MENY
Startside
Nyhetsarkiv
Treningstider

Spelarstall

Sesongen

Hyen-Lupa

Statistikk

Historie

Adelskalender

Linkar


DISKUSJON

Diskusjonsforum

Gjestebok


TILHENGER

Følg Hyen Fotball på FB!


6. DIVISJON 2010
For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane.
Les meir »

KUNSTGRAS I HYEN?
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen.
Les meir »


Nyhetsarkiv juli - august 2009

 

Bli tilhenger av Hyen Fotball på Facebook »

Supermodella, kjendisa, artista og kjedelige politikarar har det, så kvifor skal ikkje det gå ann å være tilhenger av Hyen Fotball på facebook!? Det har vi nemleg gjort noko med no så då oppfordra vi alle som har hjertet sitt i blått og kvitt til å bli fan. Her vil det bli lagt ut kjappe updates på blant anna resultat frå kampane, men og kver gong det blir lagt ut noko stoff på denne sida som har med Hyen sitt lag å gjere. Klikk her for å komme til Hyen Fotball sine face-sider...

Publisert 31. august 2009


Prematch: Hyllestad - Hyen »

6. divisjon avdeling 2 har utvikla seg til å bli ei svært jamn batalje og før femtande serierunde er heile fire av fem lag med i kampen om avdelingssiger og opprykk. Hyllestad er sånn det ser ut no den største favoritten til å vinne avdelinga, og dermed blir dette altså ein svært viktig kamp for Hyen om ein ønskjer å halde liv i draumen om 5. divisjon i 2010!

Les heile saken! (Publisert 31. august 2009)


Hyen - Anga flytta.... »

Kampen mellom Hyen og Anga som opprinneleg skulle blitt spelt fredag 28. august er blitt flytta som ein konsekvens av at Anga ikkje kan stille lag den aktuelle datoen.

Nytt kamptidspunkt blir søndag 6. september klokka 14:00. Så då er det berre for alle fotballgale hyara til å gjere seg klar for ei veke i fotballens teikn! Hyen skal nemleg spele to heimekampar helga etter, noko som altså betyr at det blir tre heimekampar for Hyen på ei veke!

Publisert 26. august 2009


Hyllestad tapte to poeng! »

Tirsdag betyr 6. divisjonsfotball og på nytt har lag frå 6. divisjon avdeling 2 vore i aksjon. Denne tirsdagen var det berre eit oppgjer ettersom kampen Hyen-Anga har seinare dato.

Hyllestad tok turen til Osen stadion og møte med Gaular2. Kampen endte i eit skikkeleg målshow med 4-4 som sluttresultat. Kanskje eit litt uventa resultat ettersom Gaular2 har vist veldig svak form med tap i dei siste fem kampane. Men for dei tre andre laga i avdelinga er det udelt positivt at Hyllestad ikkje fekk med seg full pott i kampen om opprykk! Og om sesonginnspurten i avdelinga har sett spennande ut til no så har det ikkje blitt mindre interessant med resultatet i denne kampen!

Kampen mellom Hyen og Anga som opprinneleg skulle blitt spelt fredag 28. august blir flytta ettersom Anga ikkje kan stille lag den aktuelle dagen. Vi kjem tilbake med ny kampdato onsdag.

Publisert 25. august 2009


Høgdepunkt frå Tornado Måløy - Sogndal2! »