historisk oppgjer ettersom laga aldri har spelt mot kverandre før i seniorsamanheng. Kampstart i det spådde solskinnet på Hyllestad idrettsanlegg er 19:00! 

Les hele saken! (Publisert 28. mai 2009)

Gaular2-trenar trakk seg etter 1-12 tap! »

Tirsdag kveld var det full runde i 6. divisjon avdeling 2 noko som vil seie heile to oppgjer!!

Sandane2 imponerte stort med å knuse Gaular2 med heile 12-1 på bortebane!!! Då laga møtest i Gloppen for en drøy månad endte det med knap 2-1 seier til STIL2, så kva som har skjedd denne gongen er vi spente på! Referat frå kampen kjem på STIL sine sider iløpet av dagen. Uansett eit forferdeleg resultat for Gaular2 og det heile endte med at lagets trenar gjekk av med umiddelbar virkning om vi kan tru det som står i gjesteboka til Gaular! Verkar som eit litt drastisk tiltak i 6. divisjon så det blir interessant å sjå om det kjem noko meir info frå Gaular-hold når det gjeld denne saka!

Anga tok turen til Hyllestad og spelte for fjerde kamp på rad uavgjort då det blei 2-2 på kunstgraset i ytre Sogn! Nok ein gong glapp alle dei tre poenga for Anga i sluttminutta. To ganske motstridande kampreferat kan du lese på Anga sine sider og "bloggen" til Hyllestad.

Med disse resultata har det ikkje blitt noko spesielle endringar på tabellen bortsett frå at Sandane2 no har fått ei skikkelig luke. Hyen har berre spelt tre kampar, og når det no ventar to kampar på fem dagar har laget gode muligheta til å ta eit godt byks oppover på tabellen samtidig som ein tettar avstanden opp til stilpusane!

Publisert 26. mai 2009

Anga lite imponert over hyegrusen! »

Som hyar har ein mykje å være stolt av, men fotballbana ja den høyrer ikkje med til den kategorien! Av alle lag som stiller med seniorlag i divisjonsystemet i fylket er det no berre Hyen og Veten/Hardbagg som kun har grusbane! 

Anga var tirsdag kveld på tur til Hyen for å spele kamp, og som så mange andre lag før så var heller ikkje dei særleg imponert over baneforholda i Hyen!  Her er noko av det dei skriv om hyegrusen: "Det viste seg tidlig at det skulle bli en tøff kamp, på ei fortsatt meget dårlig fotballbane." "Grunnet dårlige baneforhold vart det mykje ball i lufta." "Ønsker å avslutte med å sei at samtlige Angaspelarar ser fram til den dagen Hyen kan invitere oss på opning av ny bane ;)" Les Anga sitt referat frå kampen her!

Ein kritikk vi er fullstendig einig i, og forhåpentlegvis er dette noko som også dei som sit med makta snart innser og aktar å gjere noko med det! Og då snakkar vi ikkje om "over ein ti-års periode"! Men vi lever fortsatt i håpet og kanskje ein vakker dag så kan vi ønskje Anga velkommen til ei bane som det går ann å spele fotball på og ikkje berre sparke fotball på!

Publisert 13. mai 2009

Hyen - Anga 4-4! »