| DISKUSJON |
|

|
|
|
|
 6. DIVISJON 2010 For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane. Les meir » |
|
 KUNSTGRAS I HYEN? At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen. Les meir » |
|
|
Kunstgras i Hyen??? |
At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Vi vil faktisk gje Hyen sentralidrettsanlegg ein nest siste plass så vidt framfor Ålandsleite på nordsida i Stryn. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen. Fredag 9. januar var også temaet på agendaen då Hyen idrettslag hadde årsmøte! Merk at denne artikkelen, som alt anna på denne sida ikkje har noko med Hyen IL sine synspunkt å gjere!! |
|
| Publisert 9. januar 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. | |
|
Når det skal oppgraderast til kunstgras rundt omkring i vårt vidstrakte land så er det først og fremst ein ting som blir det store spørsmåls/utrops-tegnet, nemleg prisen. Vil ei ny bane gjere id
|
 foto: nrk.no/sfj Er nokre år sidan det såg slik ut i Hyen, men idrettsanlegget i bygda har kun blitt oppjustert skikkelig ein gong sidan.
| rettslaget til gjeldsslave, og bety at ein må selge lodd og plukke flaske i fleire tiår framover!? I enkelte tilfelle vil nok konklusjonen være delvis ja, men i Hyen så vil det etter vårt skjønn bli eit rungande nei på dette spørsmålet!
Dette skuldast i all hovedsak at Gloppen kommune signaliserer klart å tydeleg at dei stiller seg veldig postive til eit nytt banedekke i Hyen då dei har satt av 2 mill. NOK til opprustning av anlegget i Hyen i den nye økonomplanen som gjelde for dei komande fire år.
Nytt kunstgras i Hyen betyr også nytt dekke på "løpebana". Det er vi også veldig positive til. Det vil først og fremst føre til at både friidrettsmljøet og fotballmiljøet får tilfredsstilt sine behov, samt at ein vil få eit veldig flott anlegg estetisk sett. Uansett så er det ny kunstgrasbane som opptar oss mest, og budsjettet under dreier seg kun om kunstgras. Postane i budsjettet blir kommentert lenger ned i artikkelen.

Dette er altså det budsjettet hyenfotball.com har regna seg fram til etter å ha studert "Kunstgrasboka" samt sett litt på kva andre lag har gjort. Disse tala må sjølvsagt takast "med ei stor klype salt" då det heile tida kan komme uforutsette kostnader, men likevel trur vi det må være nogelunde i nærheten av kva som blir dei reelle tala.
Dei to første postane er og av dei som det er vanskelegast å sei noko
|
 Hyen har utvilsomt ei bane som ligg idyllisk til, men tenk kor mykje finare heile anlegget hadde blitt med kunstgras og fast dekke på "løpebana".
| om, ettersom det på eit tidleg tidspunkt er veldig uavklart kva som må bli gjort ettersom ein har ei eksisterande grusbane. Samtidig er det logisk at grunnarbeidet med kunstgrasbana og løpebana sklir mykje i kverandre. Når det gjeld fiberduk og forsterkningsgrunnlag så kan det muligens droppast til ei viss grad ettersom kunstgraset skal leggast på ei allerede eksisterenade bane. Dei andre m2 prisane er muligens litt for lave ettersom disse tala som er henta frå "kunstgrasboka" etter det vi kan sjå ikkje er oppdatert sidan 2003.
Eit poeng er likevell at grunnarbeidet sannsylegvis vil bli utført av ein lokal entrepenør og då er det nok gode sjansar for oppnå ei god avtale her.
Sjølve kunstgrasdekket kan ikkje være større enn 90 x 54 meter for å ikkje komme i konflikt med "løpebana", og fordi oppbygginga under sjølve kunsgraset må også være to meter lenger både i breida og lengda. Rundt kunstgraset må det i utgongspunktet leggast ein asfaltkant som skal være to meter brei heile vegen. Men ettersom det skal leggast tartandekke rundt bana uansett så er ikkje dette nødvendig. Likevell så må det leggast asfalt under sjølve løpebana, men den kostnaden blir då heller ikkje naturleg å ta med i kunstgras-samanheng.
|
 foto: hyen.com Eit slikt landskap fortener noko anna enn ein sandduge midt i smørauget!
|
Totalprisen blir etter vårt overslag ca. 3,25 mill. NOK. Kostnadan kan nok bli høgare, men det kan og være punkt som fell vekk. Blant anna er spørsmålstegn "Forsterkningslag" som utgjer 340 000.
Men det som er spennande med ei bane i Hyen er finansieringa. Ein kan få 33% dekka av tippemidla opp til maks 1 mill. NOK. Vidare har Sparebanken Sogn og Fjordane eit kunstgrasprosjekt der det er naturleg å tru samanlikna med andre prosjekt, at ein vil få ca. 10% støtte frå. Gullkortet for mange idrettslag på vestlandet er det likevell Trond Mohn som delar ut!
Alt det den mannen har gjort for idretten på vestlandet kan ein ikkje få fullrost. For Hyen sin del er det sjølvsagt lov å håpe at vi også skal være så heldige å få eit bidrag frå den kanten. I Naustdal fekk dei 500 000, og i Svelgen heile 2 mill. NOK. Gjensidige er også ein organisasjon det bør være godt håp om å få hjelp av, og samanlikna med andre som har fått støtte frå dei, så er 5% eit nøkternt tal.
Ei eventuell kunstgras-utbygging vil føre til at Gloppen kommune vil stå som byggherre, noko dei garantert vil være positive til. Det vil igjen føre til at prosjektet vil oppnå full moms-refusjon.
Dei totale kostnadane ein då vil stå igjen med er 482 000, noko som altså kun vil utgjere 15% av den totale kostnaden. Som vi har vært inne på har altså kommunen satt av 2 mill. NOK, og derfor vil dette då naturlegvis være en kostnad Gloppen kommune tar. Ergo Hyen får ei kunstgrasbane uten at det kostar idrettslaget ei krone i kontantar.
Det stor MENet her er sjølvsagt sponsing og dugnadstimar. Å skaffe 1 million er sjølvsagt ei stor utfordring, men umulig er det nok ikkje.
|
 Ved nedbør blir idrettsplassen fort eit einaste "gjørmehøl", og regn er det noko ein har nok av i Hyen! Bildet er henta frå kampen Hyen-Sandane2 20. juni 2008.
|
Er vell nokre som no tenkjer at dette er urealistiske tal, men her finn du ein artikkel om eit idrettslag som med mykje mindre bidrag frå kommunen fekk ei kunstgrasbane ved å berre betale litt over 100 000 i kontantar!
Som nemt er det slik at skal det byggast kunstgras, så skal det også leggast fast dekke på "løpebana". Kostnadane ved dette har vi ikkje noko formeining om, men banenemda til HIL har følgjande tal: Fast dekke ca.: 1,3 mill. NOK Tippemidlar på dette: 33% = 433 000 NOK
Det betyr altså at ein her står igjen med 867 000 i kostnader. Viss ein då isolert ser vekk frå at ein kan få dekka mykje av dette i sponsing så betyr det at kostnaden anslagsvis for Gloppen kommune å oppgradere heile anlegget i Hyen då blir ca. 1,7 mill NOK. (Og då uten ei krone i kontantar frå Hyen IL.)
Skal det bli kunstgras må ein finne eit nytt område der friidrettsgruppa kan drive med sine "kastøvelsar". (Banenemda til HIL har funne eit område som kan være aktuelt.) Det betyr altså at ein har 300 000 til å bruke på dette.

Kunstgrasbana på Sandane er ei av landets beste, kan vi få til ei slik i litt mindre utgåve i Hyen?? JA VISS VI VIL!!!!!
Svelgen Stadion har iløpet av hausten 2009 fått eit fantas
|

 Begge foto: Frank Ryland
| tisk anlegg. Det er difor naturleg å tru at HIL vil bruke denne bana som mal då det her er snakk om eit ganske så identisk anlegg som er planen å få til i Hyen.
Heile anlegget i Svelgen kosta 7 millionar, men her er det snakk om eit anlegg som både har undervarme og nytt lysanlegg samtidig som det er eit mykje større anlegg enn kva som er muleg å få til i Hyen.
Ein ny skikkelig "synseartikkel" det her, men håpar at den kan bidra til at folk verkeleg ser kva kostnadar ein snakkar om. Og altså så er dette noko ein så absolutt bør få til. Og avsluttningsvis så nemne vi at frå første spadetak blei gjort på Sandane til dei hadde ei fantastisk fin kunstgrasbane så tok det ikkje meir enn 3 månader!
Vi tar store forbehold om at denne artikkelen inneheld feil, og derfor er det supert om vi blir gjort oppmerksom på det enten via gjesteboka eller ein mail til admin@hyenfotball.com |
![]() |
|