| DISKUSJON |
|

|
|
|
|
 6. DIVISJON 2010 For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane. Les meir » |
|
 KUNSTGRAS I HYEN? At Hyen har ei av dei dårlegaste fotballbanene i heile fylket er det ingen som kan være uenig i. Dette har naturlegvis ført til at enkelte meina at tida no er inne for grønt dekke også i Hyen. Les meir » |
|
| Blir det Nordfjord-avdeling på Hyen i 2010?? |
| Ein lang fotballsesong er no over og då er vell strengt talt på tide å la fotball være fotball for ei stund og spekulere i andre ting. Men vi går ikkje i dvale med det første og synest derfor at det er på tide å sjå framover på kva som skal skje til neste sesong. For Hyen sin del så blir det ingen forandringar divisjonsmessig, men det er mykje som tyder på at det både kan bli mange nye motstandarar og ei heilt ny avdeling for hyarane. |
|
| Publisert 12. oktober 2009 av Ola Alexander Lilloe-Olsen. Oppdatert 4. februar 2010 | |
Etter at SFFK la ned 7. divisjon og la om til fire 6. divisjonsavdelingar i 1999 har Hyen spelt i ei avdeling som stort sett har bestått av laga frå d et "sentrale Sogn og Fjordane". Når det i 2008 blei kutta ned til tre avdelingar i 6. divisjon så har Hyen spelt avdeling 2 som kan kallast Sunnfjord avdelinga. Dette har eigentleg vore ganske opplagt då dette har gitt den beste fordelinga av lag samtidig som kjøreavstanden også har vore så god som den har kunna.
Denne sesongen har det gått litt trått for nokre av sunnfjordlaga i 5. divisjon. Men ettersom Førde rykka opp til 2. divisjon så vil det være to lag frå Sunnfjord som rykke ned, samtidig som ingen lag frå samme område rykke opp frå jumbodivisjonen. Samtidig er det klart at Svelgen kjem til å stille senior-lag neste sesong. I Nordfjord har det minka på 6. dividjonslag, og dersom det ikkje dukkar opp nye lag til neste år er det svært naturleg å tru at Hyen blir plassert i 6. divisjon avdeling 3 i 2010.
Det er påmeldt 17 lag til 6. divisjon i 2010. Nye lag er: Ahil2, Tempo, Svelgen og Vikane. I tillegg kjem Florø2 og Tambarskjelvar ned frå 5. divisjon.
Problemet som ein ser under er at det berre er påmeldt tre lag frå Sogn, og då seier det seg sjølv at det blir svært vanskeleg å skulle ha ei eige avdeling for disse laga. Dermed tyder nok alt på at det berre blir to avdelingar i 6. divisjon i år.
Påmeldte lag 6. divisjon 2010:
| Sogn |
| Sogndal3 |
| Syril2 |
| Vik2 | |
| Sunnfjord |
| Anga |
| Askvoll/Holmedal2 |
| Florø2 |
| Gaular2 |
| Hyllestad |
| Tambarskjelvar |
| Tempo |
| Svelgen | |
| Nordfjord |
| Flatraket |
|
Haugen |
| Hyen |
| Oppstryn |
| Stryn2 |
| Vikane | |
Sannsynlege avdelingar:
| 6. divisjon avdeling 1 |
| Flatraket |
| Florø2 |
| Haugen |
| Hyen |
| Oppstryn |
| Tempo |
| Stryn2 |
| Svelgen |
| Vikane | |
| 6. divisjon avdeling 2 |
| Anga |
| Askvoll/Holmedal2 |
| Gaular2 |
| Hyllestad |
| Sogndal3 |
| Syril2 |
| Tambarskjelvar |
| Vik2 | |
|
Er vanskeleg å sei kva SFFK kjem til å gjere, men om det berre blir to avdelingar er det nok mest nærliggande å tru at det vil bli sjåande ut noko i nærheten av oppsettet over. Det vil i so fall bety at Hyen kjem i ei avdeling med 9 lag noko som heilt klart er veldig spennande i forhold til i fjor då laget spelte kvadruppel serie.
Det endelege oppsettet blir klart enten i slutten av denne veka eller tidleg i neste veke.
Opprykk er kanskje ikkje så viktig for Hyen i 2010, då det er mykje som tider på at det blir gjort store serieendringar noko som svært sannsynleg vil føre til at fleire naboar av Hyen vil rykke ned i 6. divisjon og soleis vil Hyen kunne komme i ei veldig interessant 6. divisjons avdeling i 2011.
Oppsett 5. divisjon 2010:
| 5. divisjon avdeling 1 |
| Balestrand |
| Bjørn |
| Dale2 |
| Førde3 |
| Hafslo |
| Jølster2 |
| Kaupanger2 |
| Vadheim/Høyang2 | |
| 5. divisjon avdeling 2 |
| Breimsbygda |
| Bremanger |
| Eid2 |
| Hornindal |
| Loen |
| Sandane2 |
| Stadlandet |
| Tornado Måløy2 | | |
![]() |
|